Historisk arkiv

Midt-Norsk Fiskerikonferanse 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksens tale under Midt-Norsk Fiskerikonferanse i Kristiansund 8. juni 2009.

Kjære alle saman,

Eg er invitert for å snakke om fiskeripolitikk for ei næring som no er inne i ei av sine største utfordringar på mange år. Samstundes må vi ikkje gløyme at det ligg eit enormt potensial i næringa. Difor vil eg ikkje berre snakke om problem i dag – men også om mulegheiter.   

Regjeringas nye strategi for marin sektor

Den norske sjømatnæringa produserer og eksporterer 27 millionar måltid med sjømat kvar dag.  

Likevel har vi uutnytta mulegheiter for høgre verdiskaping. Særleg dersom vi evnar å putte meir kunnskap inn i produkta våre, gjennom ny teknologi, produktutvikling, merking og andre verdiskapande tiltak.  

I tillegg har vi nye område for vekst, som kystbasert reiseliv, utnytting av nye artar, marin bioprospektering og genteknologi.   

I tøffe tider er det viktig å sjå framover og leggje strategiar for å sikre aktivitet og nyskaping. Regjeringa lanserte nyleg sin strategi for marin sektor, og der gjer vi akkurat dette:  

Vi ser framover og peikar på kva område som bør styrkjast, dersom vi skal auke konkurranseevna til fiskeri- og havbruksnæringa. Strategien inneheld difor politiske mål for neste fireårsperiode, og seier noko på eit overordna nivå om kva vi vil gjere for å få dette til. 

Strategien har fått namnet ”Bærekraftig sjømat - alfa og omega”. Namnet understrekar kor viktig det er at alle verksemder som baserer seg på utnytting av ressursane i havet, er berekraftige i ordet sin vidaste forstand. Nærare bestemt skal alle nye grep vere basert på 

  • kunnskap om at det som vert gjort, er miljømessig forsvarleg
  • kunnskap om at det som vert gjort, er økonomisk berande
  • ei rettferdig fordeling av goda, på kort og lang sikt   

Strategien blir fremma av regjeringa på tampen av valperioden vår. Det gjer vi bevisst. Vi har alt levert på så å seie alle punkta som vi lanserte i Soria Moria-erklæringa for marin sektor – og det er vi stolte av. Vi har  

  • redusert det ulovlege fisket
  • øyremerkt 500 millionar kroner til marin sektor i det nye statlege investeringsfondet Investinor
  • dobla løyvingane til marint verdiskapingsprogram
  • utforma ny strukturpolitikk for fiskeflåten og laga ei ny havressurslov
  • utvikla ei ny kongekrabbeforvaltning
  • lagt fram ein konkurransestrategi for havbruksnæringa, og lyst ut 65 nye løyve for laks og aure
  • laga ein strategi for miljømessig berekraft i havbruksnæringa
  • laga ein ferskfiskstrategi  

Vi har levert på det vi sa vi skulle gjere. Vi har endra kursen betydeleg etter Bondevik II – og så skal vi vidare.  

I strategiane seier vi kva område vi vil prioritere for å styrkje næringa si konkurranseevne. I strategien ”Bærekraftig sjømat – alfa og omega” er det peikt ut fire område som vi vil leggje særleg vekt på framover: 

  • Vi vil ha ei auka satsing på miljø, klima og berekraft.
  • Vi vil leggje til rette for at norske aktørar skal kunne produsere sjømat for framtidas forbrukarar.
  • Vi vil fortsetje å leggje aktivt til rette for nærings- og regionalutvikling.
  • Og – vi må ha ei satsing på kunnskap og forsking. 

I eit høgkostland som Norge er kunnskap og forsking eit spørsmål om å vere eller ikkje vere. Det blir også kravd svært mykje kunnskap for å kunne forvalte ressursane som dei store havområda våre gir oss ansvaret for, på ein berekraftig måte. 

Globale trendar viser at konsumentar i høgt betalande marknader ønskjer å kjøpe mat som er berekraftig og etisk produsert – produkt der det er teke omsyn til miljø og dyrevelferd i produksjonsprosessen, mat som kan dokumenterast er sunn og helsefremmande, mat som er lett tilgjengeleg. 

Difor er det viktig å dokumentere og synleggjere det arbeidt som blir utført, for å sikre at forvaltning og produksjon av både villfisk og havbruk er berekraftig. Det kan gi næringa ein konkurransefordel i mange marknader. 

