Historisk arkiv

Kvifor 4 nye år?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Sjømatdagane på Hell, 20. januar 2009

Sjømatdagane på Hell, 20. januar 2009

Kjære alle saman

Innleiing

La meg først få helse så mykje frå statsråden, som diverre er hindra frå å komme hit i dag. Men eg skal gjerne svare på spørsmålet som er stilt: ”Kvifor fire nye år?” Og eg kan med ein gong avsløre at eg her med fjernar spørjeteiknet. Eg skal kort grunngi kvifor, og eg skal gje nokre eksempel. Utgangspunktet mitt er at ei god utvikling og ein god fiskeri- og kystpolitikk ikkje kjem av seg sjølv.

Ja, den raudgrøne regjeringa bør få fire nye år fordi vi har levert det vi har lova, og fordi fiskeri- og kystnæringa er i positiv utvikling. Denne utviklinga kjem ikkje av seg sjølv, og har falle våre politiske motstandarar tungt for brystet. Framstegspartiet omtalar dei positive tendensane som ”en uheldig sammenblanding av distrikts- og næringspolitiske virkemidler.” For regjeringa heng distrikts- og næringspolitiske verkemiddel saman. Det handlar om å styre etter grunnleggjande prinsipp fordi vi meiner at Kyst-Norge er avgjerande for verdiskapinga i landet vårt. Svært mykje av verdiskapinga skjer langs kysten.

Dette er prinsipp som regjeringa meiner både fiskerinæringa og nasjonen Norge er tent med at vi styrer etter:

- Fiskeressursane og kystområda er fellesskapet sin eigedom, og dei skal sikrast for framtidige generasjonar gjennom berekraftig forvaltning. Fiskeressursane skal forvaltast langsiktig.
- Det handlar om å ha ein variert flåte og ei rettferdig fordeling av ressursane.
- Det handlar om at verdiskapinga så langt råd er skal komme kystsamfunna til gode.
- Kysten er ei drivkraft for nasjonal verdiskaping. Forsking og utvikling har derfor ein viktig og naturleg plass i fiskeri- og kystpolitikken.
- Det handlar om berekraftig forvaltning, basert på føre-var-prinsippet.

Fiskeri- og havbruksnæringa har lagt bak seg eit nytt rekordår. Verdien av fjorårets sjømateksport enda på over 39 mrd kroner – og vi har sett ein samanhengande vekst i eksporten dei siste 5 åra. Samtidig er bestandssituasjonen i norske farvatn betre enn på mange år, noko som gjer det muleg å auke fiskekvotane for 2009. Med tildeling av nye oppdrettskonsesjonar for laks og aure, har regjeringa lagt til rette for at også havbruksnæringa skal kunne vekse i 2009.
Hadde eg valt å stanse her, kunne eg konkludert med at 2009 kjem til å bli nok et rekordår for den norske sjømatnæringa. Men – den internasjonale finanskrisa og ringverknadene av ho gjer at vi alle må gjennomgå planar og framtidsutsikter ut frå kva det neste året kan komme til å bringe.

Er det noko som er sikkert for folk på kysten, så er det at folk her er vant til oppturar og nedturar i tilværet. Opp gjennom tidene har anten ver og vind – eller gode og dårlege år i fiskeria – vore avgjerande for korleis folk har hatt det ytst ved havet. Finanskrisa representerer likevel noko nytt: Ho er global – ho verkar inn på alle marknadane som vi sel sjømat til. Ho har også kome brått på og fått eit omfang som vel ingen kunne sjå på førehand.

Verknadane av finanskrisa er samansette. På den eine sida er ei svak krone, reduserte rentekostnader og låg oljepris positivt for fiskerinæringa. På den andre sida veit vi at næringa møter ein stram kredittmarknad. Det har blitt vanskelegare å hente inn kapital, og det blir stilt strengare krav til sikkerheit og garantiar. Også utanlandske importørar av norsk sjømat slit med å få nødvendige kredittar. I tillegg ser vi at etterspørselen etter torsk og hyse har gått ned.

Regjeringa skal som kjent leggje fram ein ny tiltakspakke måndag 26. januar. Vi har hatt god dialog med næringsorganisasjonane for å få avklart korleis finanskrisa påverkar fiskeri- og havbruksnæringa. Eg ønskjer også å takke organisasjonane for gode innspel til korleis staten kan bidra til at arbeidsplassar langs kysten ikkje går tapt.

