Historisk arkiv

Utviklingsarbeid, forsking, kvalitet og marknad – og finanskrisa!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksens tale på Fiskerikonferansen i Båtsfjord 19. februar 2009.

Aller først vil eg takke for invitasjonen. Statsråden helsar og er lei seg for at ho ikkje hadde høve til å delta her i dag. Samtidig har det gitt meg eit høve til å besøkje Aust-Finnmark, noko er gjer med glede.

I invitasjonen er departementet bedt om å kommentere fire ulike tema: utviklingsarbeid, forsking, kvalitet og marknad.

Eg skal sjølvsagt ta for meg desse fire punkta, og eg vil informere litt om det utvida tilbodet i Det marine verdiskapingsprogrammet. Men, eg kan ikkje vere i eit viktig og tradisjonsrikt fiskeriområde utan å ta opp eit dagsaktuelt tema som pregar oss alle, og som vil gjere det i lang tid framover. Eg tenkjer sjølvsagt på finanskrisa og regjeringas tiltak for å bøte på krisa sine skadeverknader, for samfunn og næringsliv generelt og for fiskerinæringa spesielt. Dette kjem eg tilbake til avslutingsvis. Og heilt til sist vil eg kort ta opp ei anna sak – nedlegging av bunkersanlegg langs kysten. 

Forsking
Noreg er ein betydeleg havnasjon og vi har svært lange tradisjonar i å bruke havet både som transportåre og til å hauste av. Alt som skjer i - og med - havet vil på ein eller annan måte påverke oss.

Derfor er det så viktig å ha inngåande kunnskap om dei forskjellige komponentane som styrer utviklinga i havet. Ikkje minst vert dette viktig no når vi ser kor sårbart havet er for klimaendringar og forureining. Vi treng kunnskap om alle ledd. Difor må marin forsking famne vidt.

Fiskeri- og kystdepartementet vert karakterisert på så mange ulike vis  – alt etter augo som ser. Nokon legg vekt på næringsutviklingsarbeidet, andre på at departementet har eit ansvar for berekraftig ressursforvaltning og miljø i ein vid forstand, medan atter andre ser det som eit matdepartement.

Uansett innfallsvinkel vil forskinga liggje der som ei kjelde til kunnskap for forvaltning, næring og samfunn. Ein kan altså med rette også karakterisere Fiskeri- og kystdepartement som eit forskingsdepartement. 

Forsking er ein svært viktig del av budsjettet til Fiskeri- og kystdepartementet - i 2009 går i underkant av 40 prosent av budsjettet til forsking og utvikling!
Vårt hovudmål er at Noreg skal ha ein internasjonalt leiande posisjon innan marin forsking og innovasjon. Vi treng både grunnforsking og bruksretta forsking.

Kvalitet
Regjeringa sin ferskfiskstrategi vart fremma i august 2007 og ei av hovudprioriteringane er arbeidet med kvalitet. Målet er at all fisk ved landing bør vere av ein slik kvalitet at landindustrien fritt kan velje produksjons- og bearbeidingsmåte. Det er sett i gang ei rekkje tiltak med vekt på kvalitetsarbeidet.

Den 1. oktober i fjor gjekk startskotet for Mattilsynets ferskfiskkampanje. Gjennom denne kampanjen, som vil vare fram til 1. april i år, har Mattilsynet eit særleg fokus på råstoffkvalitet og på hygiene om bord i fartøy og i mottaksanlegg. Alle fiskemottak og fabrikk- og frysefartøy skal få besøk av tilsynet.  I tillegg skal 20 % av den andre fiskeflåten inspiserast.

I desember 2008 hadde Mattilsynet inspisert omlag 100 fiskefartøy og 16 mottaksanlegg. Resultat av kontrollane Mattilsynet utførde viste at det så langt står bra til med forholda i norsk fiskerinæring. Det er sjølvsagt rom for forbetring ,og det finst eksempel på verksemder som kom dårleg ut av inspeksjonen. Dei negative funna som gjeld forhold knytt til dårleg hygiene og dårleg vasskvalitet. Temperaturkontroll ombord i større fartøy har óg avslørt manglar.

