Historisk arkiv

Nasjonal transportplan 2010-2019 - Sjøtransport og maritim infrastruktur

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Norge rår over store havområde, har ei lang kystlinje med mange øyar og lange fjordar. Sjøtransporten er derfor ei naturleg og viktig transportform for Norge.

Regjeringa ønskjer ein meir konkurransedyktig sjøtransport og meir gods på kjøl, og legg difor i Nasjonal transportplan fram ei stor satsing på utbetring og sikring av farleier til sjøs, på overvaking av skipstrafikken og på utbetring av store og små fiskerihamner.

Nærmare bestemt legg regjeringa opp til ein auke på heile 77 % på Kystverket sitt område. Dette betyr at samanlikna med NTP 2006 -2015, så vil det årlege budsjettet til Kystverket bli styrka med 471 mill. kr.

I gjennomsnitt i perioden 2010 -2019 vil Kystverket få 1 mrd og 85 mill årleg (1085 mill. kr).

Dette skal styrke sjøsikkerheita, trygge grunnlag for regional utvikling og komme næringslivet sitt transportbehov i møte. Samtidig skal det fremme ei transportform som gir miljøgevinstar.

I transportplanen presenterer regjeringa ein pakke med tiltak for å styrkje sjøtransporten si stilling i marknaden. Vi går inn for:
• Reduksjon i gebyr og avgifter for sjøtransporten
• Moderne og framtidsretta hamne- og farvasslov
• Tilrettelegging for intermodal transport
• Utbetring av farleiene og fiskerihamner langs kysten

Koplinga mellom transportformene står sentralt i Nasjonal transportplan. Ein del ”Stamnetthamner” blir peika på som viktige knutepunkt mellom sjø- og landtransport. Det blir blant anna definert nokre ”Stamnetthamner” som er kopla til stamnettet på sjø og på veg.

Regjeringa legg også opp til større satsing på utbetring av vegsambandet til enkelte stamnetthamner. Vidare legg den nye hamne- og farvasslova  til rette for ei effektiv og forretningsmessig hamnedrift. Noko som i sin tur vil komme brukarane og sjøtransporten til gode.


Så tilbake til satsinga i Nasjonal transportplan:

  • Reduksjon i gebyr og avgifter
  • Regjeringa foreslår å redusere brukarbetalinga for sjøtransporten ved at kystgebyret og årsavgifta for hamnesikkerheit blir fjerna. Dette vil bety ein gebyr- og avgiftslette for sjøtransporten på 115 mill.kr.
  • Dette vil betre sjøtransporten sine konkurransevilkår i høve til vegtransporten.

Loseffektivisering

Lostenesta er eit viktig sjøsikkerheitstiltak for å førebygge grunnstøytingar og kollisjonar. Lostenesta er 100% brukarfinansiert, og aktørar i sjøtransportsektoren meiner at losplikta bidreg til høge kostnader for næringa. Det er derfor starta ein gjennomgang av lostenesta med sikte på effektivisering.

Men eg vil understreke at sikkerheita til sjøs sjølvsagt må stå øvst på agendaen.

Fornying av utstyr på trafikksentralane

Dei fem trafikksentralane til Kystverket er etablerte langs kysten i område der trafikken representerer ein særleg risiko for sjøsikkerheit og miljø.

Vi har fem trafikksentralar langs kysten. Dei første vart etablert på 80-tallet. For å oppretthalde den gode overvakinga av trafikken langs kysten, er det behov for nytt teknisk utstyr og regjeringa aukar derfor løyvinga til investeringar i nytt utstyr ved trafikksentralane med om lag 25 mill. kr årlig. 

Navigasjonsinstallasjonar og fartøyfornying

Det er eit betydeleg etterslep på vedlikehald og fornying av  navigasjonsinstallasjonane. Regjeringa vil derfor auke den årlege løyvinga til navigasjonsinstallasjonar til 300 mill. kr i året i dei første fire åra av planperioden, og legg opp til ein ytterlegare auke i siste del av planperioden.

Fartøya til Kystverket, som blir brukte til drift og vedlikehald av navigasjonsinstallasjonane, er i dag i gjennomsnittleg 31 år gamle, og vedlikehaldsbehovet aukar for kvart år.

Regjeringa vil sørgje for øyremerka midlar til fartøyfornying i Kystverket. NTP legger opp til ei løyving på 54 mill. kr årleg.

Investeringar i fiskerihamner

Fiskeri- og havbruksnæringa er viktig for Kyst-Norge og for heile landet. Denne næringa er avhengig av at den maritime infrastrukturen er god.

Regjeringa held fram med innsatsen for å vidareutvikle fiskerihamnene, ofte med utdjuping slik at det blir muleg for større båtar å komme inn til bedriftene og til servicetilboda som er der.

Det er sett av 2 milliardar kroner til dette formålet i neste 10 års-periode.  Dette vil leggje til rette for framtidsretta næringsaktivitet og dermed sysselsetting langs kysten. Det er fiskerihamneanlegg frå Hvaler i sør til Båtsfjord i nord, med dei største anlegga i Nordland og Troms.

Investeringar i farleier

Gode farleier gjer det tryggare og meir effektivt å ferdast langs kysten. Dette tek regjeringa på alvor. I NTP har regjeringa prioritert 42 større og mindre tiltak i viktige farleier, og legger opp til at det skal brukast nesten 3 milliardar kroner til dette formålet dei neste 10 åra.

I tillegg til sikkerheit og effektivitet, gjev betre farleier ein betydeleg miljøgevinst. Dette vil også gjere sjøtransporten meir attraktiv som transportalternativ. 

Blant dei store utbetringane som vil komme vil eg nemne innseglinga til Borg havn i Fredrikstad og utdjuping av den sterkt trafikkerte strekninga ved Lepsøyrevet ved Ålesund. Utbetring av farleia ved Lepsøyrevet vil bidra til både tryggare og kortare seglas. Regjeringa vil derfor bruke 259 mill. kr på å utdjupe leia ned til 11 meter i en seglingsrenne som skal bli 100 meter brei.  

Generelt er god infrastruktur viktig for verdiskaping og utvilkling av levedyktige samfunn i heile Norge. Maritim infrastruktur er spesielt viktig for busetting, sysselsetting og langsiktig utvikling langs kysten.

Derfor er dagen i dag ein svært god dag for Kyst-Norge, for aktørar innan sjøtransport og for landet i det heile.