Historisk arkiv

Innleiing på årsmøtet i Sør-Norges Trålerlag 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si innleing under den fiskeripolitiske debatten på årsmøtet i Sør-Norges Trålerlag i Haugesund.

Dirigent, styreleiar, møtedeltakarar og gjester, 

Eg ønskjer først av alt å helse frå statsråden, som diverre ikkje kunne vere her i dag. Men det er for meg ei glede å kunne halde denne innleiinga, og eg ser fram til ein etterfølgjande god diskusjon.  

Eg vil snakke om kva som er berebjelkane i den raudgrøne regjeringa sin fiskeripolitikk. Desse berebjelkane er med og sikrar at norsk fiskerinæring er ei sterk og levedyktig næring, og at ho i framtida skal fortsetje å vere det. Verdiskapinga i ei sterk og levedyktig næring, skaper også eit levande Kyst-Norge. Difor er det heilt nødvendig å føre ein politikk som gir ei lønnsam og berekraftig fiskerinæring. 

Dei fire hovudpunkta er:

  • Vi skal ha berekraftige fiskebestandar.
  • Vi skal ha ei rettferdig fordeling av ressursane som gir grunnlag for ein variert flåte.
  • Vi skal ha ei fiskerinæring som er lønnsam og gir langsiktig verdiskaping langs kysten.
  • Vi skal ha ei næring som er del av ein heilheitleg ressursforvaltning og ein heilheitleg miljøpolitikk.  

Med desse berebjelkane byggjer vi opp ei fiskerinæring som står seg vel gjennom periodar med ytre utfordringar. Då kan ho takle både ressursmessige og økonomiske svingingar. 

Vi er no inne i ein slik utfordrande periode med den etter kvart så velkjente finanskrisa. Vi veit at mange langs den norske kysten no merkar denne internasjonale krisa på kroppen. Hardast har det hittil vore for torske- og hyseeksporten. Pelagisk sektor har så langt vore mindre råka. 

Det har vore viktig for regjeringa gjennom denne tida å ha nær kontakt og god dialog med næringsorganisasjonane. Gjennom organisasjonane har det kome gode forslag til tiltak for å betre situasjonen. Ved å halde fram med dette samarbeidet har eg tru på at vi saman kan kome gjennom ein slik vanskeleg periode.  

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å støtte opp om næringa gjennom denne vanskelige tida. Av dei tiltaka vi har kome med så langt er eit av dei viktigaste etableringa av ei eiga garantiordning på 525 millionar kroner for førstehandsomsetninga av fisk. Garantiordninga har gjort det muleg å utvide kredittida mellom fiskesalslag og kjøparane.  

Innovasjon Norge har også fått auka sine garanti- og lånerammer. Med dette har vi registrert at Innovasjon Norge i større grad klarar å dekkje likviditetsbehovet til fiskeindustrien i samarbeid med det ordinære bankvesenet.  

Medan dei private kredittforsikringsselskapa har redusert tilbodet sitt, har den statleg eigde GIEK kredittforsikring kunne oppretthalde sitt tilbod av kredittforsikringar som normalt. Dette er forsikringar som blir gitt på marknadsmessige vilkår, men som bidreg til å halde det totale tilbodet ope.   

Fiskeri- og kystdepartementet har også kome med tiltak retta direkte mot marknadssituasjonen i fiskerinæringa. Vi har løyvd 16,5 millionar kroner til marknadsføring av norsk sjømat. Saman med bidrag frå næringa via Eksportutvalet for fisk og fiskesalslaga gir det ein ekstra marknadsføringsinnsats på 25 millionar kroner. Departementet har også auka tilskot til drift av mottaksstasjonar og føring av fisk. 

Berekraftig fiske

Men no vil eg over på dei meir langsiktige perspektiva i forvaltninga. For regjeringa er det overordna målet at all hausting av dei marine ressursane skal skje innafor berekraftige rammer. Difor har vi no også ei havressurslov med eit forvaltningsprinsipp som pålegg oss å følgje dette opp i praksis. Eit berekraftig fiske inneber at vi haustar av det overskotet som bestanden til ei kvar tid kan tilby oss – utan at det fører med seg fare for at rekrutteringa skal svikte. 

