Historisk arkiv

Petro 2009 - den statlege oljevernberedskapen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Innlegget som statssekretær Vidar Ulriksen heldt under Petro 2009 i Harstad 3. september.

Kjære forsamling,  

Eg er invitert hit for å snakke om den statlege oljevernberedskapen.

Som sikkert mange av dykk kjenner til ligg det overordna ansvaret for den statlege oljevernberedskapen i Fiskeri- og kystdepartementet. Staten sin operative beredskap er delegert til Kystverket.  

Det er kanskje nokon som trur at vi har ein ståande statleg beredskap som på eigne bein skal kunne handtere store akutte utslepp. Det har vi ikkje.

Som tittelen på foredraget mitt indikerer, er samordning av samfunnet sine samla oljevernressursar ei viktig side ved den nasjonale oljevernberedskapen. Det er fleire aktørar som blir involverte og har eit ansvar ved slike hendingar. 

Den statlege oljevernaksjonen etter grunnstøyting av MV ”Full City” utanfor Langesund i juli i år, gir ein god illustrasjon på dette:  

I tillegg til at Kystverket har mobiliserte eigne ressursar, er dei interkommunale utvala mot akutt forureining i Vestfold, Telemark og Aust-Agder sette i aksjon. Desse utvala har igjen mobilisert mannskap frå blant anna Sivilforsvaret og frivillige organisasjonar. Vidare har Forsvaret ved Kystvakta og Heimevernet, Norges oljevernforening for operatørselskap (NOFO) og den svenske Kustbevakningen støtta med ressursar.  

Ein større statleg aksjon mot akutt forureining inneber såleis ei samordning av ressursar frå fleire aktørar, under leiing av Kystverket.

Disposisjon

Eg vil i det følgjande seie noko om korleis regjeringa og myndigheitene jobbar for å utvikle og styrkje den statlege oljevernberedskapen. Ettersom samhandling mellom aktørar er eit stikkord, vil eg først seie noko om ansvar og rollefordeling mellom private aktørar, kommunale styresmakter og staten. 

Rollefordeling

Det er eit grunnleggjande prinsipp i forureiningslova at den som driv ei verksemd som kan medføre akutt forureining, skal ta hand om eigen beredskap og har ei plikt til å gjere tiltak ved akutte utslepp frå eiga verksemd. Den private beredskap skal vere dimensjonert etter miljørisiko og skal kunne handtere alle hendingar frå eiga verksemd.

For petroleumsverksemda er det Norsk oljevernforening for operatørselskap (NOFO) som ivaretek operatørselskapa sine plikter til beredskap og handterar eventuelle utslepp.

NOFO er derfor ein viktig del av den samla nasjonale beredskapen.  

Prinsippet om at den som driv verksemd som kan føre til akutte utslepp skal ta hand om eigen beredskap,  inneber at den statlege og kommunale oljevernberedskapen først og fremst er eit tilleggsvern i dei tilfella der ansvarleg forureinar sjølv ikkje er i stand til å ta hand om forureininga. 

Kommunane har ansvar for å sikre nødvendig beredskap mot mindre tilfelle av akutt forureining innan kommunen, medan staten sin oljevernberedskap er retta inn mot større tilfelle av akutt forureining frå skipfarten og frå ukjente kjelder. Dette fordi skipsfarten ikkje er pålagd å halde oljevernutstyr om bord. 

Prinsippet om at den ansvarlege - som oftast eigar/reiar av skipet - skal dekkje kostnadene ved aksjonen og oppryddingstiltak, gjeld også for skipsfarten. Staten dekkar som oftast kostnadene i første omgang , for så å krevje utgiftene refundert frå den ansvarlege.

I tillegg til å ha ansvar for å ta hand om større utslepp som den ansvarlege sjølv ikkje er i stand til , fører Kystverket tilsyn med andre sine aksjonar, og kan overta leiinga av ein aksjon dersom Kystverket vurderer innsats og framdrift til ikkje å vere god nok.

