Historisk arkiv

Ny forvaltingsforskrift for oppdrett av laksefisk i Hardangerfjorden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på Hardangerfjordseminaret 2009 - Øystese 24. april 2009.

Kjære alle saman!

Tittelen på dette foredraget er "Ny forvaltingsforskrift for oppdrett av laksefisk i Hardangerfjorden”. Vi har dessverre enno ikkje rokke å ferdigstille forskrifta heilt, så eg kan ikkje seie mykje om konklusjonane, men vil heller seie noko om prosessen og kvar vi står. Eg vil derfor nytte høvet til å snakke om regjeringa sin nye ”strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring", som inneheld mykje som bør vere interessant for mange i denne forsamlinga . Strategien vil påverke korleis vi forvaltar laksenæringa i Norge, og då også Hardangerfjorden.

Men først litt om arbeidet med Hardangerfjord-forskrifta.

Hardangerfjorden er eit område som har spesielle og særeigne utfordringar. Fjorden har mange oppdrettslokalitetar i bruk og stor biomasse av oppdrettsfisk. Både ståande biomasse og produksjon er meir enn dobla sidan 1997. Forholda for oppdrett av laks i fjorden har vore sett på som svært gunstige, og mange selskap ønskjer å flytte inn fleire produksjonsløyve til dette området.

Hardangerfjorden er samstundes ein av dei to viktigaste fjordane for vill laks i Hordaland, med 7 elvar med verdifulle laksebestandar. Det er i tillegg mange gode sjøaurevassdrag som munnar ut i denne fjorden. Tilstanden for alle laksebestandar er no vanskeleg, og sjøaurebestandane i midtre Hardangerfjord er under (strekt) press. Det er langt på veg fagleg semje i forskingsmiljøa og forvaltninga om at lakselus og rømd oppdrettslaks er dei viktigaste årsakene til problema for vill laks og sjøaure i dette området.

Fiskeri- og kystdepartementet har vurdert det slik at situasjonen i Hardangerfjorden krev spesielle grep i forvaltninga. Det er viktig for departementet å sikre ei vidare berekraftig forvaltning av oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden.  Dette må gjerast både gjennom forvaltningstiltak og forsking.

Departementet gav 8. april 2008 Mattilsynet og Fiskeridirektoratet ein instruks om særskilde tiltak innanfor Hardangerfjorden med formål om å ”fryse” situasjonen. Samstundes vart det gjort ei forskriftsendring som suspenderte – i Hardangerfjorden - regelen i laksetildelingsforskrifta som gir rette til å flytte ved å melde. Det vart dermed ikkje mogleg å flytte inn ytterlegare konsesjonar i Hardangerfjorden. Fiskeridirektoratet fekk også i oppdrag å utarbeide eit forslag til forskrift om nytt forvaltningsregime i fjorden. I år skal myndigheitene tildele 65 nye løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure. Det er verdt å merke seg at ingen av desse kan bli etablerte i Hardangerfjorden.

Departementet fekk Fiskeridirektoratet si tilråding til ny forskrift 24. oktober i fjor og ho ligg no til behandling hos oss. Seinare i dag vil Jens Christian Holm frå Fiskeridirektoratet gjere nærare greie for direktoratet sitt forslag. Når forskrifta blir ferdig til å sende på høyring, kan eg ikkje gi et sikkert svar på, men dette arbeidet har no høg prioritet.

Formålet med ei eiga forskrift for Hardangerfjorden er å betre situasjonen i fjorden, særleg for viltlevande bestandar av laksefisk. Så forhåpentlegvis er det ei forskrift som ikkje skal vare evig. Men tidpunktet for når forskrifta skal opphevast, vil vere avhengig av kor raskt vi oppnår det vi ønskjer i Hardangerfjorden. Myndigheitene vil arbeide vidare med å finne eigna indikatorar og effektmål som kan gi grunnlag for å vurdere når miljøforholda i Hardangerfjorden igjen kan forsvare auka oppdrettsverksemd. I den samanhengen vil regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring gi viktig rettleiing.

Eg vil seie noko meir om regjeringa sin nye strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring.
Havbruksnæringa er viktig for Norge. Næringa skaper arbeidsplassar og verdiar langs kysten. Norsk havbruk medverkar også til eit sunt kosthald. Regjeringa ønskjer difor at havbruksnæringa skal utvikle seg vidare. Vi meiner at dette kan gjerast samtidig som vi tek vare på miljøet, medrekna ville bestandar av laks og aure.

Strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring er ei oppfølging av konkurransestrategien for havbruksnæringa som vi la fram i 2007. Strategien beskriv kva som kjenneteiknar ein oppdrettsproduksjon som tek omsyn til miljøet. Framtidig vekst krev at vi set i verk nye tiltak. Det er også behov for å systematisere dei tiltaka som allereie er innførte for å ivareta omsynet til miljøet best muleg.