Om vi maktar å gjere dette over tid, vil den samla avkastninga frå bestandane auke, samstundes med at det gir auka stabilitet for næringa. Stabiliteten i økosystema og det langsiktige ressursgrunnlaget til fiskerinæringa står heilt sentralt for regjeringa når vi vedtek haustingsstrategiar for bestandane.

Den nye havressurslova legg vekt på ei økosystembasert forvaltning av dei marine ressursane, der vi tar omsyn til korleis det fysiske havmiljøet påverkar bestandane og korleis dei ulike bestandane påverkar kvarandre. Arbeidet for å få til dette er svært krevjande og gjer det nødvendig å skaffe mykje ny kunnskap. 

Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet arbeider no systematisk saman med departementet for å utvikle nye metodar og verktøy, slik at vi kan oppfylle dette målet på sikt. Dette er eit pionerarbeid som stiller store krav til forskarane og som vi er stolte av å kunne fortelje om. 

Sjølv om målet er ambisiøst og vi truleg treng mykje tid og ressursar på å få dette til å verke godt i praksis – kan gevinstane bli store. Ei heilheitleg forvaltning vil gi oss betre kontroll over dei samla ressursane, samstundes som vi i større grad kan styre haustinga dit vi meiner det er formålstenleg og lønnsamt.  

Vi driv mellom anna eit aktivt og målretta arbeid for å få i stand eit generelt utkastforbod i alle kyststatane vi samarbeider med. Utkast av fisk er sløsing med ressursar. Difor er utkast ikkje akseptabelt. 

Det har i det siste vore stor interesse for forvaltninga vår av fisk som vert brukt til fôrproduksjon i oppdrettsindustrien. Då er det viktig å minne om at regjeringa sitt prinsipp for forvaltning er det same i alle høve, anten det dreier seg om fisk til mjøl og olje eller fisk til menneskemat. Regjeringa arbeider også aktivt for ei berekraftig forvaltning av fiskeressursar i andre land – og vi har allereie sett i verk tiltak for at norske importørar ikkje skal finansiere ei hausting som ikkje er forsvarleg.  

I samband med auken i talet på oppdrettskonsesjonar har fleire stilt spørsmål ved forvaltninga av mellom anna kolmule, tobis og augepål – som det tidlegare har vore for hardt fiskepress på. Haustinga av desse bestandane har som de veit gått mykje ned dei siste åra etter råd frå forskarane, og dette viser tydeleg at det ikkje er nokon samanheng mellom haustinga på desse bestandane og talet på oppdrettsanlegg. 

Forhåpentlegvis vil avkastinga frå desse bestandane auke etter kvart som nye og berekraftige haustingsstrategiar har fått virke ein stund, sjølv om dette sjølvsagt også heng saman med dei naturgitte vilkåra for vekst og formeiring.

Lønnsemd i fiskerinæringa

Det har vore gode år for norsk fiskerinæring. Sjølv om vi no står overfor uro på den internasjonale marknad, håpar vi alle saman at det framover også kjem fleire gode år. 

Fiskerinæringa har til alle tider vore påverka av faktorar som står utanfor næringas direkte kontroll. I fjor var vi først vitne til korleis aukande oljepris og aukande renter på kort tid endra kostnadsbiletet for fiskeflåten. Seinare på året kom finanskrisa, ein lågare oljepris og redusert rentenivå. Ei svakare krone førte optimisme med seg for næringa, men samstundes var det mange som opplevde at det vart vanskelegare å skaffe kapital, med strengare krav til sikkerheit og garantiar. 

Regjeringa er som allereie nemnt aktiv for å hjelpe næringa gjennom denne perioden. Forutan å komme med dei krisetiltaka som er retta direkte mot finanskrisa har vi auka fiskarfrådraget til 150 000 kroner. Dette vil gjere godt for dei som lever av fiske.

