Historisk arkiv

Tale til FHLs generalforsamling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksens tale til FHLs generalforsamling, Bodø 1. april 2009

Kjære alle saman

Eg vil bruke dette høvet til å snakke om to viktige tema. Først finanskrisa, som stadig fleire i fiskeri- og havbruksnæringa no føler på kroppen. Deretter vil eg presentere regjeringas strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring.

Verknadene av den internasjonale finanskrisa melder seg no for fullt. Heile verda opplever økonomisk stagnasjon. Som vi veit fører dette igjen til redusert kjøpekraft, også for kundane som kjøper norsk sjømat. Fram til i dag er det særleg torske- og hyseeksporten som er ramma. Eksporten av laks, aure, sild og makrell går heldigvis framleis bra.

Regjeringa har lagt fram fleire tiltak for å avhjelpe verknadene av finanskrisa. Vi har hatt nær kontakt med FHL og dei andre næringsorganisasjonane. Det er positivt at næringsorganisasjonane samarbeider og fremmar felles forslag til tiltak for å betre situasjonen, seinast i innspel som departementet fekk overlevert sist veke.

Eit av dei viktigaste tiltaka så langt har vore etableringa av ei eiga garantiordning på 525 millionar kroner for førstehandsomsetninga av fisk. Den har gjort det muleg å utvide kredittida for fiskekjøparane hos fiskesalslaga. Innovasjon Norge har også fått auka sine garanti- og lånerammer. Vi vil vurdere å utvide rammene ytterlegare dersom det blir behov for det.

For å sikre at fisken kjem til dei fiskemottaka som har mulegheit til å ta i mot han, har Fiskeri- og kystdepartementet auka tilskota til drift av mottaksstasjonar og føring av fisk. Vi gjer rekning med at salslaga tek det opp med departementet dersom det skulle verte trong for meir pengar på kort sikt.
 
Som eit av få land i Europa har Norge ein statleg eigd tilbydar av kredittforsikringar. GIEK kredittforsikring har under heile finanskrisa vore i stand til å tilby kredittforsikringar som normalt. Forsikringane blir tilbydd på marknadsmessige vilkår, men har vore viktige sidan dei private kredittforsikringsselskapa har redusert tilbodet sitt.

FHL har foreslått ei eiga statleg ordning for eksportfinansiering for sjømatnæringa. Dette er ikkje heilt enkelt, spesielt sidan statleg eksportstøtte er i strid med WTO-reglane. Men vi registrerer at Innovasjon Norge, blant anna som følgje av auka lånerammer, i stadig større grad klarer å dekkje likviditetsbehovet til fiskeindustrien - i samarbeid med eigarane av bedriftene og det ordinære bankvesenet.

Sist, men ikkje minst, har departementet i to omgangar løyvd pengar til marknadsføring av norsk sjømat - totalt 16,5 millionar kroner. Saman med bidrag frå næringa via Eksportutvalet for fisk og fiskesalslaga, betyr det ein ekstra marknadsføringsinnsats på 25 millionar kroner. Vi er opne for å vurdere ytterlegare spleiselag med næringa for å auke etterspørselen etter norsk sjømat.


Så over til regjeringas strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring.

Havbruksnæringa er viktig for Norge. Næringa skaper arbeidsplassar og verdiar langs kysten. Norsk havbruk medverkar også til et sunt kosthald. Regjeringa ønskjer difor at havbruksnæringa skal utvikle seg vidare. Vi meiner at dette kan gjerast samtidig som vi tek vare på miljøet.

Strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring er ei oppfølging av konkurransestrategien for havbruksnæringa som vi la fram i 2007. Strategien beskriv kva som kjenneteiknar ein oppdrettsproduksjon som tek omsyn til miljøet. Framtidig vekst krev at vi set i verk nye tiltak. Det er også behov for å systematisere dei tiltaka som allereie er innførte for å ivareta omsynet til miljøet best mogleg.