Berekraftstrategien identifiserer problemstillingar, set mål og klargjer kva som skal til for å nå måla. Eg oppfattar at både havbruksnæringa, miljøorganisasjonar og villaksinteresser i stor grad støttar måla i strategien, og eg inviterer til vidare samarbeid for å nå dei måla vi har sett.

Vi har konsentrert oss om fem område der havbruksnæringa påverkar miljøet:

  • genetisk påverknad på grunn av rømming
  • forureining
  • sjukdom
  • arealbruk og
  • fôrressursar

Eg vil kort gå inn på dei fem områda og peike på måla vi set, og så trekkje fram nokre viktige tiltak.

Norge har gjennom internasjonale avtalar forplikta seg til å ta eit særleg forvaltaransvar for den ville atlantiske laksen. Forsking viser at høg og vedvarande kryssing med rømt oppdrettslaks er negativt for den ville laksen. Denne utfordringa må løysast.

Regjeringa vil difor sikre at havbruk ikkje bidreg til varige endringar i dei genetiske eigenskapane til villfiskbestandane.

Dei innrapporterte rømmingstala for laks og aure i 2007 og 2008 viser ein betydeleg nedgang. Dette er positivt, men det førebyggande arbeidet må halde fram. Éin rømt oppdrettsfisk er framleis éin for mykje.

Talet på innrapporterte rømte oppdrettsfisk er ikkje eit optimalt måltal for å vurdere konsekvensar av rømming. Vi må framover også basere oss på oppgåver som viser talet på oppdrettsfisk som finst i lakseførande vassdrag.

Vi skal i tillegg auke kunnskapen om genetisk stabilitet i ville laksebestandar. Dette omfattar blant anna informasjon om kor robuste dei ulike bestandane er, og kva som er tolegrensa for dei ulike laksebestandane når det gjeld innslag av rømlingar i gytebestandane.

Konsekvensen av uhell eller havari aukar med merdstørrelsen. Vi skal difor greie ut om det bør setjast ei øvre grense for størrelse eller talet på fisk i ein merd. Det vil også bli vurdert om oppdrettarar bør betale for tiltak som må setjast i verk av det offentlege etter rømming, for eksempel utfisking av rømt fisk i elvar. Det vil i så fall vere i samsvar med prinsippet i norsk miljøpolitikk om at forureinar betaler for dei skadane ein sjølv er ansvarleg for.

Når det gjeld torskeoppdrett er det behov for meir kunnskap på fleire felt. Dette vart nærmare omtalt av fiskeri- og kystministeren på ”Torskenettverkets” samling i Bergen i februar. Eit muleg tiltak er å innføre særskilt beskytta område for torskeoppdrett, etter modell av nasjonale laksefjordar. Vi vil også vurdere om forskrifta for Hardangerfjorden bør gjelde for marin fisk.

Utslepp av næringssalt og organisk materiale frå oppdrett er totalt sett eit lite miljøproblem i Norge. Dette heng saman med ei lang kystlinje og oppdrettslokalitetar med stor utskifting av vatn. Det kan likevel vere problem med enkelte lokalitetar og i spesielt oppdrettstette område.
 
Regjeringa har som mål at ”alle oppdrettslokalitetar som er i bruk skal halde seg innanfor ein akseptabel miljøtilstand, og ikkje ha større utslepp av næringssalt og organisk materiale enn det fjordane og kysten vår toler”.

For å ha eit best muleg vurderingsgrunnlag når nye lokalitetar skal klarerast, vil vi prioritere forsking om miljøverknader av havbruk. I område med mange oppdrettanlegg må vi også sjå på den totale utsleppsbelastninga, og ikkje berre måle belastningane ved dei enkelte anlegga.

Helsesituasjonen i havbruksnæringa er vesentleg forbetra dei siste 20 åra, men sjukdom er framleis ein betydeleg tapsfaktor. Innrapporterte tal til Fiskeridirektoratet om svinn, viser at om lag 90 prosent - eller 36 millionar fisk - av svinnet i 2007 kom av fiskedød. Prosentdelen for svinn har dei siste 10 åra vore stabil mellom 8 og 10 prosent.
 
For regjeringa er det viktig å sikre at sjukdom hos oppdrettsfisk ikkje spreier seg til ville bestandar. Vi har difor sett som mål at ”sjukdom i oppdrett skal haldast på eit så lågt nivå at ikkje bestanden av villfisk blir påverka”. Det er sjølvsagt også viktig at mest muleg av oppdrettsfisken veks opp til slakting med minimal medisinbruk.

Havbruksnæringa sitt største problem når det gjeld sjukdom og miljø er lakselus. Dagens nivå av lakselus er ikkje eit problem for oppdrettsfisken i seg sjølv, men nokre stader er lakselus eit alvorleg problem for vill laks og sjøaure, særleg i Hardangerfjorden. Det er allereie innført tiltaksgrenser mot lakselus i oppdrett, men framover vil også lusetal hos viltlevande laksefiskebestandar bli brukt for å vurdere kva for tiltak som må setjast i verk. I tilfelle der avlusing ikkje er tilstrekkeleg, vil vi måtte vurdere å redusere biomassen i oppdrettsanlegg i det aktuelle området.