Eg har óg lyst til å trekkje fram resultatet frå ei tilsynskampanje som Mattilsynet i Troms og Finnmark gjennomførte i 2008 – under vårtorskefisket. I den kampanjen fann Mattilsynet avvik frå regelverket og det vart registrert mangelfull og ueigna handsaming av fangsten ombord. Det vart registret tilfelle av manglande bløgging av fisk under opptak og at utstyret ombord ikkje var tilpassa handsaming av kvitfisk.

Nyleg har NRK vist oss eit nedslåande eksempel på korleis ei bedrift, ein matvareprodusent, ikkje kan drive verksemda si. Eg tenkjer sjølvsagt på Tufjordbruket og NRK sin reportasje sist helg. Mattilsynet har i ei tid no peika på manglar og avvik frå regelverket hos den bedrifta. Manglane er gradvis retta opp og Mattilsynet konstaterte i januar i år at alt no var ok. Myndigheitene forventar at alle, anten dei driv på sjøen eller på land, anten dei er store eller små, tek kvalitetsarbeidet seriøst.

Mattilsynets arbeid er viktig. Eit godt og effektivt tilsyn medverkar til å gje norsk fiskerinæring eit godt rykte ute i marknadene. Samtidig er det no ein gong slik at det er bedriftene sjølve som er ansvarlege for at drifta føljer gjeldane regelverk. Om ei bedrift ikkje tek kvalitetsarbeidet på alvor rammar det ikkje berre den aktuelle bedrifta. Det tener og til å rive sund det gode kvalitets- og marknadsarbeid andre bedrifter, og til dømes eksportutvalet, gjer kvar dag året rundt.     

Kystfiske er sesongprega og det er ei kjensgjerning at majoriteten av fisket og dermed også  leveransane til industrien, når ein topp under vårtorskefisket. Ein kan ikkje la kvaliteten lide fordi ein må ta hand om store mengder råstoff.

Næringa må stå samla om kvalitetsarbeidet og kjøpargruppa må vere klar til å trekkje i prisen dersom kvaliteten ikkje held mål. Kvalitet oppstår ikkje i butikken, men må takast vel vare på gjennom optimal handsaming i alle ledd i verdikjeda.

Eg har lyst til å skryte litt av innsatsen til Eksportutvalget for fisk og til ei lang rekkje næringsaktørar for det arbeidet som er sett i gang og knytt til ulike kvalitetsmerkeordningar for norsk sjømat. Skrei og fersk torsk er to gode døme i så måte. Innføring av slike kvalitetsmerkeordningar er omtalt i Soria Moria-erklæringa.

Det er gledeleg at vi no, i slutten av denne stortingsperioden, ser gode resultat av innsatsen. Erfaringane frå fjorårets skreisesong viste at det er muleg å hente ut høgare pris ved bruk av kvalitetsmerket skrei. Vi må tru at det same skje når kvalitetsmerket for fersk torsk vert teke i bruk. 

Kvalitetsforskrift for fisk og fiskevarer skal reviderast i løpet av våren og den vil bli betydeleg endra når det nye hygiene- og kontrollregelverket blir implementert. I tillegg tek vi sikte på å få til ei forenkling av regelverket. Mattilsynet er no i gang med dette arbeidet og vil invitere næringa til ein dialog.

Miljøsertifisering
I fjor eksporterte Noreg om lag 27 millionar sjømatmåltid kvar dag året rundt. Om vi skal kunne halde fram med det må vi syte for at fiskeri- og havbruksnæringa vår er berekraftig.

Fiskerinæringa og myndigheitene møter stadig sterkare krav til dokumentasjon om at fiskeria våre blir forvalta etter strenge prinsipp for berekraft.  Ut frå opplevde krav i marknaden har ei samla norsk næring bestemd seg for å søkje MSC om å få sertifisert mellom anna norsk sei, nordsjøsild, makrell, torsk og hyse.

MSC – eller Marine Stewardship Council som det heiter – er ei London-basert stifting som har utvikla ein privat miljøstandard og eit miljømerke for berekraftig forvalta fiskeri.

MSC si rolle er – og har vore – omstridd, både blant myndigheitene og i næringa. Kritikarar meiner at MSC har eit usunt monopol på definisjonen av kva som er berekraftig.

