Historisk arkiv

Visjonar for fiskerinæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen si innleiing til årsmøtet i Fiskarlaget Vest - Bergen, 28. august 2009.

Innleiing til årsmøtet i Fiskarlaget Vest
Bergen, 28. august 2009


Dirigent, styreleiar, møtedeltakarar og gjester,

Eg vil gjerne begynne med å takke så mykje for invitasjonen – og ikkje minst få høve til å gratulere! Det er ikkje kvar dag ein vert beden på 90-årslag.

Eg skal snakke om visjonar for fiskerinæringa. Ordet visjon betyr, ifølgje ordboka, ein draum som ein strekker seg mot. Og draumen skal eg varsle høgt og klart med ein gong: Vi vil at Norge skal vere verdas fremste fiskeri- og sjømatnasjon!

Men å ha ein draum er berre halvparten av ein visjon – den andre halvparten er jo å strekkje seg mot den. Og prosessen med å gjere draumar til røyndom, er det regjeringa i stor grad er oppteken med.

Sjølve prosessen består for det meste av daglege vurderingar, av små detaljar og store spørsmål. Men det er viktig for oss å forklare at det er fiskeripolitiske prinsipp som ligg bak dei vurderingar som vert gjort kvar einaste dag. Og dei skal vere med å sikre at draumen om Norge som verdas beste fiskeri- og sjømatnasjon kan bli røyndom. Vi er veldig klare på disse prinsippa og eg skal gå grundigare gjennom dei her i dag.  

Det handlar om fire prinsipp, eller hovudpunkt, i regjeringa sin fiskeripolitikk:

  • Vi skal ha berekraftige fiskebestandar.
  • Vi skal ha ei fiskerinæring som er lønnsam og gir langsiktig verdiskaping.
  • Vi skal ha ei rettferdig fordeling av ressursane som gir grunnlag for ein variert flåte.
  • Vi skal ha ei næring som er del av ei heilskapleg ressursforvaltning og ein heilskapleg miljøpolitikk.

Desse punkta er nok velkjente for mange, men det har eit formål å gjenta dei i dag også, for det er dei som skal syte for at vi når fram til den visjonen som vi ønskjer å nå.

Berekraftig

Vårt fremste prinsipp er at fiskebestandane må vere berekraftige. Difor har dette vore eit av dei fremste elementa i fiskeripolitikken vår. Ingen kan leve av ein bestand som har kollapsa. Det er berre å nemne sildefisket i 1969 og torskefisket i 1989 for å understreke kor alvorleg ein slik situasjon kan vere.

Den fremste oppgåva vår er difor å sikre at dei fornybare ressursane framleis er tilgjengeleg for næringa, ikkje berre dei neste 5 åra, eller 15 åra, men om 50 år òg.

For den enkelte fiskar er dette ein garanti. Ein garanti for at dei investeringane som blir gjort i fartøy, utstyr, mannskap, kunnskap og kompetanse skal føre til forventa avkastning i framtida.

Det er ein klar samanheng mellom å halde tilbake overskot i ei bedrift for å investere i framtidig auka produksjon – og å halde tilbake fisken i havet for å investere i eit framtidig fiske. At handlinga vi gjer i dag, påverkar dei muligheiter vi har i morgon, gjer ordet berekraftig til meir enn eit moteord.

At det finst fisk i havet til neste år, tyder at det finst arbeid til den enkelte fiskar neste år òg.   

Med den nye havressurslova er fiskeriforvaltninga pålagt eit særleg ansvar for kontinuerleg å vurdere kva tiltak som er nødvendige for å sikre ei berekraftig forvaltning. Det skal haustast innanfor dei biologiske tolegrensene som blir definerte av forskarane.

Vi må til ei kvar tid ta omsyn til alt presset som skjer på fiskebestandane. Og i den samanhengen har regjeringa lagt særleg vekt på ulovleg, urapportert og uregulert fiske, på overfiske og på problema knytt til utkast av fisk.