Eg kan forsikre dykk om at regjeringa vil setje inn nødvendige ressursar slik at finanskrisa ikkje skal skape finansieringsproblem for elles lønnsame bedrifter. Dersom finanskrisa fører til meir langsiktige endringar i etterspørselen etter sjømat internasjonalt, er det viktig at den enkelte bedrifta tilpassar seg dette. Som sosialdemokrat har eg stor tru på kva staten kan utrette, men vi nordmenn vil aldri kunne ete all fisken vår sjølve.

Kva har vi oppnådd sidan hausten 2005?
For fire år sidan gjekk Helga Pedersen til val på slagordet ”lys i husan”, fordi det er avgjerande for Kyst-Norge at vi har ein fiskeri- og havbrukspolitikk som gjev gode og stabile rammevilkår – og som sikrar at verdiskapinga kjem kysten til gode.

Som politikarar blir vi målt etter kva vi har utretta for folk og samfunn. Eg ønskjer derfor kort å oppsummere nokre av dei viktigaste sakene som denne politiske leiinga har arbeidd med sidan vi overtok i Fiskeri- og kystdepartementet. Eg ønskjer å vise at regjeringa har halde løfta frå 2005.

1. Langsiktig politikk

Fiskeri- og havbrukspolitikk vår skal bidra til langsiktig – og miljømessig forsvarleg – verdiskaping for heile samfunnet, og medverke til rettferdig fordeling av ressursane

Kampen mot ulovleg fiske

Ulovleg fiske betyr utarming av fiskebestandane. Det er også øydeleggjande for lovlydige fiskarar som får fiske mindre enn dei elles ville fått, og for fiskeindustrien som må konkurrere mot billeg ulovleg fanga fisk ute i marknadane. Frå 2005 til 2007 vart overfisket av torsk redusert med 60 %, eller ca. 60 000 tonn. Det tilsvarar ein førstehandsverdi på over 900 millionar kroner. Reduksjonen i overfisket har medverka til at norske fiskarar i år får glede av større torskekvotar, og ute i marknadane får vi rapportar om at konkurransen frå billeg og ulovleg fanga fisk har gått ned. Men vi kviler likevel ikkje på laurbæra. Kampen mot overfiske pågår kontinuerleg for å tette igjen smotthola for dei som tener store pengar på å omgå nasjonale og internasjonale reglar for fiskeriforvaltning.

2. Bruk av strukturkvotar

Eit anna viktig arbeid er strukturmeldinga for fiskeflåten som Stortinget behandla i juni i 2007. Resultatet er kjent – det vart innført ei tidsavgrensing på strukturkvotane, og strukturordninga vart i tillegg utvida til også å gjelde fartøy mellom 11 og 15 meter. Eg meiner at vi kom fram til ein god balanse mellom bedriftsøkonomiske og samfunnsøkonomiske omsyn. Vi legg større vekt på kva fiskerinæringa betyr samfunnsmessig enn den forrige regjeringa. Inntrykket mitt er at endringane vi gjorde i strukturpolitikken, i hovudsak har blitt godt mottekne.

3. Kvalitet på råvarer og ferdigprodukt

I august 2007 la regjeringa fram strategien Sats ferskt. Målet med strategien er å sikre auka og jamnare tilgang på ferskt råstoff og dessutan betre kvaliteten på både råvarer og ferdigprodukt. Auka samarbeid mellom oppdrettsnæringa og fiskeria var eitt av verkemidla. Dei ulike tiltaka i strategien er no gjennomførte, og vi vurderer om det er behov for fleire tiltak.

4. Norge som havbruksnasjon

Hausten 2007 la vi også fram regjeringas konkurransestrategi for havbruksnæringa – også kalla havbruksstrategien. Norge er ein viktig havbruksnasjon, og vi vil gjere marknadstilgangen for norsk sjømat betre internasjonalt og sikre miljømessig berekraft i havbruksproduksjonen. Vi legg også opp til vidare vekst i havbruksnæringa.

