Historisk arkiv

Offisiell opning av Kongeleia i Kiparsundet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen, Fiskeri- og kystdepartementet - Offisiell opning av Kongeleia i Kiparsundet 5. mai 2009.

Kjære alle frammøtte!

Det er ei stor glede for meg å vere her i lag med dykk i dag. Vi kan glede oss over at Kystverket har gjor ferdig ein viktig del av den moderne merkinga av leia i Ytre Sogn, slik det også vert sagt i invitasjonen.

Skjerjehamn var eit knutepunkt for ferdsla langs kysten, ikkje berre til og frå Bergen, men der også last og passasjerar til og frå Nordfjord og Sogn kunne fordelast.

Her har det vore skyss-skiftestasjon, handelsstad og dampskipsstopp. Her vart det også etablert telegraf, notbøteri, slipp og mekanisk verkstad. For folk på mine heimtrakter i Sunnfjord, var Skjerjehamn som ligg halvvegs til Bergen,
ein høveleg stoppestad i tidlegare tider.

Her kunne ein overnatte på veg til Bergen og det var kanskje også trong for å kvile seg litt på veg heim frå byen!

Vegutbygginga etter andre verdskrigen gjorde at stader som Skjerjehamn fekk mindre å seie for trafikken langs kysten. Men i dei seinare åra har det skjedd fleire viktige ting for staden her –

  • Ola Braanaas kjøpte Skjerjehamn i 2005, og han har rusta opp den gamle handelsstaden slik at det på nytt er eit samlingspunkt langs leia
  • Han fekk i 2007 tilslaget på Knut Steen si statue av kong Olav V

Vi har allereie hatt fleire gode innlegg og innspel - både om Gulen og Kongeleia og om det å segle i leia her. I Gulen kommune finn vi 1 500 øyar, holmar og skjer, i tillegg til fastlandet. Det er lett å forstå at hurtigbåten er viktig for befolkninga. Hurtigbåten gjer det muleg å komme raskt frå stad til stad, og slik kan folk og bli buande i distrikta.

I dei seinare åra har Kystverket satsa på navigasjonsinnretningar som er laga spesielt for hurtigbåttrafikken. Dette har gitt gode resultat, både for  dei som bruker leia og for Kystverket. Brukarane får ei tryggare lei, og Kystverket har fått utvikla nye hurtigbåtmerke som  er enklare både å montere og å vedlikehalde.

I Nasjonal transportplan aukar vi løyvingane på Kystverket sitt område med 77 %. Det viser til fulle at regjeringa satser på sjøtransporten.

Men – kjære venner – nok om løyvingar og budsjett – no skal vi markere at denne viktige leia her i Gulen og Solund kommunar har gått frå gammal oppmerking, laga for langsamare fartøy, til ny og moderne oppmerking som hjelper til å gjere trafikken sikrare for alle som ferdast her. Men vi må ikkje gløyme at inga farlei eller merking er så bra at vi kan sjå bort frå verdien av gode fartøy og ikkje minst - godt sjømannskap!

Med desse orda vil eg gratulere og ønskje lukke til med Kongeleia – eg er viss på at ho vil vere til nytte og glede for veldig mange!