Difor lanserte vi i april i år ein eigen strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring, der vi fremmar ei rekkje tiltak knytt til mellom anna problematikk rundt fôr, sjukdom og interaksjon mellom oppdrettsfisk og villfisk. Dette arbeidet vil bli vidareført med høg prioritet, fordi vi trur at forbrukarane og opinionen vil akseptere vekst i oppdrettsnæringa – dersom vi har gode svar på dei kritiske spørsmåla som blir stilt. 

Eit av dei store problema i vår tid er at folk et feil og blir sjuke av det. Sjukdom reduserer livskvaliteten, og er dyrt for samfunnet. Sjømat er sunn og god ernæring for dagens og framtidas forbrukarar, og regjeringa vil bidra til at sjømatnæringa med tyngd kan marknadsføre norsk sjømat som trygg, sunn og av god kvalitet. 

Dette er viktig for å bidra til betre kosthald i befolkninga, men også for å nå ut til dei best betalande marknadene. 

Berekraftig ressursforvaltning 

Så til eit anna tema: Overfiske, utkast og ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) utgjer dei største truslane mot ei berekraftig forvaltning av dei marine ressursane på verdsbasis.

Regjeringa driv eit målretta, offensivt og systematisk arbeid for å setje desse tre problema på den internasjonale dagsorden. Årsaka til det er at vi innser at dette er globale fenomen som på ulikt vis går utover framtida og konkurranseevna til vår eiga næring – og ressursgrunnlaget til komande generasjonar av fiskarar verda over. 

Denne kampen kan vi ikkje kjempe åleine, vi treng medspelarar og samarbeid på tvers av landegrensene. 

Med forvaltningsprinsippet i den nye havressurslova har vi sett oss høge mål om at all hausting skal skje innanfor den biologiske tolegrensa til bestandane. Norge er difor ein pådrivar for å få på plass gjenoppbyggingsplanar for dei av bestandane som har vore overfiska – og vi pressar på i forhandlingane med EU for å få haustinga innanfor berekraftige rammer, definerte av forskarane.

Utkast av fisk er eit verdsomspennande problem som inneber ei alvorleg sløsing med dei marine ressursane. Samstundes undergrev dumpinga målet om å halde kontroll med haustinga, innanfor dei fastsette totalkvotane. 

Regjeringa og departementet har difor teke fleire store initiativ i kampen mot utkast på den internasjonale arenaen: 

For det første har det skjedd både gjennom høgt aktivitetsnivå og trykk i forhandlingane med EU om utkastforbod for fellesbestandane i Nordaust-Atlanteren, og gjennom Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen NEAFC.

Deretter vart utkast norsk hovudsak under behandlinga av fiskeriresolusjonen i generalforsamlinga i FN, i november 2008. Der fekk vi inn ei oppfordring om å setje i gang ein global prosess for å redusere bifangst og utkast. 

Og seinast – i mars 2009, vedtok FAOs fiskerikomite COFI – etter forslag og tilbod om finansiering frå Norge – å setje i gang ein global prosess i tråd med oppfordringa frå FN. Dette er ein stegvis prosess som – forhåpentlegvis – vil munne ut i ein ambisiøs internasjonal handlingsplan. 

Forut for dette har vi også lagt ned mykje arbeid i å bruke hamnestatskontroll for å stoppe ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

Kontroll ved landing av fisk er ein kostnadseffektiv måte å kontrollere uttaket av fisk på. Her heime har vi jo lang erfaring frå kontroll av fartøya våre ved landingar. Men at ein slik form for kontroll kunne vere eit middel i kampen mot internasjonalt svartfiske, var ikkje innlysande for mange samarbeidande land. 

Trass i dette fekk vi dei andre medlemslanda i NEAFC med på eit vedtak om å innføre hamnestatskontroll i heile NEAFC sitt konvensjonsområde frå 1. mai 2007. Berre nokre år før dette, var det ein temmeleg djup skepsis mot at eit slikt system ville fungere. 

Difor er det gledeleg å sjå at NEAFC sitt system har stengd ulovleg fanga fisk frå Barentshavet ute frå dei europeiske mottakarlanda. Dette er ein viktig, men ikkje den einaste, årsaka til at det urapporterte fisket av torsk i Barentshavet no er redusert med 84 prosent frå 2005 til 2008. Medan det i 2005 vart estimert eit kvantum på over 100 000 tonn urapportert torsk, er talet i 2008 kome ned i 15 000 tonn.

Dette er svært gledeleg for fiskerinæringa og for kystsamfunn både i Russland og Norge. Og i eit lengre historisk perspektiv trur eg denne reduksjonen vil vise seg å vere ein milepæl for det marine økosystemet i Barentshavet. 

