Historisk arkiv

Vekst i havbruk – korleis?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen på Sjømatdagane på Hell, 21.1.2008

Sjømatdagane på Hell, 21.1.2008

Kjære deltakarar

Eg er bedt om å dele nokre tankar om korleis det kan bli vekst i havbruksnæringa, også i framtida. Det skal eg gjere, men først vil eg nytte høvet til å takke for eit flott arrangement så langt.

1. Innleiing – Kva gjev havbruksnæringa?

Oppdrett skaper arbeidsplassar og verdiar. Det blir bygd opp kunnskap som kan brukast til utvikling og forbetring av produksjonen her i landet. Kunnskapen kan også vere basis for at enkeltbedrifter kan utvide produksjonen til andre land. Dermed kan norske selskap få innpass i andre marknader enn dei vi tradisjonelt når frå Norge. Havbruksnæringa skaper også ringverknader for leverandørindustrien og foredlingsbedrifter. Store og små oppdrag dryp på det lokale næringslivet. Dette gir liv langs kysten – og vekst både i distrikta og i byane.

Vi ønskjer derfor at havbruksnæringa skal vekse. Men – veksten må skje innanfor visse rammer. Veksten må vere innanfor det miljøet tåler, og innanfor det marknaden tåler.

2. Berekraftig havbruk

Vi skal produsere mat og vi skal skape verdiar langs kysten, men utan å øydeleggje miljøet vårt. Ein miljømessig berekraftig produksjon er derfor ein føresetnad for vekst. Når naturen er produksjonslokale, må vi ta vare på miljøet for å ha langsiktig vekst og utvikling. Å produsere innanfor det miljøet tåler er sjølvsagt viktig med omsyn til naturen og ville bestandar. Det vil også vere vanskeleg å få tilgang til produksjonsareal utan at oppdrett har eit godt omdømme i Norge. Eit godt omdømme i landa der vi sel fisken er viktig for at produkta skal bli selde. Og sist, men ikkje minst, bør ein ut frå rein eigeninteresse sørgje for at ”produksjonslokalet” ikkje forfell.

Situasjonen med PD-sjukdom på Vestlandet har skapt usikkerheit. Samtidig har næringas eigen ”Styringsgruppe mot PD” gjort ein stor innsats for å stanse sjukdomsutviklinga gjennom tiltak som brakklegging, generasjonsskilje og å førebu betre lokalitetsstruktur. Det har vore ein god dialog mellom næringa og myndigheitene i denne prosessen. Alt er nok ikkje heilt under kontroll enno, men eg har tru på at denne viktige innsatsen som næringa har gjort i samarbeid med Mattilsynet og Fiskeridirektoratet, vil gi resultat. 

Hardangerfjorden er eit av dei områda i Norge der oppdrettsanlegga ligg tettast. No er den samla miljøsituasjonen slik at det kan gå galt om det held fram i same sporet. Derfor har vi sett foten ned og «frose» situasjonen, slik at det ikkje blir meir oppdrett i fjorden før vi har god nok oversikt. Arbeidet er i gang med ei områdeforskrift som skal sikre ei styrt omlegging. Departementet har mottatt forslaget frå Fiskeridirektoratet, og vi tar sikte på å sende forskrifta på høyring i løpet av vinteren. For at tiltaka skal bli så effektive som muleg, er det viktig at det er samsvar mellom PD-arbeidet og områdeforskrifta for Hardangerfjorden. Her må alle gå i takt.

Fiskeri- og kystdepartementet er ikkje berre eit næringsdepartement. Det er i høgste grad også eit miljødepartement. På havbrukssida arbeider vi for tida med ei systematisk samanstilling av kva som skal kjenneteikne ei miljømessig berekraftig havbruksnæring i framtida.

Ordet berekraftig, sustainable på engelsk, har utgangspunkt i det latinske ordet susterne. Det betyr å støtte opp under eller oppretthalde. Berekraft fekk sin moderne bruk då dei i tysk skogforvaltning på 17- og 18-hundretalet la til grunn eit langsiktig perspektiv for uttak av skog. De ville ikkje hogge meir enn det som grodde til.

Verdskommisjonen sette i 1987 søkjelyset på samspelet mellom miljø og utvikling.  Ordet ”berekraft” blir her sett inn i ein vidare sosial samanheng, med vekt på samfunnsmessig og individuell velferd. I denne samanhengen er berekraftig utvikling  ”ei utvikling som tilfredstiller dagens behov utan å øydeleggje framtidige generasjonars høve til å tilfredsstille sine behov”. Berekraft har på denne måten blitt eit meir politisk begrep, og ein viktig del av mange politiske diskusjonar. Samtidig skal vi vere merksame på at omgrepet ikkje har misst den opphavlege tydinga.