Klåraste resultatet har vi sett for torsken. Det er rekna ut at det ulovlege fisket i Barentshavet er redusert med 85 000 tonn frå 2005 til 2008. Det gir meir fisk til den lovlege kvoten. Samstundes blir det mindre ulovleg fanga fisk å konkurrere mot i marknaden for den lovleg fanga fisken.

Kampen mot ulovleg fiske må halde fram. Vi må komme dit at alle hamnestatar er med i eit globalt samarbeid om å sikre at berre den lovleg fanga fisken blir landa.

Den dagen all fisk blir registrert og omset gjennom lovlege kanalar har vi ei historisk mulegheit til å nå visjonen om at alle fiskebestandar skal vere berekraftige.

Regjeringa har også kjempa hardt mot utkast. Til dømes har vi kome i ein heilt annan dialog med EU om forvaltninga og forvaltningstiltak for bestandane i Nordsjøen.

Den  største utfordringa har vore at partane til dels forvaltar nordsjøbestandane på ulik måte. Norge har eit  utkastforbod i sine fiskerireguleringar, og har innført reguleringar for å unngå uønskt bifangst. EUs fiskarar er derimot pålagde å kaste ut fisk som er under gjeldane minstemål, fiska i strid med gjeldande bifangstreglar eller er av ein art der kvoten  allereie er oppfiska.


Denne saka var den viktigaste i forvaltningssamarbeidet mellom Norge og EU for 2009, der partane vart einige om ei rekkje tiltak som både straks og på lengre sikt vil redusere utkastproblemet, særleg i Nordsjøen.

Tiltaka inkluderer blant anna introduksjon av ”Real Time Closure” i Nordsjøen. Dette er eit system der område kan stengjast av for å verne yngel og småfisk. I denne saka har vi hatt ein nær dialog med Fiskarlaget som har gitt oss verdifull støtte og gode råd. EU har i tillegg for første gong innført eit forbod mot utsortering (high-grading), og det må vi rekne som første steg mot eit utkastforbod. Norge og EU vil også arbeide for å innføre meir selektive fiskereiskapar.

Eg skal kome inn på konkrete reguleringar seinare i eit anna innlegg, blant anna oppbyggingsplanar for kysttorsken og regulering av makrell. Vi skal ta aktive skritt for å sikre kysttorsken, men vi må klart ta omsyn til dei samfunna som er avhengige av lokalt fiske.

Eg veit at ein del av dykk har reagert på dei nye reguleringane av ålefisket, men vi må syte for at det blir ål tilgjengelig for framtidige  generasjonar òg.  Når ein bestand har minka så dramatisk og Det internasjonale råd for havforsking - ICES - omtalar rekrutteringa som kritisk låg, er vi nøydde til å handle.

Samstundes skal vi samle inn data på ein effektiv måte, slik at vi kan halde eit kontinuerleg auge med bestanden. Så langt det er forsvarleg innafor dei biologiske rammene til bestanden,  gjer ei slik ordning det muleg å halde ved like ein forsiktig haustingstradisjon.

Lønnsam og levedyktig

Diverre kan ikkje mengda med fisk vekse inn i himmelen, sjølv med ei berekraftig forvaltning. Fisk er ein naturkapital med biologiske avgrensingar. For å kunne halde tritt med den velstandsauke som skjer i andre sektorar i økonomien, må fiskernæringa syte for at einingane blir meir produktive.

Det som sikrar den framtidige levedyktigheita til norsk fiskerinæring - og spesielt dei lokalsamfunna som er avhengig av ho – er at fisket gir ei god økonomisk avkastning.

Strukturordningane har vore utforma med tanke på å kunne oppretthalde ei god lønnsemd i næringa. Her er logikken enkel, til fleire personar som kjempar om å fange den same fisken, til mindre pengar blir det på kvar enkelt. Målet med struktureringa er ikkje å utradere norsk fiskerinæring som enkelte vil ha det til – målet er å redde næringa!