Berekraftstrategien identifiserer problemstillingar, set mål og klargjer kva som skal til for å nå måla. Eg oppfattar at FHL i stor grad støttar måla i strategien, og eg inviterer til vidare samarbeid for å nå dei måla vi har sett.

Vi har konsentrert oss om fem område der havbruksnæringa påverkar miljøet:

• genetisk påverknad på grunn av rømming
• forureining
• sjukdom
• arealbruk og
• fôrressursar

Eg vil kort gå inn på dei fem områda og peike på måla vi set, og så trekkje fram nokre viktige tiltak.


Norge har gjennom internasjonale avtalar forplikta seg til å ta eit særleg forvaltaransvar for den ville atlantiske laksen. Forsking viser at høg og vedvarande kryssing med rømt oppdrettslaks er negativt for den ville laksen. Denne utfordringa må løysast.

Regjeringa vil difor sikre at havbruk ikkje bidreg til varige endringar i dei genetiske eigenskapane til villfiskbestandane.

Dei innrapporterte rømmingstala for laks og aure i 2007 og 2008 viser ein betydeleg nedgang. Dette er positivt, men det førebyggande arbeidet må halde fram. Éin rømt oppdrettsfisk er framleis éin for mykje.

Talet på innrapporterte rømte oppdrettsfisk er ikkje eit optimalt måltal for å vurdere konsekvensar av rømming. Vi må framover også basere oss på oppgåver som viser talet på oppdrettsfisk som finst i lakseførande vassdrag.

Vi skal i tillegg auke kunnskapen om genetisk stabilitet i ville laksebestandar. Dette omfattar blant anna informasjon om kor robuste dei ulike bestandane er, og kva som er tolegrensa for dei ulike laksebestandane når det gjeld innslag av rømlingar i gytebestandane.

Konsekvensen av uhell eller havari aukar med merdstørrelsen. Vi skal derfor greie ut om det bør setjast ei øvre grense for størrelse eller talet på fisk i ein merd. Det vil også bli vurdert om oppdrettarar bør betale for tiltak som må setjast i verk av det offentlege etter rømming, for eksempel utfisking av rømt fisk i elvar. Det vil i så fall vere i samsvar med prinsippet i norsk miljøpolitikk om at forureinar betaler for dei skadane ein sjølv er ansvarleg for.

Når det gjeld torskeoppdrett er det behov for meir kunnskap på fleire felt. Dette vart nærmare omtalt av fiskeri- og kystministeren på ”Torskenettverkets” samling i Bergen i februar. Eit muleg tiltak er å innføre særskilt beskytta område for torskeoppdrett, etter modell av nasjonale laksefjorder.


Utslepp av næringssalt og organisk materiale frå oppdrett er totalt sett eit lite miljøproblem i Norge. Dette heng saman med ei lang kystlinje og oppdrettslokalitetar med stor utskifting av vatn. Det kan likevel vere problem med enkelte lokalitetar og i spesielt oppdrettstette område.
 
Regjeringa har som mål at ”alle oppdrettslokalitetar som er i bruk skal halde seg innanfor ein akseptabel miljøtilstand, og ikkje ha større utslepp av næringssalt og organisk materiale enn det fjordane og kysten vår toler”.

For å ha eit best muleg vurderingsgrunnlag når nye lokalitetar skal klarerast, vil vi prioritere forsking om miljøverknader av havbruk. I område med mange oppdrettanlegg må vi også sjå på den totale utsleppsbelastninga, og ikkje berre måle belastningane ved dei enkelte anlegga.


Helsesituasjonen i havbruksnæringa er vesentleg forbetra dei siste 20 åra, men sjukdom er framleis ein betydeleg tapsfaktor. Innrapporterte tal til Fiskeridirektoratet om svinn, viser at om lag 90 prosent - eller 36 millionar fisk - av svinnet i 2007 kom av fiskedød. Prosentdelen for svinn har dei siste 10 åra vore stabil mellom 8 og 10 prosent.
 