Vi kan likevel ikkje kvile på våre laurbær. Dei som står bak omfattande og systematisk ulovleg fiske kan fort tilpasse seg til nye reglar – til dømes har vi sett at fisk frå Barentshavet er landa i Afrika og Asia. Ei permanent løysing på problemet har vi ikkje før alle viktige hamnestatar er med i eit globalt samarbeid om å stengje ute svartfisk. Dette arbeider vi for gjennom FAO. Det er ei krevjande oppgåve, men når vi kjem i mål, vil det vere ei historisk hending i internasjonal fiskeriforvaltning.


Samstundes trur eg ikkje på nokon måte at dette er punktumet i utviklinga av det internasjonale rammeverket for fiskeriforvaltning. Signala frå marknaden peiker i retning av auka vekt på fiskeprodukt frå berekraftige fiskeri. Krav om fangstsertifisering kjem no for fullt, og eg kan ikkje skjøne anna enn at norsk fiskerinæring er godt skodd for å møte eit slikt krav. 

Kan hende vil vi til og med ha eit marknadsfortrinn på dette området. 

Finanskrisa 

Det leier over til neste tema: Situasjonen i marknadene våre. 

At fiskerinæringa er internasjonal er eit faktum på både godt og vondt. Det at vi eksporterer over 90 prosent av fisken vi fangar og oppdrettar, gjer oss heilt avhengige av dei internasjonale marknadene. 

Rapportane frå utlandet viser at det er ein langt meir dyster situasjon der ute enn heime hos oss. Og det er i andre land enn Norge at finanskrisa har ramma hardast. Det er ei internasjonal krise som treng ei internasjonal løysing. 

Som så mykje anna i livet, kan finanskrisa verke urettferdig. Ho rammar svært ulikt også i fiskerinæringa. 

I april månad eksporterte vi laks til ein verdi av 1,9 milliardar kroner. Det er 559 millionar kroner meir enn same månad i fjor. Også eksporten av makrell og sild har så langt gått bra. Vi eksporterte 30 prosent meir sild i dei fire første månadene i år enn i same periode i fjor. 

Samtidig er det andre delar av næringa som slit. Torskesektoren har vore hardast råka. Det er vondt å sjå at fiskarar ikkje får levert fisk frå ein kvote som er større enn på mange år. Det er vondt å sjå at foredlingsbedrifter slit, og at saltfisk blir liggande på lager i Norge. 

Difor gjer regjeringa alt ho kan for å hjelpe dei delane av næringa som har det vanskeleg. Det er ein klar logikk i dei tiltaka som regjeringa til no har kome med. Det er nødvendig å kome med tiltak der vi meiner at dei faktiske problema er. 

For fiskerinæringa er det ikkje først og fremst ei finanskrise, men ei omsetningskrise. Og det kan vere fleire årsaker som har medverka til dette, mellom anna høge kvotar både i Norge og hos konkurrentane våre, i tillegg til svært høge torskeprisar i 2008 og ein gunstig valutasituasjon for både Russland og Island. 

Lageret av fisk er flytta frå kjøparane ute, til Norge. Men staten kan ikkje oppheve store endringar som skjer ute i marknadene. Tiltaka har difor vore innretta mot å halde aktiviteten i gang – på sjø og land – inntil salet igjen tek seg opp. 

På haustparten i fjor kom dei første rapportane om importørar i utlandet som hadde problem. I november meir enn dobla regjeringa rammene til GIEK. Dette gjer at GIEK kredittforsikring kan tilby tilstrekkeleg eksportkredittforsikring til sjømateksporten. Medan dei private kredittforsikringsselskapa har redusert tilbodet sitt, har GIEK kredittforsikring kunne oppretthalde sitt tilbod som normalt. 

Innovasjon Norge har også vore eit sentralt verktøy for å hjelpe fiskerinæringa. Vi har i fleire steg mangedobla låne- og garantirammene hos Innovasjon Norge. 

I februar vart det også etablert ei eiga garantiordning for førstehandsomsetninga av fisk mellom Innovasjon Norge og fiskesalslaga. Ordninga inneber at garantiordninga som Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag har hos Innovasjon Norge er utvida, ved at staten bidreg med inntil 525 millionar kroner i garantiar. 

Garantiordninga har sikra at fleire fiskarar har fått levere torsk under årets vinterfiske, enn det som ville ha vore tilfelle utan ei slik ordning. 

Det står no att rundt 97,5 millionar kroner av denne garantiramma som ikkje vil bli nytta til garantiar til fiskesalslaga, og 68 millionar kroner av løyvinga til tapsavsetning. Samstundes er det mange fiskeindustribedrifter som manglar driftskapital for å kunne kjøpe inn meir fisk. Regjeringa har difor fremma forslag til Stortinget om å gi Innovasjon Norge fullmakt til å nytte beløpa til garantiar for driftskreditt til fiskerinæringa. 