No ser vi til dømes at NVG-silda kan nå eit punkt der bestanden ikkje blir større i framtida. Då kan vi konstatere to ting:

For det første, vi har lukkast i å drive berekraftig forvaltning. For det andre, vi må auke produktiviteten på andre måtar enn ved å fiske meir. 

Derfor er ein god struktureringspolitikk det andre prinsippet vi har. Utan berekraftig forvaltning og ein god strukturpolitikk, er det ikkje muleg å ha ei lønnsam fiskerinæring. Etter strukturpausen la vi våren 2007 fram stortingsmeldinga om strukturpolitikk for fiskeflåten. Vi har inntrykk av at næringa er vel nøgd med strukturtiltaka i meldinga.

Vi har evaluert strukturfondet, og ser at den minste delen av flåten har fått betre lønnsemd. Som strukturverkemiddel har ikkje kondemneringsordninga verka like kraftig som strukturkvoteordninga, men det var meininga at vi skulle ha ei varsam strukturering. Vi synest at dette er vellukka. Vi kunne også sjå at det mot slutten av perioden var færre som ønskte å kondemnere båten sin, og vi sette ein førebels strek for kondemneringsordninga.
 
Som varsla i strukturmeldinga, skal vi i løpet av dette året evaluere strukturkvoteordninga for fartøy med heimelslengde 11 til 15 meter.

Kva som kjem ut av den evalueringa, skal eg ikkje føregripe her. Men prinsippa for den strukturpolitikken vi har no, er slik vi i store trekk ønskjer dei skal vere framover.

Dette er likevel ikkje til hinder for justeringar. Eit døme på ei justering er innføringa av ei strukturordning for nordsjøtrålarane saman med den pelagiske trålgruppa. Vi lyttar til fiskerinæringa når det er behov for endringar.

Dersom evalueringa viser at det er grunn til endringar i strukturordninga for dei minste fartøy, vil vi difor gå inn for det.

Vi er berre 4,8 millionar innbyggarar i dette landet, men vi produserer 27 millionar måltid med sjømat kvar dag. Sjølv om alle i Norge åt fisk kvar einaste dag, ville vi framleis ikkje klart å ete opp alt. Dermed må fisken ut på verdsmarknadane. 

Det er dette salet som gir pengar i lommeboka til dei fleste fiskarar. Levedyktige kystsamfunn vert skapte av inntekta frå sal av fisk til utlandet. Slik har det vore, og slik vil det vere i framtida: Norsk fiskerinæring er med på å gi Norge økonomisk sikkerheit, å sikre busetjinga og å gi lokalsamfunn eit grunnlag for liv.

Slikt kallar vi ein vinn–vinn–situasjon. Verda får fantastisk god fisk, kystfolket får ein god leveveg.

Så får vi syte for at det vert sett inn ekstraordinære tiltak i dei sektorane der det i tider som vi har hatt i vinter er særleg vanskeleg. Men dei av oss som har vore med ei stund, veit at næringa vår går i bølgjer. Av og til vert bølgjedalen større enn vanleg, men til slutt kjem vi nok gjennom stormen, denne gongen òg.

Rettferdig

Denne regjeringa har hatt spesiell merksemd retta mot rettferd i fordelinga av ressursane frå havet. For som havressurslova seier, så skal ho medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. Dette er vårt tredje prinsipp.

Eg vil seie at denne tankegangen har vore ei raud tråd gjennom fiskeripolitikken vår i desse fire åra. Dei konkrete tiltaka vi kom med gjennom strukturmeldinga har vore gjenstand for grundig gjennomgang. Strukturpolitikken skulle ikkje berre sikre lønnsemda til fiskeflåten, men også sikre rettferdig fordeling av ressursgrunnlaget.

Vi skal ha store og små fartøy. Dei skal høyre heime i nord og sør, inne i fjorden og ute på kysten. Her står fiskerinæringa med ein sentral posisjon som ein bevarar av busetjingsstrukturen.