Utfordringa ligg i at fiskeriforvaltninga sin heilskaplege strategi kan forvitre når enkeltaktørar er opptekne av einskilde artar og einskilde fiskeri. Norske myndigheiter sin ståstad er da også klar. Det er ansvaret til kompetente myndigheiter å syte for at fiskeria våre er ansvarlege og at bestandane er berekraftig forvalta.

I desse dagane har det kome ein rapport laga på initiativ frå WWF og University of  British Columbia som evaluerer fiskeriforvaltningane i verda. Spørsmålet som blir stilt er i kva grad dei ulike fiskerinasjonane følgjer opp retningslinjene for ansvarlege fiskeri som er laga av FN sin matvareorganisasjon (FAO).

I rapporten kjem Noreg best ut av alle fiskerinasjonane. Sjølv om rapporten peikar på fleire område der vi kan bli betre, er det viktig å kommunisere at vi i følgje World Wildlife Fund og University of British Columbia har den beste fiskeriforvaltninga i verda.

Kva slags produkt gir best butikk?
Spørsmålet om kva slags produkt som gir best butikk er for ein stor del eit spørsmål om verdiskaping. Det handlar om å skape meirverdi og om å finne og utnytte dei føremonar ein har i ein marknad som ber preg av ein stadig sterkare og meir krevjande internasjonal konkurranse.

Ein stor del av dei tilgjengelege fiskeressursane våre blir sendt ut på marknaden utan nokon form for bearbeiding.  Ein vesentlig del av råstoffets verdiskapingspotensial overlet vi med andre ord til produsentar i andre land. For å motverke dette må vi utvikle ein norsk fiskeindustri som er endå meir  konkurransedyktig enn det industrien er i dag, noko som betyr auka tilpassing til ønskja i marknaden.

I dag fortel trendane oss at det dreiar seg om krav til kvalitet, at produkta skal vere lette å nytte i matlaginga, at dei skal vere sunne  og at ressursen er berekraftig beskatta.

Finnmark er det mest fiskeriavhengige fylket vi har. Over 50 % av filetfabrikkane i landet ligg her. Med den kostnadsstrukturen vi har i den landbaserte industrien vil filetindustrien berre delvis kunne konkurrere i pris. Ein lønnsam filetindustri krev at industrien legg om frå produksjon av industrivarer til produkt med ein høgre marknadspris. Produktutvikling og merkevarebygging er svært viktig i ein marknad prega av stor internasjonal konkurranse.

Finnmark, som ligg så nær den store russiske marknaden, har klåre fordelar i å utvikle ein framtidsretta og marknadsbasert industri grunna på tilgang til - og bruk av - ferskt råstoff. Sjølv om vi til tider møter utfordringar og hinder i den russiske marknaden så er dette ein stor og veksande marknad med lange tradisjonar og stor etterspørsel etter sjømat.

Det ligg ei utfordring i å sikre industrien ein stabil tilførsel av fersk fisk. Å utnytte potensialet som ligg i levandelagring vil vere eit viktig skritt på vegen. Finnmark er i periodar plaga med loddesprengt torsk og småfallen torsk. Levandelagring kan hjelpe til med å forlengje sesongen og også til å betre kvaliteten på tilgjengeleg råstoff. 

Eg har óg lyst til å peike på det potensialet som ligg i den norske marknaden. Fleire bedrifter har dei siste åra hatt stor suksess med forbrukertilpassa produkt som til dømes fersk vakumpakka laks og frosne laksestykke. Eg hadde gjerne sett at det kom fleire slike forbrukarvennlege produkt på marknaden  -  også kvitfiskprodukt.

For regjeringa er det eit klart mål at forbrukarane et like mykje fisk til middag som kjøt. Det er framleis ein veg å gå før vi er der.

Det marine verdiskapingsprogrammet - MVP
Vi ser alle korleis detaljhandelen i dei viktigaste marknadene våre har utvikla seg, med etablering av færre og større verksemder med strenge krav til volum, kvalitet og andre tenester. Sjølv store norske bedrifter kan bli små i ein slik kontekst. I tillegg veit vi at mykje av salet av norsk sjømat skjer via uavhengige eksportørar og produsentane har ofte avgrensa kunnskap om korleis produkta blir mottekne av sluttbrukarane.