Betre internasjonale rammevilkår
For første gong på 20 år møter vi ikkje tiltak, eller trussel om tiltak, i EU-marknaden. Resultatet viser at det var rett av regjeringa å bringe laksesaka med EU inn for WTO. Minsteprisen på laks vart fjerna sist sommar. Saka viser også at regjeringa og næringa tek arbeidet med å betre næringas internasjonale rammevilkår på alvor.

Gjennom langsiktig samarbeid mellom norske og russiske myndigheiter har vi oppretthalde og auka eksporten av sjømat til Russland.

Samarbeidet mellom Mattilsynet og russisk veterinærteneste har vore avgjerande for å få dette til.

5. Sikrar oppdrett føreseielege vilkår

Som annonsert i havbruksstrategien vil vi i år tildele 65 nye konsesjonar for oppdrett av laks og regnbogeaure. Vi legg opp til at det deretter skal vere årlege tildelingsrundar for å sikre føreseielege vilkår og gje mulegheit for produksjonsvekst i takt med marknadsutviklinga. Eg registrerer at miljørørsla meiner at vi har tildelt for mange konsesjonar, at Framstegspartiet meiner vi har tildelt for få, men at havbruksnæringa stort sett har vore fornøgd med omfanget.

6. Betre profilering av norsk sjømat og norsk kystkultur

I desember 2007 la regjeringa fram ein eigen strategi for utvikling av reiselivsnæringa i Norge. Fiskeri- og kystdepartementet har utarbeidd ein eigen strategi for utvikling av kystbasert reiseliv. Eg meiner at fleire kystsamfunn kan tene på eit nærare samarbeid mellom reiselivsnæringa og fiskeri- og havbruksnæringa. Reiselivsnæringa kan bidra til å profilere norsk sjømat, og vår næring kan bidra med spennande opplevingar for turistar som besøkjer Norge.

Eitt av tiltaka i strategien er å opne opp for at turistar kan fiske frå registrerte fiskefartøy, og at fangsten blir avrekna mot kvoten til  fartøyet. Vi har også nyleg endra regelverket slik at det blir enklare for serveringsstadane å kunne kjøpe fersk fisk direkte frå lokale fiskarar.

Framtida

Fiskeri- og havbruksnæringa har opplevd kontinuerleg eksportvekst dei siste 5 åra. Framgangen er eit resultat av hardt arbeid blant fiskarar, oppdrettarar, industri og eksportørar. Regjeringas politikk har bygd opp under den positive utviklinga, og eg meiner at vi saman har klart å utnytte ressursane som havet gjev på ein god og framtidsretta måte.

Kva vil vi så gjere dei neste 4 åra? Hovudsaka på kort sikt blir å avhjelpe ringverknadane av finanskrisa på norsk fiskerinæring. På lengre sikt blir det å byggje vidare på den politikken som gjeld i dag. Eg kan love forsamlinga at vi ikkje planlegg nokon store omleggingar av den norske fiskeri- og havbrukspolitikken dersom vi får fornya tillit ved stortingsvalet.

Det er likevel nokre område som vi ønskjer å leggje særleg vekt på dei neste 4 åra.

7. Norge skal framleis vere berekraftig

Norge skal spele ein aktiv rolle i det internasjonale arbeidet med å utnytte verdshava på berekraftig og ansvarleg vis. Norge forvaltar havområde som er meir enn seks gonger større enn landområda våre. Dette forpliktar – og eg meiner at vi i endå større grad må byggje opp kunnskap om korleis vi best kan forvalte fisk og andre marine ressursar.

Vi vil halde fram kampen mot ulovleg fiske – og arbeide for ein bindande global avtale om hamnestatskontroll. Sporing skal også utviklast til eit viktig verktøy i kampen mot ulovleg fiske.

For å sikre framtidig vekst i havbruksnæringa, er det viktig at oppdrettsproduksjonen er miljømessig berekraftig. Noko anna ville vere å sage over den greina vi sit på. Vi vil i løpet av våren leggje fram ein eigen strategi som definerer krava til kva som er berekraftig vekst innanfor havbruk.