Den norske havbruksnæringa står framfor fleire miljøutfordringar. Det er allereie gjort mykje både av næringa sjølv og av myndigheitene. Forskinga, men også miljøorganisasjonane, har medverka til å setje søkjelyset på viktige problemstillingar. Samtidig må vi erkjenne at vi framleis har ein god del å strekkje oss etter. I arbeidet vårt med berekraftig havbruk vel vi derfor å leggje særleg vekt på dei miljømessige sidene ved berekraftig oppdrettsverksemd – vi snakkar om miljømessig berekraft.

For å nærme oss problemstillinga har vi bestemt oss for å ta utgangspunkt i fem område der oppdrettsnæringa påverkar miljøet. Det er
 

  • forureining, blant anna knytt til vasskvalitet
  • oppdrettsfisken sin genetiske påverknad av villfisken
  • berekraftig produksjon av fôr
  • sjukdomsspreiing til villfisk, og
  • arealbruk i kystsona

Å ha ei meining om kva ein berekraftig produksjon inneber vil vere eit viktig styringsverktøy som bør liggje til grunn for politikken vår og for strategiane til oppdrettarane.

Det vi ser for oss er derfor å utvikle kvalitative målformuleringar som blir følgde opp av tiltak for å møte dei ulike miljøutfordringane. Vi vil sørgje for å innhente synspunkt som kan kaste lys over problemstillingane frå fleire sider. Vi ønskjer derfor å invitere til lyttemøte der vi kan få kommentarar og råd frå ulike interessegrupper, inkludert havbruk.

3. Marknad

Også marknaden set rammer for veksten i havbruksnæringa. Næringa har i utgangspunktet sjølv ansvar for å tilpasse tilbodet av oppdrettsfisk slik at pris og lønnsemd blir god nok til å skape levedyktige bedrifter. Samtidig er det fleire område der næringa har mindre innverknad, og der myndigheitene har ansvar.

Eg har allereie sagt ein del om nasjonale rammevilkår, og eg vil snart komme inn på både tildelingsrunden og torskeoppdrett. Men først vil eg seie litt om internasjonale forhold.

I 2008 ”vann” Norge laksesaka mot EU, og EU oppheva tiltaka mot norsk laks og aure. I dag er det dermed ingen minstepris på eksporten av laks til EU, og antidumpingavgifta på aure er fjerna.  Dette inneber at det for første gong på nærare 20 år ikkje er nokon handelspolitiske mottiltak, eller trussel om tiltak, i EU-marknaden. Regjeringa har dermed nådd målet om å få fjerna tiltaka. Laksesaka mot EU viser kor viktig det er å bruke tvisteløysingsordninga til WTO som verktøy i arbeidet mot urettmessige tiltak. Det viser også kor viktig det er med eit tett samarbeid mellom næringa og myndigheitene i slike saker. 

Er vi på trygg grunn om vi ser på framtidige saker? Vi veit at EU overvaker prisbildet. Det same gjer nok dei skotske oppdrettarane. dersom EU får inn ei klage mot den norske næringa, står dei fritt til å starte undersøkingar. Men i dag ser vi ingen nære truslar. Marknaden og prisane ser ut til å vere stabile, og laksesaka har sett sine spor i EU. Terskelen for EU vil nok vere høgre ved ein seinare korsveg.

I fjor var det fleire initiativ til å få avslutta Doha-forhandlingane i WTO. Ein avtale om marknadstilgang for industrivarer, inkludert fisk, ville vore positivt for sjømatnæringa. Det lukkast ikkje å halde noko ministermøte før jul, men prosessen held fram i WTO i Genève. Alle ventar no på den nye administrasjon i USA før diskusjonane sannsynlegvis tar seg opp igjen. Det er for tidleg å spekulere i kva det inneber, men regjeringa vil framleis prioritere arbeidet i WTO svært høgt.

Parallelt med WTO-forhandlingane har Norge eit høgt trykk på frihandelsforhandlingar. 2009 vil bli prega av bilaterale forhandlingar med Kina og EFTA-forhandlingar med India.

4. Tildelingsrunden 2009

Gjennom tildeling av 65 nye løyve innfrir regjeringa løfta i havbruksstrategien, og medverkar til at havbruksnæringa har stabile og føreseielege rammevilkår. Den nye tildelingsrunden vil bidra til auka verdiskaping langs kysten ved å opne for nye aktørar og gi eksisterande verksemder høve til vekst.

Då vi vurderte kor mange løyve som skal tildelast, la vi vekt på miljømessig berekraft, marknadsutviklinga dei siste åra, vidare marknadsutsikter og utviklinga i store konkurrentland. 65 nye løyve tilsvarar ein auke i produksjonskapasiteten på om lag 7 %. Ein slik auke ligg innanfor ei miljømessig akseptabel ramme.