Dette er ei av årsakene til at regjeringa har etablert Det marine verdiskapings-programmet med Innovasjon Noreg som operatør. Målet med programmet er å auke lønnsemda for norske sjømatbedrifter gjennom tiltak som kan fremme auka verdiskaping her til lands.

Programmet inneheld fleire tilbod. I desse dagar startar tredje kull med 30 studentar med eit eige marknadsretta kompetanseprogram ved Noregs Handelshøgskule i Bergen. Dei fleste av desse studentane er salssjefar og leiarar i norske sjømatbedrifter.

Innovasjon Noreg har óg eit tilbod om stønad til bedrifter som vil sende ein trainee ut til viktige marknader – for å styrke verksemda sin kunnskap om behova til kundane.

Hovudtilbodet er likevel stønad til norske sjømatbedrifter som ønskjer å gå inn i forpliktande samarbeid – nettverk – mot marknaden. Deltakande bedrifter må ha vilje, evne og kapasitet til å samarbeide om utvikling av varige konkurransefortrinn. Målet er at slikt forpliktande samarbeid skal styrkje konkurranseevna og bidra til å hente inn auka pris frå sluttmarknaden. Per i dag er det etablert 23 slike nettverk. 

Det er óg utvikla eit eige tilbod retta mot bedrifter i lokalsamfunn med særskild store utfordringar. I Finnmark er tre prosjekt inkluderte i denne satsinga. Det er eit prosjekt for Vardø, eit som omfattar Lebesby og Gamvik, og eit som dekkjer kommunane Loppa, Hasvik og Måsøy.

Finanskrisa
Uroa i finansmarknadene har også ramma fiskeri- og havbruksnæringa. Nokre generelle rammevilkår som til dømes redusert oljepris, lågare rentenivå og ein til no gunstig valutasituasjon er positivt for næringa. Men stadig fleire bedrifter opplever ein stram kredittsituasjon og at eksporten, særleg av torsk, går treigt med den konsekvens at det vert bygd opp lager i Noreg.

Situasjonen er vanskeleg og krevjande, og vi har jobba mykje med å finne løysingar på dei problemstillingane som næringa og myndigheitene i fellesskap kan gjere noko med. Vi veit at det kjem til å bli tøffe tak for veldig mange lokalsamfunn. Enkeltbedrifter og også fiskarane vil merke verknadene av krisa.

Regjeringa har hatt - og har - ein god dialog med organisasjonane i fiskeri- og havbruksnæringa. Det er viktig for oss heile tida å vere oppdaterte på utviklinga og få fram forslag til eventuelle nye tiltak som kan bidra til å avdempe verknadene av krisa.

Næringa har særleg framheva at dei treng auka garantirammer for å kunne oppretthalde lengre kredittider mellom fiskesalslaga og kjøpar i toppsesongen. Vidare har næringa ønskt betre eksportlånefinansieringsordningar, høve til garantiar for driftskreditt og auka løyvingar til føringstilskot og marknadstiltak.

Eg vil begynne med forslaget om ei eiga garantiordning for førstehandsomsetninga av fisk som regjeringa og storfraksjonen på Stortinget presenterte fredag 6. februar. Ordninga inneber at den garantiordninga som Råfisklaget og Sildesalslaget har hos Innovasjon Noreg i dag blir utvida ved at Staten bidrar med inntil 525 millionar kroner i garantiar for å sikre førstehandsomsetninga av fisk.

Dette tiltaket er heilt avgjerande for å sikre at dei store vinterfiskeria som no står for døra kan gjennomførast og vil mellom anna gjere det muleg å utvide kredittida mellom salslag og kjøpar frå 14 til 28 dagar. Sjølve garantiordninga er utforma etter næringas innspel og vil vere eit tilbod til alle fiskesalslag. Innovasjon Noreg har gitt klare signal om at ordninga kan setjast i verk raskt.

I tillegg til dette har regjeringa auka garanti- og lånerammene til Innovasjon Noreg sine generelle ordningar. I tiltakspakken heva vi mellom anna ramma for innovasjonslån frå 300 millionar kroner til 900 millionar kroner. Dette vil også komme fiskeri- og havbruksnæringa til gode.