For regjeringa er det viktig å sikre at sjukdom hos oppdrettsfisk ikkje spreier seg til ville bestandar. Vi har difor sett som mål at ”sjukdom i oppdrett skal haldast på eit så lågt nivå at ikkje bestanden av villfisk blir påverka”. Det er sjølvsagt også viktig at mest muleg av oppdrettsfisken veks opp til slakting med minimal medisinbruk.

Havbruksnæringas største problem når det gjeld sjukdom og miljø er lakselus. Dagens nivå av lakselus er ikkje eit problem for oppdrettsfisken som sådan, men nokre stader er lakselus eit alvorleg problem for vill laks og sjøaure. Det er allereie innført tiltaksgrenser mot lakselus i oppdrett, men framover vil også lusetal hos viltlevande laksefiskebestandar bli brukt for å vurdere kva for tiltak som må setjast i verk. I tilfelle der avlusing ikkje er tilstrekkeleg, vil vi måtte vurdere å redusere biomassen i oppdrettsanlegg i det aktuelle området.

I Hardangerfjorden vil vi setje i verk eit eige forvaltningsregime, fordi dette området har spesielle utfordringar – særleg med lakselus på villfisk. Vi vil søkje løysingar som gjer at havbruksnæringa etter kvart kan utviklast vidare også her. Utkast til forskrift vil bli sendt på høyring over påske.

Utviklinga i havbruksnæringa går mot bruk av stadig større merdar. Dette gjer behandlinga mot lakselus vanskelegare. Det ligg i dagens regelverk at merdane ikkje kan vere større enn at oppdrettaren klarer å behandle fisken på ein tilfredsstillande måte. Dersom det viser seg nødvendig, vil vi foreslå endringar i regelverket om merdstørrelse.

Flytting av fisk inneber fare for spreiing av sjukdomar og aukar faren for rømming. Vi vil difor gå igjennom dagens krav til brønnbåtar og transport. Eg vil likevel oppfordre dykk til å utvikle manualar for beste praksis – såkalla ”Codes of best practice” – for å sikre trygg smolttransport, at sjøsett fisk helst ikkje blir flytta og at det blir stilt høge krav til brønnbåttransport. Om næringa sjølv finn gode løysingar, vil det vere mindre behov for at myndigheitene grip inn. Eg vil hermed utfordre FHL, som Norges største havbruksorganisasjon, til å ta denne ballen. Eg vil og leggje til at eg forventar at framsynte brønnbåtreiarar grip sjansen - no når verfta har lite å gjere – til å kontrahere morgondagens brønnbåtar!


Den geografiske strukturen i havbruksnæringa er prega av at lokalitetane er klarerte i den rekkefølgje søknadene har kome inn. Det har ikkje lege nokon overordna plan til grunn. Vidare vekst kan difor innebere at dagens arealstruktur bør endrast, slik at det tildelte arealet kan utnyttast på ein meir effektiv måte.

Det er også grunn til å tru at dagens geografiske struktur er ei medverkande årsak til nokre av sjukdomsproblema i havbruksnæringa. Regjeringa har difor sett som mål at ”havbruksnæringa skal ha ein lokalitetsstruktur og arealbruk som reduserer miljøpåverknad og smitterisiko”.

Fiskeri- og kystdepartementet vil setje ned et eige utval som skal vurdere ein meir effektiv arealbruk i havbruksnæringa, og det skal utarbeidast nye og betre kriterium for lokalisering av oppdrettsanlegg. Vi vil også foreslå endringar i akvakulturlova slik at flytting av oppdrettsanlegg kan påleggjast ut frå overordna samfunns- og næringsomsyn. Ei eventuell endring av driftsstrukturen vil sjølvsagt bli gjort i nært samarbeid med næringa.


Produksjonsvekst i havbruksnæringa betyr auka bruk av fiskefôr. Men ein stadig mindre del av fôret til for eksempel laksen, er fiskeråstoff. Denne utviklinga må halde fram og kombinerast med ei berekraftig forvaltning av fiskebestandane som blir nytta til fôr.

