Historisk arkiv

Reguleringar av fiske

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si innleiing til årsmøtet i Fiskarlaget Vest - Bergen, 27. august 2009.

Innleiing til årsmøtet i Fiskarlaget Vest
Bergen, 27. august 2009


Dirigent, styreleiar, møtedeltakarar og gjester

Igjen vil eg takke for å få høve til å tale her i dag. Det er til stor glede – ikkje minst for meg – å sjå at 90-åringen framleis er i like god form og ikkje viser teikn til aldring.

Eg håper at ressursforvaltninga skal bidra til at det vert meir enn 90 nye, og eg vil difor gjerne seie nokre ord om kva regjeringa legg vekt på for at vi skal ha eit driftsgrunnlag for fiskerinæringa også i framtida.

Regjeringa sitt overordna mål er som eg har nemnt tidlegare at all hausting av dei marine ressursane skal skje innanfor berekraftige rammer. Difor har vi no også ei havressurslov med eit forvaltningsprinsipp som pålegg oss å følgje dette opp i praksis.

Eit berekraftig fiske inneber at vi haustar av det overskotet som bestanden til ei kvar tid kan tilby oss – utan at det fører med seg fare for at rekrutteringa skal svikte. Om vi maktar å gjere dette over tid, vil den samla avkastninga frå bestandane auke, samstundes med at det gir auka stabilitet for næringa.

Stabiliteten i økosystema og det langsiktige ressursgrunnlaget til fiskerinæringa står heilt sentralt for regjeringa når vi vedtek haustingsstrategiar for bestandane.

Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet arbeider no systematisk saman med departementet for å utvikle nye metodar og verktøy for overvaking og systematisering av data for alle bestandane, slik at vi kan oppfylle dette målet på sikt.

Til betre heilskapleg forståing vi har av økosystemet, til meir treffsikker vert også forvaltninga når det gjeld å maksimere overskotet for dykk og for komande generasjonar av fiskarar. Dette er eit pionerarbeid som stiller store krav til forskarane og som vi er stolte av å kunne fortelje om. Sjølv om målet er ambisiøst og vi truleg treng mykje tid og ressursar på å få dette til å verke godt i praksis – kan gevinstane bli store.

Ei heilskapleg forvaltning vil gi oss betre kontroll over dei samla ressursane, samstundes som vi i større grad kan styre haustinga dit vi meiner det er formålstenleg og lønsamt – til beste for næringa.

Den usikkerheita som rår kring vitskaplege data og uvissa kring den framtidige naturgitte påverknaden på bestandane gjer fiskeriforvaltning til ei stor utfordring. Uvissa gjer det nødvendig å leggje til ein sikkerheitsmargin i fastsetjinga av kvotar, slik at sjansen for rekrutteringssvikt vert redusert til eit nivå som vi meiner er akseptabelt.

Ei slik føre-var-forvaltning har vist seg å vere svært vellykka for fleire av dei store fiskebestandane i norsk område, til dømes norsk vårgytande sild, nordaust-arktisk torsk og nordaust-arktisk hyse. I dei tilfella der bestanden er under press vil det likevel kunne opplevast som einpåkjenning når ein ny og framtidsretta føre-var-strategi vert innført, og kvoten vert senka for ein periode.

Då er det viktig å tenkje på at motivet alltid er mest muleg stabilitet og høgast muleg haustingsoverskot for næringa i det lange løp, og at potensialet til fiskebestandane skal utnyttast til fulle som ein fornybar ressurs. Eg og regjeringa har – på same måte som de – store visjonar om Norge som ein fiskerinasjon også i framtida.

Nordsjøen – som er arbeidsplassen til dei fleste i denne salen – er i særleg stor grad ei forvaltningsmessig utfordring. Mange av fiskebestandane her – slik som nordsjøtorsk og kolmule – har i lengre tid vore utsette for høgt haustingspress frå fleire kantar, noko som har gjort det nødvendig å utvikle gjenoppbyggingstrategiar.

Grunnen til at regjeringa ivrar mykje etter å få på plass strategiar for alle artane – som er i tråd med rådgjevinga frå forskarane – er at vi ønskjer å gjenopprette Nordsjøen som det mangfaldige spiskammerset det eingong var. Eg vil vite at det er yrande fiskeriaktivitet på Vestlandet også etter mi tid!

Kysttorskforvaltning på Vestlandet og langs Skagerakkysten

Driftsgrunnlaget for kystfiskarane på Vestlandet og langs Skagerrakkysten er dels basert på artar og bestandar som er i  dårleg forfatning, slik som torsk, hummar og ål. For hummar vart det innført skjerpa reglar i fjor, og det vart frå i sommar sterke avgrensingar i fangst av ål. No er tiltak for vern av kysttorsk på Vestlandet og langs Skagerakkysten på høyring. 

Det har lenge vore kjent at bestandane av kysttorsk er i dårleg forfatning. Av denne grunn vart det frå 2004 innført ulike vernetiltak for bestandane nord for Stad. Seinare har også problemstillinga rundt kysttorsk sør for 62°N kome opp, og Havforskingsinstituttet har summert opp status og tilrådd tiltakspakkar. Dei skal innehalde både forskingsplanar og forvaltningstiltak for kysttorsk på strekninga Svenskegrena – Stad. Ein eigen rapport om dette vart lagt fram i fjor sommar.