Vi vil vere særleg opptekne av desse fem områda:
• miljøverknader, blant anna påverking av vasskvaliteten
• genetisk påverknad mellom oppdrettsfisk og villfisk
• sjukdomsspreiing til villfisk
• arealbruken i kystsona
• berekraftig produksjon av fiskefôr

8.  Satsing på kunnskap om klimaendringar

Klimaendringar vil påverke fiskeri- og havbruksnæringa. Derfor er viktig at vi får meir kunnskapen om korleis vi vil bli påverka, og set i verk tiltak for å tilpasse oss til dei endringane som kjem. Det er også viktig at vi bidrar til å redusere utslepp av klimagassar både frå fiskeflåten og landindustrien. Samtidig må vi styrkje kunnskapen om kva verknader klimaendringar har på økosystema i havet og på næringslivet langs kysten.

9. God kvalitet på sjømat

Sjømaten har utan tvil ein positiv verknad på helsa.
Vi skal arbeide vidare for å fremme sjømaten som sunn og god ernæring. Statistikk viser at nordmenn et meir fisk, og vi vil medverke til at sjømatnæringa i endå større grad kan marknadsføre norsk sjømat som trygg, sunn og av god kvalitet. Dette er viktig for å nå ut til dei best betalande marknadane, men også viktig for å bidra til betre kosthald i befolkninga.

Fisk inneheld som kjent høge verdiar av mange viktige næringsstoff, og forsking viser at sjømat i kosthaldet har positive helseverknader. Meir forsking må til. I år er Fiskesprell inne på nasjonalt plan i både barnehagar og i grunnskulen. Barn likar fisk, og dei likar å lage til eigne fiskerettar. Samtidig får dei med seg eit viktig kulturbidrag – medvitet om at vi er ein sjømatnasjon.

Vi vil gå vidare i arbeidet med å sikre jamn og god kvalitet på norsk sjømat. Dette er eit kontinuerleg arbeid gjennom heile verdikjeda, og det krev eit tett samarbeid mellom næringa og myndigheitene. Sjølv om norsk sjømat generelt har god kvalitet, er eg sikker på at vi kan auke verdiskapinga gjennom å satse endå meir på kvalitet. Det gjeld både her heime og når vi skal marknadsføre og selje produkta ute i verda.

10.  Sikre konkurransedyktige rammevilkår

Eit anna viktig område er rammevilkår og næringsutvikling. Fiskeri- og havbruksnæringa eksporterer meir enn 90 % av det dei produserer, og konkurrerer i ein globalt matvaremarknad. Då blir det viktig å sikre at næringa har konkurransedyktige rammevilkår, og at regjeringa fører ein ansvarleg økonomisk politikk. Vi vil leggje vekt på stabilitet og føreseielege forhold når nasjonale rammevilkår for marin sektor blir utforma.

Gjennom ein aktiv næringspolitikk ønskjer vi å medverke til auka verdiskaping i Kyst-Norge. Fiskeri- og havbruksnæringa vil også i framtida vere berebjelken i mange kystsamfunn, og det er berre gjennom økonomisk lønnsame bedrifter det er muleg å sikre ”lys i husan” på lang sikt.

11.  Meir forsking

Sist, men ikkje minst, ønskjer vi framleis å ha leggje stor vekt på forsking. Forsking er ein føresetnad for framtidig konkurransekraft i marin sektor. Eg har allereie vore inne på forsking og havmiljø, bestandsutvikling og ernærings- og helseverknadane av sjømaten. Det er i tillegg viktig å vidareføre forskingsinnsatsen på nye bruksområde for marine ressursar, både til industrielle og medisinske formål.

Vi er i ferd med å sluttføre ein eigen strategi for marin sektor for å sikre vidare vekst og utvikling langs kysten. Denne strategien vil vi legge fram om kort tid.

Avslutning:

Det er grunnleggande skilnader mellom dei politiske partia når det gjeld synet på korleis vi skal styre fiskeri- og havbrukspolitikken. Vi er einige om at denne politikken har mykje å seie for landet og for kystsamfunna, men der stoppar også likheita.

I dag er det heller inga avklaring når det gjeld regjeringsalternativet til dei borgarlege partia. Dei spriker i mange retningar. Dei som stemmer borgarleg, veit ikkje kva dei får, verken når det gjeld politikk eller statsminister.

Finanskrisa fører til at behovet for tryggheit, stabilitet og føreseielege forhold er større enn nokon gong. Det får vi med ei raudgrøn regjering også etter valet i 2009.