Historisk arkiv

Tale ved opninga av EWOS sin fiskefôrfabrikk i Florø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si tale ved opninga av EWOS sin fiskefôrfabrikk i Florø 12. juni 2009.

Takk for invitasjonen til å delta på opninga av den imponerande fôrfabrikken her i Florø.

Det er eit kjempesprang frå fôr-produksjonen i lakseoppdrettsnæringa sin tidlegaste barndom for over 40 år sidan, og fram til det høgteknologiske og vitenskapleg samansette fôret som kjem ut frå denne fabrikken.

Sildefiskernes Fabrikklag opna i 1953 ny sildemjølfabrikk her i Gunnhildvågen.  Han var i drift fram til 1980, men då var det slutt, og det skapte ny optimismen då Ewos etter kvart starta ny aktivitet her.

Norsk fiskeoppdrett har hatt stor produksjonsvekst gjennom ei årrekkje, og dermed også vekst i fôrforbruket.
 
For å oppretthalde ein berekraftig produksjon av oppdrettsfisk er det viktig at fiskemjølet og fiskeoljen i produksjonen av fiskefôr kjem frå berekraftig forvalta bestandar.

For å produsere 1 kg laks brukar vi i dag med dagens fôrsamansetning og fôrfaktor, i gjennomsnitt ca 2,6 kg fiskeråstoff.

Dette er ei fôrutnytting som er betydeleg betre enn andre former for ”husdyrproduksjon”, som for eksempel fjørfe eller svineproduksjon.

Men, dei marine ingrediensane er begrensa. Fôrindustrien må derfor arbeide med å erstatte marine ingrediensar med andre råvarer. Andelen av vegetabilske råvarer i fôret har auka betydeleg dei siste åra, og det er ikkje uvanleg at opptil ein tredjedel av oljeinnhaldet i laksefôr er vegetabilsk olje og to tredjedelar er fiskeolje.

Bruken av ikkje-marine ingrediensar må likevel balanserast mot helse og velferd hos fisken, produktkvaliteten og næringa sitt omdømme.

For å sikre at den vidare veksten i oppdrettsnæringa er berekraftig på alle nivå må alt fôr brukt i produksjon av norsk oppdrettsfisk ha full miljøsporing for alle råvarer, og dokumentasjonen skal vere tilgjengleg for allmennheita.

Dette vil sikre forbrukarane den informasjon dei treng for å ta miljøvennlege val ved innkjøp av berekraftig produserte matvarer. Regjeringa vil difor vurdere verkemiddel knytt til produksjon, import og merking av fôr og fôringrediensar for å sikre at fiskefôr som blir nytta i norsk oppdrett berre inneheld fiskemjøl og fiskeolje produsert frå berekraftig forvalta bestandar.

Innseglinga til Gunnhildvågen har alltid vore litt kronglete. Det var derfor med stor glede eg i februar kunne opne den nye  innseglinga gjennom Måsholmsundet, ”beinvegen” til kaianlegga her. Det var Fiskeri- og kystdepartementet sitt bidrag til at EWOS si utviding av fabrikken i Florø vart realisert.

Dette er også eit eksempel på samspelet mellom offentlege myndigheiter med ansvar for infrastrukturtiltak, og det private næringsliv sin vilje til å investere i framtidsretta produksjonsanlegg. Begge delar er  viktige investeringar for å sikre verdiskaping til samfunnets beste.

Eg vil gratulere med dette flotte fabrikkanlegget og ønskje lukke til vidare både for eigarane, dei tilsette og kundane.