Historisk arkiv

Havforsuring og klimaendringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Innleiinga til statssekretær Vidar Ulriksen til Miljøverndepartementets konferanse ”Havforsuring og klimaendringar” i Statens forureiningstilsyn sitt konferansesenter i Oslo 29.oktober 2009.

Eg vil starte med å takke miljøvernministeren for å ha teke initiativet til denne konferansen! Eg ser fram til ein god gjennomgang og diskusjon om korleis vi kan møte utfordringane som følgjer med klimaendringane og forsuring av havet.  

I den store samanhengen er utsleppa frå den norske fiskeflåten låge. Fiskeri- og kystdepartementet vil arbeide for at utsleppa skal bli endå lågare - blant anna ved å leggje til rette for klimavennlege fartøy og meir energieffektive driftsformer!

Miljøavtalen og NOx-fondet  har nok vore ein pådrivar på næringa -  og har ført til eit ”skifte” i synet på båt og driftsformer – der utslepp har kome sterkare inn i tenkinga. CO2 – nøytrale fiskefartøy er no innan rekkevidde. 

I dag er norske fiskeri dominert av fiske med passive reiskapar - reiskapar som står stille i sjøen – og som er sett på som mest klimavennlege. Om lag 70 % av torsken vår blir fiska på denne måten. I tillegg skjer størstedelen av fisket i kort avstand frå land. Ca 75 % av torskefisket føregår innanfor 12 nautiske mil. Dette i motsetning til fisket globalt sett – der bildet nok er noko annleis.

Utfordringa innanfor fiskeri- og kystforvaltninga er difor ikkje så mykje å få ned utsleppa, men å tilpasse oss til dei klimaendringane som er venta!

Vi veit ikkje kor raskt og korleis klimaendringane vil vise seg i havområda våre. Vi veit at prognosane for klimaendring som havforskarane presenterte for mange år sidan, er blitt ein realitet mykje raskare enn venta. Det er i dag vanskeleg å modellere kortvarige ekstremperiodar som kan få innverknad på blant anna sikkerheit og beredskap. Modellane viser at redusert isdekke, høgre temperaturar, meir ekstremvêr og forskyving i utbreiinga av arter mot nord kan skje på forholdsvis kort sikt.

Ein auke i ekstreme vêrforhold kan stille nye krav til hamner, farleier og beredskap mot akutt forureining.

Meir ekstremvêr og høgre bølgjer vil også påverke kor langt ut frå kysten mindre fiskebåtar kan gå og dermed også påverke fiskemønstret vårt. Endringar i temperatur og pH vil kunne påverke samansettinga av økosystemet – som igjen vil ha verknad for fiske og fangst. Samansettinga og utbreiinga av dei viktigaste kommersielle fiskeslaga vil kunne endre seg. For eksempel registrerer vi i dag sild og kolmule i eit heilt anna omfang i nordområda enn slik det var før. Tilsvarande har vi dei siste åra registrert meir varmekjære arter på veg inn i Nordsjøen.

Ein auke i ekstreme vêrforhold stiller større krav til uforming, dimensjonering, oppgradering og vedlikehald av merdbaserte oppdrettsanlegg, for å unngå havari og rømming av oppdrettsfisk.

Havbruksnæringa vil også møte utfordringar fordi dei kjende artene i norsk oppdrett ikkje lenger vil trivast langs heile kysten – og gi andre sjukdomsutfordringar enn vi er vane med. For eksempel kan eit varmare klima gi gunstigare vilkår for lakselus, som er eit problem for villaksen.

Klimaendringane tvingar oss til å tenkje nytt. Temperatur- og miljøforholda i fjordane i Sør-Norge vil kanskje vere betre eigna for oppdrett av meir varmekjære arter i framtida. For å dempe effektane av ekstremvêr og spreiing av sjukdomsframkallande smittestoff, kan meir gjennomgripande strukturelle endringar av havbruksnæringa også bli aktuelle.

Alt dette vil stille krav til omstillingsevne hos oppdrettarar, fiskarar, mottaksanlegg og lokalsamfunn. Næringane må tilpasse seg.

Forvaltninga må kontinuerleg tilpasse seg situasjonen og dei potensielt nye utfordringane for biologi, næring og forsking. Forsking og god overvaking av økosystemet blir avgjerande for at vi skal kunne vere i forkant av utviklinga.

Langsiktig overvaking av havområda våre – slik at vi kan fange opp endringar i økosystemet - er heilt fundamentalt for at vi skal klare å forvalte dei marine ressursane på ein ansvarleg måte.

Derfor legg Fiskeri- og kystdepartementet så stor vekt på overvaking. 

Det er viktig for oss at Havforskingsinstituttet gjennomfører rutinemessig overvaking av havområda våre, og at overvakinga fangar opp dei viktigaste parametrane for endringar i klimaet. Lange tidsseriar er i denne samanheng umåteleg verdifulle. Her er vi heldigare enn dei fleste.

Gjennom Kola-snittet i Barentshavet har nordmenn og russarar gjennomført samanhengande temperaturmålingar i meir enn hundre år. Heilt tilbake til 1860-åra har havforskarane våre tatt daglege temperaturmålingar i sjøoverflata ved Ona og Torungen fyr. Med ein slik horisont med lange tidsseriar har dei som skal modellera utviklinga framover ein godt grunnlag for å få med seg dei langsiktige naturlege svingingane som ofte forsvinn i korte tidsseriar.

Som ledd i havovervakinga bad departementet i haust Havforskingsinstituttet om å utvide  overvakingsrutinane sine til også å omfatte måling av CO2  og pH (surheitsgraden) i sjøen. Dei arbeider no med dette i nært samarbeid med Universitetet i Bergen, samtidig som Havforskingsinstituttet sine havbruksstasjonar i Matre og Austevoll blir utstyrt for å drive med sensitivitetsstudiar av fisk, skaldyr og plankton knytt til forsuring.

I vår forvaltning av ressursane i havet må dei biologiske hensyna komme først, fordi dette i lengda gir det langsiktige grunnlaget for alle som lever av havet.

Norge har ei stor og viktig fiskerinæring som er bygd opp av resursane i dei rike og produktive havområda våre. Vi har eit stort ansvar i å forvalte desse områda på ein ansvarleg og berekraftig måte.

I havområda våre skjer det ein enorm produksjon av mat, og behovet for mat i verda vil auke i takt med befolkningsveksten.

Vi har derfor også eit moralsk ansvar for å forvalte havområda våre på ein slik måte at framtidige generasjonar også kan hauste frå havet.

Vi får ynskje kvarandre lykke til!