Eg vil også nytte høvet til å minne om at Mattilsynet nettopp har avslutta ei høyring om forslag til ny forskrift om nedkjemping av lus i havbruksanlegg. Vi reknar med å få Mattilsynet sitt endelege forslag til forskrift om ikkje lenge.

Dei viktigaste endringsforslaga i forhold til dagens forskrift er:

  • Krav til verksemdene om å ha ein heilskapleg plan for å nedkjempe lus og å handtere resistens.
  • Krav om at badebehandling skal gjennomførast i lukka behandlingseining på ein slik måte at all fisk blir eksponert for den terapeutiske dosen.
  • Plikt til å evaluere verknadane av behandlinga og varsling og utgreiing av behandlingssvikt.
  • Auka stimulering til leppefiskbruk.
  • Bruk av smittehygieniske fellesområde i samband med koordinert avlusing.
  • Krav om at dersom behandling mot lus med alternativ substansgruppe ikkje lèt seg gjennomføre eller er mislukka, skal anlegget umiddelbart fjerne all fisk frå lokaliteten. 

Det er avgjerande for både næringa og for miljøet at regelverket medverkar til at næringsaktørar gjennomfører ansvarlege avlusingar, og at forvaltninga får fullt innsyn i effekten av dei tiltaka som næringsaktørane gjennomfører.

Utviklinga i havbruksnæringa går mot bruk av stadig større merdar. Dette gjer behandlinga mot lakselus vanskelegare. Det ligg i dagens regelverk at merdane ikkje kan vere større enn at oppdrettaren klarer å behandle fisken på ein tilfredsstillande måte. Dersom det viser seg nødvendig, vil vi foreslå endringar i regelverket om merdstørrelse.

Flytting av fisk inneber fare for spreiing av sjukdomar og aukar faren for rømming. Vi vil difor gå igjennom dagens krav til brønnbåtar og transport. Eg har likevel oppfordra havbruksnæringa til å utvikle manualar for beste praksis – såkalla ”Codes of best practice” – for å sikre trygg smolttransport, at sjøsett fisk helst ikkje blir flytta og at det blir stilt høge krav til brønnbåttransport. Om næringa sjølv finn gode løysingar, vil det vere mindre behov for at myndigheitene grip inn. Vi vil uansett følgje nøye med i tida framover.

Den geografiske strukturen i havbruksnæringa er prega av at lokalitetane er klarerte i den rekkefølgje søknadene har kome inn. Det har ikkje lege nokon overordna plan til grunn. Vidare vekst kan difor innebere at dagens arealstruktur bør endrast, slik at det tildelte arealet kan utnyttast på ein meir effektiv måte.

Det er også grunn til å tru at dagens geografiske struktur er ei medverkande årsak til nokre av sjukdomsproblema i havbruksnæringa. Regjeringa har difor sett som mål at ”havbruksnæringa skal ha ein lokalitetsstruktur og arealbruk som reduserer miljøpåverknad og smitterisiko”.

Fiskeri- og kystdepartementet vil setje ned et eige utval som skal vurdere ein meir effektiv arealbruk i havbruksnæringa, og det skal utarbeidast nye og betre kriterium for lokalisering av oppdrettsanlegg. Vi vil også foreslå endringar i akvakulturlova slik at flytting av oppdrettsanlegg kan påleggjast ut frå overordna samfunns- og næringsomsyn. Sentrale omsyn er miljø og fiskehelse. Omsynet til ville fiskebestandar er viktig.

Produksjonsvekst i havbruksnæringa betyr auka bruk av fiskefôr. Men ein stadig mindre del av fôret til for eksempel laksen, er fiskeråstoff. Denne utviklinga må halde fram og kombinerast med ei berekraftig forvaltning av fiskebestandane som blir nytta til fôr.

For regjeringa er det eit ufråvikeleg krav at ”havbruksnæringas behov for fôrråstoff må dekkjast utan overbeskatting av dei viltlevande marine ressursane”. I denne samanhengen er det også viktig å kjempe mot ulovleg fiske, redusere utkast av fisk og sørgje for at biprodukt blir betre utnytta til fôr.

Berekraftstrategien vil bli lagd til grunn for den framtidige havbrukspolitikken. Eg meiner at han også vil vere eit nyttig hjelpemiddel for både havbruksnæringa, miljøorganisasjonane og villfiskinterressene. Strategien presenterer konkrete tiltak som skal sikre eit miljømessig berekraftig norsk havbruk. Så lenge havbruksnæringa held seg innanfor dei rammene som strategien set, vil havbruksnæringa kunne vekse vidare. Viss ikkje, vil offentleg kontroll og tilsyn føre til pålegg om avgrensingar og eventuelt stopp i oppdrett på enkelte lokalitetar eller område.

Eg ser fram til spennande innlegg utover dagen og vil samstundes ønskje dykk lukke til vidare med seminaret.

Takk for meg.