Den marknadssituasjonen som utvikla seg har på kort tid blitt den klart største utfordringa for næringa. Hardast ramma er eksporten av torsk og hyse. Samtidig kan Eksportutvalet for fisk melde at det vart eksportert pelagisk fisk for 2,4 milliardar kroner i dei tre første månadane av 2009. Det er ein oppgang på 62 % frå 2008. Fisket på lodde som vart opna i år, resulterte i eksport av 92 000 tonn fryst heil lodde. 

Med basis i ei god forvaltning av fiskebestandane våre skal verdiskapinga langs kysten skje gjennom dei aktørane som fangar fisken og bringar han ut i verda. Det er ein klar føresetnad for denne verdiskapinga at vi har einingar som er lønnsame. Utan lønnsame fiskebåtar og bedrifter har vi lite å byggje velstanden vår på. 

Difor er det for den raudgrøne regjeringa inga motsetning mellom bedriftsøkonomisk lønnsemd og omsynet til fellesskapet. God lønnsemd i flåteleddet er eit av mål i Soria Moria-erklæringa. At fiskeressursane skal forvaltast på ein måte som bidreg til å oppfylle distriktspolitiske mål er også eit av måla. Desse måla har blitt utdjupa og konkretiserte gjennom strukturmeldinga. 

Strukturpolitikken

Regjeringas strukturpolitikk byggjer på at ein i botn har dei berebjelkane som utgjer ein heilheitleg fiskeripolitikk. Utan berekraftige bestandar som gir god og stabil avkastning er det ikkje grunnlag for å ha noko strukturpolitikk. 

Med stortingsmeldinga om strukturpolitikk for fiskeflåten som vi la fram i våren 2007, avslutta vi strukturpausen. Gjennom denne stortingsmeldinga har vi kome fram til en strukturpolitikk som vi har inntrykk av at dei fleste er godt nøgde med. At struktureringa kom raskt i gang i dei ulike gruppene, viste at ordningane framleis var attraktive. 

Det er viktig for den framtidige utviklinga til næringa at ho opplever stabile og føreseielege rammevilkår. Den strukturpolitikken vi no har utforma, skal difor ikkje gjennom nokon store overordna forandringar. 

Likevel gjer vi små og litt større justeringar undervegs. Det skal vere rom for endringar og tilpassingar innanfor dei faste rammene av strukturpolitikken. Eit klart eksempel på det er innføringa av ei strukturordning for nordsjøtrålarane saman med den pelagiske trålgruppa. Når ei slik endring blir gjort, vil det - slik som i dette tilfellet, alltid skje i nært samarbeid med dei organisasjonane som blir berørte. 

Den raudgrøne regjeringa ønskjer å ha ei god demokratisk forankring hos næringa for dei tilpassingane som vi gjer. Med denne framgangsmåten sikrar vi at vi får resultat som kjem fellesskapet til gode. Samanslåinga av strukturordninga for seitrålarane og torsketrålarane er eit anna eksempel. 

Vi syter også for at endringar innanfor rammene av strukturpolitikken blir følgde opp og evaluerte. To døme på det er evalueringa av strukturfondet og evalueringa av strukturordninga for fartøy under 15 meter. Vi held no på å sluttføre evalueringa av strukturfondet, som finansierte kondemneringsordninga for kystflåten. Resultata av denne evalueringa vil gi oss betre innsikt og gjere greie for korleis ordninga har fungert i praksis. 

Evalueringa av strukturordningane for fartøy under 15 meter skal gjennomførast i løpet av dette året. Ved å sjå tilbake på korleis desse ordningane har fungert, kan vi tilpasse framtidige ordningar på bakgrunn av den kunnskapen vi har opparbeidd. 

No har Sør-Norges Trålerlag sett på dagsorden ein diskusjon om skiljet mellom pelagisk trål og ringnot i struktursamanheng. Den diskusjonen skal eg ikkje ta del i no. Men kjem de til departementet med eit forslag de er samde om – så skal eg vurdere det med eit positivt utgangspunkt. 