Bak den regionale fordelinga av løyva ligg det ei miljømessig og distrikts- og næringspolitisk vurdering. Halvparten av løyva går til Nord-Norge, ein fjerdedel til Trøndelag og ein fjerdedel til Vestlandet. På grunn av den rådande miljø- og sjukdomssituasjonen på Vestlandet, blir det tildelt relativt få løyve i dette området. Dei som blir tildelte der skal blant anna stimulere til betre struktur for å sikre god fiskehelse. Det er ikkje aktuelt med nye løyve i Hardangerfjorden. På denne måten viser den geografiske fordelinga kvar det no – i 2009 – er best potensial for vekst.

Dei nye løyva skal tildelast etter ein søkjarkonkurranse der det skal leggjast vekt på bestemte kriterium i prioriteringa mellom søkjarane. Ingen er likevel hindra frå å søkje. Prioriteringskriteria er ”mindre aktørar i næringa” og ”søkjarar som vil leggje til rette for auka bearbeiding med sikte på økonomisk integrasjon i kystdistrikta i Norge”.

Havbruksnæringa i Norge er samansett av aktørar med ulik storleik og eigarstruktur. Det er ein styrke at havbruksnæringa har ein differensiert eigarstruktur med både små og mellomstore aktørar. Med denne tildelingsrunden ønskjer vi å bidra til å holde oppe dette mangfaldet. Derfor skal det i prioriteringa leggjast vekt på om søkjar er ein mindre aktør. Mindre aktør har vi definert som søkjarar med inntil 19 løyve. Dette vil omfatte både dei minste oppdrettarane og fleire viktige regionale selskap. Også den som ikkje har eit løyve frå før vil bli rekna som ein mindre aktør.

Når det gjeld ”bearbeidingskriteriet” vil søkjaren si evne og vilje til å medverke til ”auka bearbeiding med sikte på økonomisk integrasjon i kystdistrikta i Norge” vere avgjerande. Kriteriet omfattar all bearbeiding, også slakting, men klassisk vidareforedling vil vege tyngst. Formålet med kriteriet er å bidra til auka verdiskaping og sysselsetjing i område langs kysten med fråflytting og nedgang i talet på innbyggjarar.

Regjeringa ønskjer å stimulere til auka satsing på økologisk havbruk. Dette er ein interessant produktnisje med spennande marknadsutsikter. Derfor tildeler vi 5 løyve til søkjarar som ønskjer å satse økologisk.

Alle løyva blir tildelte mot eit fast vederlag: 3 millionar kroner i Finnmark og 8 millionar kroner i resten av landet. Vederlaget går til staten, men også fylkeskommunane vil få styrka økonomien som følgje av tildelingsrunden. Dette skjer ved at tre millionar kroner per løyve blir overført til den aktuelle fylkeskommunen. Det vil komme både fellesskapet og lokalsamfunna til gode.

Samla sett betyr dette at vi i tildelingsrunden legg vekt på miljø- og arealomsyn samtidig som vi opnar for vekst og verdiskaping innanfor det marknaden tåler.

Forslag til tildelingsforskrift vart sendt på høyring 30. desember 2008, og vi tar imot alle innspel fram til høyringsfristen går ut 16. februar.

5. Særleg om torsk

Også når det gjeld torsk ønskjer vi å leggje til rette for ein marknadsbasert vekst innanfor ramma av ei akseptabel miljømessig belastning. Men torskeoppdrett er sannsynlegvis på veg inn i ei vanskelegare tid enn denne delen av næringa har opplevd til no. Så langt har torskeoppdrett generelt sett vore ulønnsamt, og i stor grad vore basert på finansiering frå investorar som er villige til å ta risiko. Torskeoppdrett står no ved terskelen til ein meir kommersiell fase – og så kjem finanskrisa. Det er nok rimeleg trygt å seie at oppdrett av torsk vil kunne bli hardt ramma av den globale økonomiske situasjonen. I går snakka statsråden om kva finanskrisa får å seie for sjømatnæringa og om regjeringa sitt arbeid for å møte finanskrisa.

For torskeoppdrettarane vil det på lenger sikt vere viktig å få produksjonskostnadene ned slik at torskeoppdrett blir lønnsamt i ein meir normal økonomisk situasjon. Næringa har innsett at det er nødvendig med sterk FoU-innsats som kan bidra til større lønnsemd.

I en situasjon der torskeoppdrettsnæringa har det vanskeleg, kan det vere freistande å leggje lista lågare, mellom anna når det gjeld miljøkrav. Men det kjem vi ikkje til å gjere. Som eg har sagt tidlegare i dette innlegget, er miljømessig berekraftig produksjon ein føresetnad for langsiktig vekst. Vi tar sikte på å leggje fram ein del tankar om mulege endringar i framtidige driftsvilkår for oppdrett av torsk i løpet av våren.

6. Avslutning

Eg vil avrunde med å seie at det framleis er rom for vidare vekst innan havbruk, og at vi skal leggje til rette for at miljø og villfisk ikkje blir skadelidande. Norge og resten av verden treng meir sunn mat - mange treng rett og slett berre mat. Det er dette det eigentleg handlar om.