I samband med tiltakspakken vil regjeringa bidra til eit spleiselag med næringa for å gjennomføre ein ekstraordinær marknadsføringsinnsats for torsk. Totalt 20 millionar kroner ekstra vil bli brukt til marknadsføring i dei viktigaste torskemarknadene og regjeringa sitt bidrag er på 11,5 millionar kroner. Vi har også auka midlane til føringstilskot i 2009.

Departementet har nyleg fordelt 31,6 millionar kroner til føringsmidlar til fiskesalslaga og desse midlane står til disposisjon til salslaga umiddelbart. Godt fungerande mottaksstasjonar og føringstilskot er små, men likevel viktige ledd i å få ting til å gå mest muleg normalt langs kysten. Vi har derfor vedtatt å setje av 6,5 millionar kroner til auka løyvingar til tilskot til mottaksstasjonar innanfor den auka løyvinga til Det marine verdiskapingsprogrammet i 2009.

Regjeringa har mottatt fleire innspel frå fiskerinæringa om utfordringane med å skaffe finansiering for eksportleveransar. Regjeringas auke i garantirammer til GIEK på 60 milliardar kroner hausten 2008 gjer  at GIEK kan tilby tilstrekkeleg eksportkredittforsikring til sjømateksporten, føresett at importøren er vurdert som kredittverdig og kredittrammene for den enkelte importør ikkje er nådd.

Søndag 8. februar la regjeringa fram nye tiltak som skal styrkje utlånsevna til bankane. Vi gjer dette for å bidra til at norske bedrifter og hushald skal få tilgang til nye lån.

Krisa vil, etter alt å dømme, bli djup og langvarig. Gjennom det som vert kalla den nordiske samfunnsmodellen har vi og nokre av våre nordiske naboland bygd opp eit sosialt sikkerheitsnett. Dette gjev folk ein viss tryggleik også om arbeidsplassen skulle bli nedlagd. I dei fleste andre land finst det ikkje eit tilsvarande sikkerheitsnett og mange land har no brukt brorparten av dei økonomiske reservane sine. Der merkar då og folk krisa på ein heilt annan og meir brutal måte enn det vi gjer. Kjøpekrafta er blitt kraftig redusert.

Forbrukarar elles i Europa og i verda utanom Europa prioriterer no billege produkt når dei skal handle inn matvarer, klede og alt anna som ein treng. Såleis er det rett og snakke om ei marknadskrise, og ho vil diverre prege konsumentane ute – og norsk fiskerinæring - i lang tid framover.

Regjeringas  arbeid er  ikkje ferdig enno. Vi følgjer utviklinga i fiskeri- og havbruksnæringa frå dag til dag og er særleg merksame på situasjonen med ei rekkje stopp i mottak av fisk langs kysten.

Bunkersanlegg
I fjor vart det kjent at Statoil skulle leggje ned bunkersanlegget sitt i Berlevåg. Statoil hevdar at dei ikkje finn det økonomisk forsvarleg å drive anlegget i Berlevåg. Det skal vere kraftig overdimensjonert i forhold til dagens behov. Etter kvart viste det seg at det skulle kome fleire nedleggingar.

Statoil har sendt oss ei liste over anlegg som er - eller vil bli - nedlagde. Lista omfattar 17 tankanlegg og 15 av desse ligg i dei tre nordlegaste fylka. I tillegg har - eller skal - Statoil selje 17 andre anlegg til lokale aktørar som vil drive verksemda vidare. Alle dei sistnemnde ligg i dei tre nordlegaste fylka.

Fiskeri- og kystdepartementet har drøfta denne utviklinga med andre departement. Vi har óg kontakta dei aktuelle oljeselskapa og andre bedrifter og personar.

Vi har vore i kontakt med mellom anna rådmannen i Berlevåg kommune. Han er optimist og vonar å få på plass ei alternativ løysing innan kort. Ei løysing han trur vil vere tilfredsstillande. Eg vonar dette initiativet kan realiserast og at ting fell raskt på plass i Berlevåg.

Departementet har ikkje fått innspel frå andre kommunar som tyder på at Statoil si avvikling av anlegg vil gje alvorlege problem for lokalsamfunn eller fiskerinæring.

Om det skulle vere nokon her som har informasjon eller synspunkt på denne saka ber eg om at de tar kontakt med departementet.