Garantiane skal bidra til auka driftskreditt, og ikkje overta risikoen for eksisterande driftskreditt. Vi håpar at dette vil betre tilgangen på driftskapital i fiskeindustrien, men det er ein føresetnad at også bankane tek sin del av risikoen. Dette vil vere viktig for gjennomføringa av vårtorskefisket i Finnmark og for seifisket langs kysten. 

Vi har også auka løyvingane til føringstilskot, og gitt pengar til mottaksstasjonar.

Vi har også i bakhovudet at salet må opp igjen. Difor har regjeringa gått saman med næringa i eit spleiselag for å gjennomføre ein ekstraordinær marknadsføringsinnsats for torsk. Det er hittil sett av 25 millionar kroner til dette, av det 16,5 millionar kroner frå staten. 

No sist er det i revidert nasjonalbudsjett gjort framlegg om nye 19 millionar kroner, av dei 9 millionar til marknadsføring og inntil 10 millionar til føringstilskot. 

Og la meg også nemne at vi har auka fiskarfrådraget til 150.000 kroner frå og med 2009. 

I tillegg til desse tiltaka har det i vinter vore mykje diskusjon om råfisklova og minsteprisen. 

La meg seie slå fast – råfisklova er ei god lov for den norske fiskerinæringa. 

Medan det før vart sagt at råfisklova må bort, har no mange sentrale personar i fiskeindustrien også sett at det er fordelar med råfisklova som vi må ta vare på. Ho sikrar at fiskeindustrien langs heile kysten har like vilkår, med same oppgjerstider, reklamasjonsordningar og garantiar. Det skaper ein stabilitet i forholdet mellom fiskar og kjøpar. 

Marknadssituasjonen er eit av omsyna ved fastsettinga av ein minstepris. Tala viser at  minsteprisen har fungert godt i mange år i torskesektoren. Han har då vore eit golv som marknadsprisen helst ikkje skal kome ned til. I så fall har salslaga sett ein fungerande minstepris, som let marknaden reflektere verdien på fisken, og samstundes sikra fiskarane og bedriftene i fiskeindustrien rimeleg stabile konkurranseforhold. 

Dersom vi no skal ha ein diskusjon omkring minsteprisspørsmålet må vi difor sjå dette i ein lengre tidsperiode enn berre i vinter. 

La meg difor nemne at vi i to år har hatt ei prøveordning mellom fiskesalslaga og kjøparorganisasjonane med mekling når salslaga og kjøparorganisasjonane ikkje har kome til semje om minsteprisen. Denne prøveordninga vert no evaluert av eit eksterne konsulentselskap. Når denne evalueringa er klar får vi kome attende til saka. 

Kvifor fire nye år?

La meg så mot slutten av dette innlegget kome tilbake til det eg byrja med: 

Den raudgrøne regjeringa har levert det som vart lova i Soria Moria-erklæringa. Etter at vi snudde kursen frå Bondevik II-regjeringa, skal vi halde stø kurs i fire nye år med hovudpunkta i fiskeripolitikken vår: 

  • Vi skal ha berekraftige fiskebestandar.
  • Vi skal ha ei rettferdig fordeling av ressursane som gir grunnlag for ein variert flåte.
  • Vi skal ha ei fiskerinæring som er lønnsam og gir langsiktig verdiskaping langs kysten.
  • Vi skal ha ei næring som er del av ei heilskapleg ressursforvaltning og ein heilskapleg miljøpolitikk. 

Fiskerinæringa er avhengig av å ha stabile og føreseielege vilkår. Næringa opplever mange svingingar på mange frontar, både biologiske og marknadsmessig. Difor meiner den raudgrøne regjeringa at næringa er tent med at vi styrer etter desse prinsippa. 

Men vi skal ikkje styre gjennom å stå stille. Vi skal styre ved å gjennomføre dei strategiane som er lagt fram og ved andre grep som framtida måtte gjere nødvendige. Stø kurs betyr ei stø hovudretning. Det er dette som er nødvendig for at folk i næringa skal vite kva dei har å halde seg til. 

Vi har ei fiskerinæring som samla er i positiv utvikling, trass i dei utfordringane som vi har stått overfor i vinter. Desse utfordringane skal vi framleis takle med tiltak der det er nødvendig, når det er nødvendig. 

Fiskerinæringa treng ikkje nye eksperiment no.

Fiskerinæringa treng stabilitet, gjennom fire nye år med ei raudgrøn regjering.