Med ein moderne, variert og lønnsam fiskeflåte skal vi hindre at nokon skulle tru at ingen kunne bu i ein norsk fiskerikommune. I staden skal aktiviteten i havet vere klar å sjå for alle. 

Vi er godt nøgde med den struktur- og fordelingspolitikken som vi har no, og vi skal ikkje ha nokon store endringa. Den kursen som er sett ligg fast, men vi held alltid døra open for små justeringar om det skulle vise seg å vere nødvendig.

Som alltid skal endringar vere baserte på god kunnskap og dialog med næringa. 

Heilskapleg, sikker og føreseieleg

Det fjerde prinsippet vårt er at næringa skal vere ein del av ei heilskapleg ressursforvaltning og ein heilskapleg miljøpolitikk. Vi må ta omsyn til alle dei område av miljøet som blir påverka av  fiskeriaktivitet.

Eit tema som har vore vanskeleg i fleire år er samspelet mellom olje og fisk. Eg registrerer at det har vore mindre konfliktar i år enn tidlegare, og eg håper at forskinga som følgjer av seismikkskytinga gir oss ei betre forståing av skremmeeffektar.

Som mange av dykk veit er det å vere fiskar meir enn berre ein jobb. Det er ein livsstil. I denne livsstilen har det likevel sneke seg inn nokre forhold som ikkje var der før og som vi kanskje ikkje set like stor pris på som fridomen på havet. Eg tenkjer på offentlege reguleringar, tilhøvet til banken og slike ting.

Vi er opptekne av korleis den enkelte fiskar opplever sitt forhold til myndigheitene. Som leverandør av rammevilkår for næringa, er det ei klar rettesnor for oss at vilkåra skal vere føreseielege.

Fiskerinæringa treng stabilitet, særleg når ho møter slike tider som vi no går gjennom. Vi har også kome inn med tiltak der vi har sett at næringa har hatt graverande problem. Blant fleire tiltak fekk vi auka rammene til GIEK;  vi fekk mangedobla låne- og garantirammene til Innovasjon Norge; vi fekk etablert ei eiga garantiordning for førstehandsomsetninga av fisk; og vi fekk på plass ei garantiordning for driftskreditt.

Vi skal òg fremme eit forslag for Stortinget om ei ny likviditetsordning for fiskeindustrien med ei låneramme på til saman 250 millionar kroner. Vi foreslår også å justere målgruppa til den eksisterande garantiordninga for driftskreditt, slik at ho kan nyttast av fiskeindustrien innanfor heile torskesektoren. Gjennom desse tiltaka ønskjer regjeringa å bidra til å dempe likviditetsproblema som mange fiskeindustribedrifter no har.

Med slike tiltak kan vi trygge sikkerheita – i overført tyding – i fiskerinæringa i ei krisetid. Sikkerheit i meir direkte tyding må vi også ta alvorleg. Vi har så langt i 2009 sett altfor mange tragiske ulykker ute på havet, og det etter at 2008 var eit år heilt fritt for dødsulykker.

Det er tungt når slike ulykker skjer. Det er difor grunn til å oppfordre alle til å ta godt mot inspektørane frå sjøfartsmyndigheitene, og sjølve også tenkje sikkerheit i det daglege. Det er ingen grunn til å kritisere sjøfartsmyndigheitene for at dei pukkar på regelverket – det har eit formål. Og Fiskarlaget skal ha ros for det arbeidet de har gjort saman med samarbeidspartnarar for å setje sikkerheit om bord i sentrum.

Avslutning

Avslutningsvis vil eg seie at vi har følgt dei fiskeripolitiske prinsippa eg har lagt fram for dykk i dag, og vi har levert på alle punkta om fiskeripolitikk i Soria-Moria-erklæringa.

Dette viser at vi er handlekraftige og vi vil fortsetje med å handle i tråd med våre fiskeripolitiske hovudpunkt og visjonar.

Takk for meg.