Ved  ein statleg aksjon har både private og kommunane plikt  til å bistå  staten. 

Samordning

Den private, kommunale og statlege oljevernberedskapen har såleis klart definerte roller og ansvar. Samtidig trekkjer dei på  ressursar til  kvarandre. Samarbeidet kan vere regulert som lovpålagte plikter eller gjennom avtalar. 

Som vi har sett under aksjonen etter grunnstøyting av MV ”Full City” ved Langesund i sommar, utgjer kommunane ein heilt sentral del av det statlege aksjonsapparatet. Kystverket har det overordna ansvaret, medan dei interkommunale utvala aksjonerer i tråd med beredskapsplan og aksjonsordre frå Kystverket. 

Oljevernpersonane i dei interkommunale utvala  er ikkje heiltidstilsett for dette arbeidet, men har til dagleg andre jobbar i kommunen. I tillegg rekrutterer utvala mannskap frå Sivilforsvaret, og forskjellige frivillige organisasjonar under aksjonar. Eg vil særleg nemne WWF, som har vist stort  engasjement i opplæring av folk i strandsanering.

Det betyr at svært mange aktørar, som til dagleg har andre gjeremål i kommunen eller er tilsett i Forsvaret, NOFO eller i den sivile delen av skipsfarten, utgjer ein viktig del av den samla nasjonale oljevernberedskapen som blir involvert under ein større statleg aksjon.

Dette meiner eg er ein effektiv bruk av samfunnet sine ressursar. Samtidig krev ei slik organisering felles øvingar og  jamlege treningar. 

Det har i den siste tida blitt debattert om ikkje fiskeflåten bør brukast meir aktivt som eit beredskapsmessig supplement under oljevernaksjonar. 

Styreleiar i Fiskebåtredernes Forbund har uttalt i avisa Fiskeribladet Fiskaren, at det er uheldig at fiskarane sin kompetansen ikkje blir brukt.

Dette er eg også er opptatt av. Vi bør ta i bruk alle ressursar vi har tilgjengeleg på ein god og effektiv måte. Samtidig må sjølvsagt sikkerheita ved slike operasjonar vere god. 

Regjeringa si satsing på oljevernberedskap

Før eg kjem nærare inn på spørsmålet om å bruke fiskflåten meir aktivt i oljevernberedskapen, vil eg nemne kva denne regjeringa har gjort for å styrkje den statlege oljevernberedskapen og kva mål vi har framover. 

La meg understreke at hovudmålet til regjeringa er å redusere risikoen for ulukker gjennom førebyggjande arbeid. Eg gjentar:

Førebyggande arbeid for å hindre at ulykker skal skje har første prioritet.

Her har vi gjort ei rekkje viktige tiltak.

Trafikksentralen  i Vardø vart sett i drift i januar 2007, og ved å få seglingslei  for tankskip og lasteskip over 5000 bruttotonn  vedtatt IMO , har vi fått flytta denne trafikken lenger  ut frå kysten frå russegrensa til Røst.

Dette gir oss betre tid til å gi assistanse til skip som måtte ha bruk for hjelp eller er i nød. Vi kan avverje grunnstøytingar når slepefartøy har lenger til på seg til å nå fram til havaristen og dermed unngå akutt forureining når kysten.

Seglingsleiene ligg innanfor Kystverkets AIS-dekning, og skipstrafikken utafor kysten heilt sør til Rørvik blir overvaka frå trafikksentralen i Vardø.

Disponeringa av dei statlege slepebåtane i området blir også styrt frå Vardø trafikksentral slik at fartøya kan forflyttast og disponerast i tråd med endringar i risikobiletet. 

Erfaringane vi har med  seglingsleisystemet i Nord-Norge er gode, og vi jobbar no med tilsvarande tiltak langs resten av norskekysten, dvs. frå Røst og sørover til og med Skagerrak. 

Fornying av det tekniske utstyret på trafikksentralane er også ei prioritert oppgåve og i 2009 er det gitt midlar til oppgradering av trafikksentralen på Fedje. 