Klima

Sameksistens mellom olje og fisk er eit tema vi nok aldri vert ferdige med. Særleg gjeld det tilhøva mellom seismiske undersøkningar og fiskeriverksemd. I enkelte høve vert det trongt om plassen på havet. Kven har rett til å vere der? Fiskaren med ein nær tusenårig hevd eller nykommaren, oljenæringa, som knapt er blitt tørr bak øyra på havet.

Stortinget har vedteke at vi skal ha ei petroleumsnæring i Norge, og då må vi rette oss etter det. Så må vi heller ikkje gløyme at olje og gass frå havområda har auka velstanden vår. Samanlikna med andre land, har vi stått sterkare i mot presset frå den pågåande finanskrisa.

Sameksistens er viktig. Fiskeria og fiskeressursane har alltid hatt stor vekt i utforminga av oljepolitikken, men dei siste åra har konflikten mellom seismikkskipa og fiskeflåten tilsynelatande auka. Vi tek lærdom av dei sakene vi har bak oss, til dømes seismiske undersøkingar utafor Vesterålen sist sommar. Undersøkingane denne sommaren håpar eg kan bli gjennomførd utan konfliktar.

I Nordsjøen dukkar det også opp konfliktsituasjonar mellom seismikkfartøy og fiskarane. Det er mange eksempel på det. Mykje kan skuldast større seismikkaktivitet, men mykje må også skuldast manglande forståing hos nykommarar i seismikkbransjen for kva fiskeria har å seie i Norge. ”Cowboyar” blir dei gjerne kalla, og desse skal vi luke vekk.

I fjor vår vart to rapportar lagde fram for myndigheitene. Den eine tok føre seg tilhøva mellom fiske og seismikk, den andre vurderte erstatningsspørsmåla. Den første rapporten inneheldt ei rekkje forslag til forbetringar og forenklingar i regelverket som regulerer seismiske undersøkingar. Dei aller fleste av forslaga vil ha trådd i kraft innan 1. juli i år.

Betre utdanning for dei fiskerikyndige vil vere ei viktig forbetring. Satellittsporing av seismikkfartøya er ei anna forbetring, der dei nødvendige lovendringar no er til behandling i Stortinget.

Ei anna viktig sak er spørsmålet om korleis seismikkskytinga skremmer fisken. Kor langt vekk frå seismikkfartøyet blir fisken skremd? Ei arbeidsgruppe med medlemmer frå fiskerinæringa og frå oljenæringa la fram ein rapport, datert 18. februar i år, om mellom anna dette. Dei to næringane vart diverre ikkje einige. Representantane for fiskarane tilrår ein avstand på 18 nautiske mil, men oljenæringa meiner det ikkje kan setjast ein generell minsteavstand. Eg trur det kan bli vanskeleg å setje ein fast, generell minsteavstand. Er til dømes tilhøva i sjøen spesielle med skarpe lagdelingar i vatnet, vil eg tru at lydbølgjene vil kunne rekke lengre enn 18 nautiske mil. Her som i alle andre situasjonar meiner eg respekt for kvarande sitt yrke og alminneleg høflegheit, slik vi eigentlig er vane med på sjøen, vil løyse dei aller fleste tilløpa til konflikt.

Nokre ord til sist om rapporten som behandla erstatningsordninga. Også denne ordninga vart forbetra, og eg har forstått at dette no går rimeleg greitt.

Avslutning

For å summere opp: Den raudgrøne regjeringa arbeider hardt for å sikre berebjelkane i fiskeripolitikken vår. Bestandssituasjonen i norske farvatn er betre enn på mange år. Vi vil framleis arbeide for god lønnsemd i næringa, gjennom strukturpolitikken. Vi vil syte for at verdiane frå havet kjem fellesskapet og dei kystnære samfunna til gode. Vi legg større vekt enn den førre regjeringa på kva fiskerinæringa betyr for fellesskapet.

I framtida vil vi halde fast på denne fiskeripolitikken. Det skal vere stabile og føreseielege vilkår for fiskerinæringa. Dette gir oss ei sterk og robust næring. Og saman skal vi komme oss gjennom ei slik tøff tid som finanskrisa representerer.