På bakgrunn av rapporten frå Havforskingsinstituttet har Fiskeridirektoratet utarbeidd ei høyring til dei ulike forslaga. Høyringsfristen er sett til 1. september. Høyringa inneheld ei rekkje ulike tiltak for vern av lokale bestandar av kysttorsk sør for 62°N.

Blant desse er tiltak mot miljøgifter, kartlegging av gyteområde, forhold knytt til oppdrettsanlegg, reduksjon av naturleg død, tiltak knytt til skarv og sel, fiskerireguleringar inkludert fritids- og turistfiske, minstemål, maskevidde, lengde på garn, lysfiske, fjordlinjer, freding og forbod mot fiske på gytefelt og påbod om sorteringsrist i reke- og krepsefiske.

Bestandsutviklinga gjer det nødvendig med stadig strengare reguleringar, og det gjer det vanskeleg for fiskarane å oppretthalde inntektsgrunnlaget. Når vi innfører nye reguleringstiltak må vi så langt råd er prøve å ta omsyn til det samla fangstgrunnlaget for kystfiskarane på Sørlandet og Vestlandet for å oppretthalde næringsfiske i dette området.

Myndigheitene skal både ta omsyn til næringsutøvarane og lokalsamfunna og prøve å byggje opp kysttorskebestandane. Det er viktig for økosystema langs kysten å oppretthalde torskebestandar som gyt lokalt og sikrar grunnlaget for ein stor del av kystfisket.

Hovudutfordringa vert då å få til ei regulering som reduserer uttaket av kysttorsk, men som samstundes gjer det muleg å oppretthalde eit tradisjonelt fiske langs kysten.

Målretta tiltak også overfor fritids- og turistfiske kan ha stor verknad fordi dette fisket belastar kysttorsken hardt i området sør for 62°N. Fritidsfiskarane må difor rekne med tiltak for å redusere uttaket av dei lokale bestandane av kysttorsk.

Eg ønskjer tiltak som har som mål å byggje opp igjen bestandane av kysttorsk på Vestlandet og Sørlandet samtidig som vi tek omsyn til kystsamfunna og kystfiskarane.

Behovet for ny regulering av makrellfisket til kystfartøygruppa

Haustens makrellfiske er godt i gang og eg vil difor seie litt om utfordringane som knyter seg til reguleringa av kystfartøygruppa sitt makrellfiske. Dette er også ei sak som no er ute til høyring.

Reguleringa av kystfartøygruppa sitt fiske etter makrell her innført gradvis i løpet av dei siste ti-femten åra. Målet har heile tida vore å få i stand eit reguleringssystem som skal gi ei rettferdig fordeling av gruppekvoten og som sikrar ein variert flåtestruktur både med tanke på storleik og reiskapsbruk. 

Fram til no har vi likevel ikkje greidd å finne fram til eit reguleringsopplegg som både vert opplevd som nokolunde rettferdig når det gjeld fordeling av kvoten og som gjev eit føreseieleg fiske og eit samla uttak i tråd med den totale gruppekvoten.

I garn- og dorggruppa er det nødvendig med ei relativt stor samla overregulering for å sørgje for at heile gruppekvoten vert fiska. Innføringa av Finnmarksmodellen i garn- og dorggruppa i 2008 var meint å skulle forhindre at dei største med stor fangstkapasitet skulle utnytte  overreguleringa på dei minste båtane sin kostnad.

Ved å differensiere overreguleringsgraden på tre ulike lengdegrupper ville ein stor del av overreguleringa vere reservert for dei under 11 meter, slik at dei ikkje skulle lide tap til dei større og meir effektive fartøya. Som de veit er deltakinga i gruppa under 11 meter særs vanskeleg å føreseie, og det var i fjor lenge uvisst om denne gruppa ville klare å fiske opp kvoten sin.

Fisket til fartøya mellom 11 og 15 meter vart stoppa allereie 20. september då kvoten for denne gruppa var oppfiska. Denne gruppa fekk høve til å fiske noko meir seinare, og overfiska dermed gruppekvoten med snautt 1000 tonn.

Uvissa kring deltaking og tidspunktet for stopp i fisket har gjort at mange har sådd tvil rundt spørsmålet om Finnmarksmodellen er tenleg i makrellfisket, og eg har forstått det slik at næringa sjølv ikkje er heilt sikre på kva dei skal meine her.

Også i notgruppa er det ei svært stor differensiering på overregulering no. Medan båtane under 13 meter har ei overregulering på rundt 92%, har båtane over 13 meter ei underregulering på omlag 2,2%.

Sjølv om det ligg til næringa sjølv å finne ut kva for regulering som vert opplevd som rettferdig, er det viktig for meg å få på plass eit system som er greitt å forstå og som sikrar stabilitet over tid, men som samstundes fører med seg ein så variert flåtestruktur som mogleg.

I høyringsnotatet som de alle forhåpentlegvis har lese, er det skissert fleire forslag til endringar som skal gjere reguleringa enklare. Eg håper på mange konstruktive innspel, der de prøver å sjå for dykk korleis ei ny regulering kan opplevast i det lange løpet, og ikkje berre korleis ho vil slå ut for kvar enkelt sin kvote til neste år samanlikna med i år eller i fjor.

Målet er at vi innan årsskiftet skal ha på plass eit langsiktig og framtidsretta reguleringssystem også for kystnotgruppa sitt makrellfiske.

Takk for meg!