Det er verdt å merke seg at oppdrettslaksen allereie i dag utnyttar fôret mykje betre enn til dømes svin og fjørfe. Vi får dermed meir mat igjen for kvart kilo fiskemjøl ved å bruke det til laksefôr enn om mjølet vart brukt til svin og fjørfe. Fiskemjøl og fiskeolje blir også i hovudsak produsert av råstoff som ikkje eignar seg til menneskemat. Den globale produksjonen har vore på same nivå dei siste 30 åra.

For regjeringa er det eit ufråvikeleg krav at ”havbruksnæringas behov for fôrråstoff må dekkast utan overbeskatning av dei viltlevande marine ressursane”. I denne samanhengen er det også viktig å kjempe mot ulovleg fiske, redusere utkast av fisk og sørgje for at biprodukt blir betre utnytta til fôr.

TV-dokumentarar dei siste vekene både i Norge og i Sverige, har vist behovet for å kunne dokumentere at ein nyttar fôr basert på fiskebestandar som er berekraftig forvalta. Det er myndigheitene, og ikkje havbruksnæringa, som har ansvaret for forvaltninga av dei ville fiskebestandane. Men, havbruksnæringa vert likevel utfordra, og må sjølvsagt feie for si eige dør. Vi vil vurdere strengare krav til dokumentasjon frå produsentar og importørar av fiskefôr.

Inntil dette er på plass ber eg fôrprodusentane om å vise ansvar ved sjølve å krevje dokumentasjon for råstoffet dei kjøper. Eit døme på ikkje berekraftige ressursar er fiskemjøl og fiskeolje produsert av oppmalen makrell frå Island. Det islandske fisket etter makrell er både uansvarleg og uakseptabelt. Vi arbeider no saman med EU for å få stansa dette fisket.


Berekraftstrategien vil bli lagd til grunn for den framtidige havbrukspolitikken. Eg meiner at han også vil vere eit nyttig hjelpemiddel for næringa. Strategien presenterer konkrete tiltak som skal sikre eit miljømessig berekraftig norsk havbruk samtidig som produksjonen aukar. Så lenge næringa held seg innanfor dei rammene som strategien set, vil havbruksnæringa kunne vekse vidare. Viss ikkje, vil offentleg kontroll og tilsyn føre til pålegg om begrensingar og i verste fall stopp i oppdrett på enkelte lokalitetar eller område.


Det er stortingsval til hausten. Eg ønskjer avslutningsvis å seie nokre ord om kvifor fiskeri- og havbruksnæringa er best tent med at den raudgrøne regjeringa held fram.

Regjeringa vår har etter mi vurdering ført ein ansvarleg fiskeri- og havbrukspolitikk. Vi har i større grad enn den forrige regjeringa lagt vekt på at verdiskapinga skal komme heile kysten til gode. Endringane som vart annonserte i Soria Moria-erklæringa, er seinare utdjupa og konkretiserte gjennom strukturmeldinga for fiskeflåten, konkurransestrategien for havbruksnæringa, ferskfiskstrategien og no sist berekraftstrategien. Vi har bygd stein på stein, og lagt til rette for stabile rammevilkår.

Vi har opplevd ein samanhengande vekst i sjømateksporten dei siste 5 åra. Samtidig er bestandssituasjonen i norske farvatn betre enn på mange år. Det gjer det muleg å auke fiskekvotane. Med tildeling av nye oppdrettskonsesjonar for laks og aure, har regjeringa lagt til rette for at også havbruksnæringa skal kunne vekse.

Hovudutfordringa på kort sikt blir å avhjelpe verknadene av finanskrisa. På lengre sikt vil vi byggje vidare på den politikken som gjeld i dag. Eg kan forsikre forsamlinga om at vi ikkje planlegg nokon stor omlegging av fiskeri- og havbrukspolitikken dersom vi får fornya tillit til hausten.