Historisk arkiv

Opning av Vestlandets fellesstand - Aqua Nor 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg ved opning av Vestlandets fellesstand på Aqua Nor 2009 - Trondheim.

God formiddag,

Eg håper de likte fiskesuppa. Eg vil begynne med å takke for invitasjonen til å opne fagprogrammet på Vestlandet sin fellesstand under Aqua Nor. Det er alltid godt å kome heim, og her på Aqua Nor er Vestlandet sin fellesstand det nærmaste eg kjem heim.

Tema for fagprogrammet i dag er ”Ei berekraftig havbruksnæring”. Dette synest eg er eit veldig godt val av tema. Det å sikre ei berekraftig havbruksnæring har vore høgt prioritert av denne regjeringa, og i vår munna dette arbeidet ut i Regjeringas strategi for ei berekraftig havbruksnæring.

Målet er at havbruksnæringa skal kunne vekse og verte driven utan at ho påfører omgivnadene uakseptable skadeverknader. I strategien tek vi utgangspunkt i fem hovudområde der havbruksnæringa påverkar miljøet. Desse er genetisk påverknad og rømming, forureining og utslepp, sjukdom, medrekna parasittar og fôrressursar.
Som alltid når ein lagar ein strategi, så ligg den viktigaste delen av arbeidet i å følgje opp tiltaka. Oppfølginga av tiltaka i berekraftstrategien er høgt prioriterte, og i går presenterte fiskeri- og kystministeren fleire ting som allereie har blitt gjort.

Havbruksnæringa er ei viktig næring i Noreg, som skapar verdiar og ringverknader langs heile kysten. I tilegg produserer ho sunn sjømat, og forskarane tilrår at vi et meir av denne sjømaten. Difor ønskjer regjeringa at næringa skal utvikle seg vidare. Vestlandet har veldig gode forhold for oppdrett av fisk, men det er også her vi har nokre av våre største utfordringar på berekraftsida per i dag. Dette gjeld særleg på sjukdoms- og lakselusområdet.

Hardangerfjorden har over ein periode har særskilde og samansette utfordringar. Tilstanden for laksebestanda er no vanskeleg, og sjøaurebestandane i midtre Hardangerfjord er på eit lågt nivå.

Det er fagleg semje i forskingsmiljøa og forvaltninga om at lakselus og rømd oppdrettsfisk er dei viktigaste årsakene til problema for vill laks og sjøaure i dette området. Vi vil snart få på plass eit eige forvaltningsregime i Hardangerfjorden, noko som vil hjelpe til å ta hand om den vanskelege situasjonen i området. I går vart Hardangerfjordforskrifta send på høyring. Med forskrifta set vi eit førebels tak for produksjonskapasiteten i Hardangerfjorden, og innføre ekstra tiltak overfor brønnbåttrafikken for å hindre sjukdomsspreiing.

Lakselus er eit av dei alvorlegaste problema vi har i oppdrettsnæringa. I tillegg til endringane i gjeldande forskrift som vart fastsette i juni, der Mattilsynet får heimel for å handtere resistent lus på same måte som annan smittsam sjukdom, har enkelte element som kom opp i høyringsrunden vore på ny høyring i sommar.
Dette gjeld bl.a. differensiert tiltaksgrense og forbetra teljemetodikk. Forskrifta er vedteken på nytt i konsolidert form. Dette har ført til at vi har fylt opp verktøykassa til Mattilsynet med nye verktøy for å handtere lusesituasjonen langs kysten.

All flytting av fisk inneber risiko for spreiing av sjukdomar, og derfor ønskjer regjeringa å innføre strengare krav til brønnbåtar og transport av oppdrettsfisk. Vi ønskjer innspel på korleis brønnbåtane sitt bidrag til smittespreiing kan minimaliserast, og derfor sende vi i går ut eit ”høyrings- problemnotat” rundt utfordringane knytt til transport av levande fisk. Nye krav kan spenne frå strengare krav til teknisk utforming av båtane til krav om eigne båtar for smolttransport og transport av slaktefisk. Med bakgrunn i dei innspela vi får ønskjer vi å utvikle eit betre regelverk på området.

Betre utnytting av arealet i kystsona er utan tvil ein av nøklane til ei berekraftig utvikling. Dagens arealstruktur kan vere ei medverkande årsak til problema knytte både til lakselus og sjukdom. Ein meir formålstenleg arealstruktur vil gi grunnlag for større og meir berekraftig produksjon innanfor avgrensa geografiske område, og difor vil Fiskeri- og kystdepartementet i nær framtid sette ned eit utval som skal som skal sjå på moglegheitene for ein meir effektiv arealbruk i havbruksnæringa.

Regjeringa har lagt til grunn at det skal gis årlege tildelingar tilpassa veksten i markedet, under føresetnad av at veksten vurderast som miljømessig berekraftig. Dei fleste har fått med seg at Fiskeri- og kystministeren i går presenterte regjeringas plan for vidare vekst i næringa i 2010. Regjeringa vil, også til neste år leggje til rette for moderat vekst i havbruksnæringa. Veksten vert denne gong tatt ut i form av tilbod om auka MTB for eksisterande løyver. Dette vil bli gi etablerte aktørar muligheit til vidare vekst, men det vil bli gjort unntak for einskilde kyst- og fjordområder kor vekst i biomassen ikkje vurderast som miljømessig berekraftig.

Delar av Vestlandet har utfordringar knytt til berekraftig vekst, men eg kjenner meg sikker på at både næringa og styresmaktene tek problema på alvor. Eg vil gi honnør til den innsatsen næringa har gjort ved å gripe fatt i PD-problema på Vestlandet. Dette bør etter mitt syn vidareutviklast til å bli ei form for ” code of practice” – ein handlingsregel - som bør gjelde i heile havbruks-Noreg. Frå styresmakta si side er det framleis mange tiltak som blir følgde opp i nær framtid. Eg har derfor tru på framleis vekst på Vestlandet, innanfor rammene av miljømessig berekraft.

Eg ønskjer dykk lukke til med fagprogrammet i dag og i morgon, og med Vestlandet sin fellesstand under Aqua Nor 2009!