Vidare har regjeringa i Nasjonal transportplan for 2010-2019 foreslått ein stor auke i Kystverket si planramme for kommande periode. Det betyr mellom anna at  vedlikehald av navigasjonsinstallasjonar og trafikksentralar blir styrka. Vidare er det lagt til grunn at Kystverkets vedlikehaldsfartøy kan fornyast innanfor ei ramme på 54 millionar kroner per år. Dette vil bli  kombinasjonsfartøy som også er godt eigna til bruk i oljevernberedskap. 

Når det gjeld statleg oljevernmateriell, har vi i denne regjeringsperioden gjort eit stort løft. Satsinga byggjer på Kystverkets rapport frå 2006, der det er gitt fagleg tilråding om å fornye utstyret i dei statlege depota innan 2010. Regjeringa sin auke i løyvingane til oljevernutstyr inneber at vi vil vere i rute med å følgje opp Kystverkets faglege tilråding i løpet av 2010. Det er bra. 

Dette betyr ikkje at vi no kan ta det med ro, og tru at nivået til evig tid er tilfredsstillande. Nivået på oljevernberedskapen må kontinuerleg vurderast ut i frå utviklinga i risikobiletet. Vidare må utstyr øvast med og skiftast ut etter kvart som det blir gamalt. 

Vi må også jamleg vurdere om vi kan styrkje oljevernberedskapen gjennom å gjere meir effektiv bruk at samfunnet sine samla ressursar og utvikle meir effektivt oljevernutstyr. 

Fiskeflåten

Drøftinga om bruk av fiskeflåten i den nasjonale oljevernberedskapen er i denne samanheng interessant. Fiskarane har høg kompetanse i sjømannskap og er i tillegg lokalkjente i sitt nærområde, og kan såleis vere ein viktig tilleggsresurs under aksjonar. 

Det er alt etablert ein viss praksis for bruk av mindre fiskefartøy, særleg i kystnær beredskap. Kystverket involverer fiskefartøy i sine øvingar, og har i enkelte tilfelle også  nytta fiskefartøy ved aksjonar. 

I seinare tid har også petroleumsindustrien og NOFO vist interesse for å bruke fiskefartøy. ENI sine planar om å gjere bruk av fiskeflåten i sin kystnære  beredskap rundt Goliat, er i så måte særs interessante. 

 Arbeidet som no skal gjerast  for å kartleggje og vurdere  kva krav og vilkår som må oppfyllast for at fiskebåtar kan bli godkjent for bruk i oljevernberedskapen er derfor viktig. Både for å leggje til rette for ei muleg formalisering av fiskeflåten si rolle i den nasjonale beredskapen, der dette er formålstenleg. 

Dersom fiskefartøy kan tilfredsstille krava , utan at det skal skje på bekostning av hensynet til sikkerheit, helse, miljø for mannskapa om bord, vil det kunne føre til ei styrking av oljevernberedskapen.   

Bruk av fiskefartøy for å  slepe eller holde på plass lenser i kystnære aksjonar kan vere eit eksempel på dette. 

I tillegg til at vi må sørgje for at fiskefartøya er sikre nok til å kunne delta i slike operasjonar, vil eg peike på at det er heilt sentralt at fiskarane får nødvendig opplæring i oljevern og deltek i øvingar. 

Både Kystverket og departementet har hatt dialog med fiskeriorganisasjonar om fiskeflåtens mulige rolle i oljevernberedskapen.  Kystverket følgjer det pågåande arbeidet med å kartleggje faremoment og tiltak med sikte på å få etablert ei ordning for bruk av fiskefartøy i beredskapen.

Om og eventuelt korleis fiskeflåten bør få ei formalisert rolle i oljevernberedskapen under statlege aksjonar, kan eg ikkje forskotere i dag.

Eg kan likevel bekrefte at dette er noko den sitjande regjeringa vurderer, og som vi forhåpentligvis vil få arbeide vidare med sikte på ei snarleg avklaring, i neste regjeringsperiode.