Historisk arkiv

Årsmøtet til Norske Havner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Svolvær, 28. mai 2010

Statssekretær Vidar Ulriksens innlegg på årsmøtet til Norske havner i Svolvær 28. mai 2010.

 

Eg vil først takke for invitasjonen til årets hamnemøte. Det er alltid både nyttig og hyggeleg å møte dykk som representerer hamnene i heile landet.   

Regjeringas politikk

Så til dagens tema. I Soria Moria II står det at regjeringa ønskjer å stimulere til vekst i sjøtransporten. Dette skal mellom anna skje gjennom;

  • Ei moderne- og framtidretta hamne- og farvasslovgjeving
  • Reduksjon i sjøtransporten sine avgifter
  • Tilrettelegging for sampel mellom transportformene
  • Investeringar og vedlikehald av sjøvegen

Hamne- og farvasslova 

Regelverket er eit viktig verkemiddel frå staten si side og sjølvsagt eit viktig rammevilkår for sjøtransporten. 

Vi har som kjent fått ei ny lov om hamner og farvatn. Lova legg til rette for ei effektiv og forretningsmessig hamnedrift, med vekt på kostnadskontroll. Dette vil i sin tur kome brukarane og sjøtransporten til gode. Dei tradisjonelle hamneavgiftene blir erstatta med alminneleg prisfastsetting for dei hamnetenestene som blir levert, slik at det skal bli eit meir likt konkurranseforhold mellom sjøtransporten og andre transportformer. Dette vil tre i kraft fullt ut frå neste år. Det er i tillegg blitt enklare å etablere formålstenlege hamnesamarbeid, slik at infrastrukturen kan nyttast meir effektivt.  

Det er også fastsett fleire forskrifter med heimel i den nye lova. Departementet har prioritert å utarbeide forskrifter som måtte vere på plass for at lova skulle kunne tre i kraft. Fleire av forskriftene etter den gamle lova vart derfor vidareførde i ein overgangsperiode. I samband med at lova tredde i kraft, hadde Kystverket regionsvise informasjonsmøte der alle kystkommunar vart inviterte til å delta. Oppslutninga om desse møta var bra. Departementet vil også sende ut eit iverksetjingsrundskriv til kommunane med nærmare informasjon om lova.  

For tida arbeider både departementet og Kystverket med å gjennomgå heile forskriftsverket til lova. Målet er å få på plass eit oversikteleg og brukarvennleg regelverk innan utgangen av 2012. Det skal også utarbeidast nye forskrifter. Departementet ser det som viktig at brukarane av regelverket blir involverte i dette arbeidet. I den samanhengen har Kystverket invitert hamneorganisasjonane til å delta i referansegrupper for visse av desse forskriftene. Responsen i frå organisasjonane har vore god, og eg forstår det slik at det er etablert eit godt samarbeid på dette området.    

Rammevilkår

I Nasjonal transportplan 2010-2019 går regjeringa inn for å redusere brukarbetalinga for sjøtransporten for å betre sjøtransporten sine konkurransevilkår. Næringa har i lang tid signalisert at brukarbetalinga er for høg. Dette signalet tek regjeringa på

alvor. I statsbudsjettet for 2010 er hamnesikkerheitsavgifta fjerna og kystavgifta redusert frå 34 til 30 prosent. Samla reduksjon i avgiftene er på 27 millionar kroner. Ein vidare reduksjon av kystavgifta vil vi måtte komme tilbake til i dei årlege budsjetta. 

Frå næringa si side er det særleg peika på at utgiftene til losing er for høge. Eg må først understreke at losing er eit viktig sjøsikkerheitstiltak for å førebyggje grunnstøytingar og kollisjonar, og at losing langs norskekysten skal halde fram i offentleg regi. Det er heller ingen planer om å avvikle betaling for bruk av lostenester. 

Men – regjeringa er oppteken av at tenestene vi tilbyr er så kostnadseffektive som muleg. Eg er derfor glad for at forslag til endringar som følgje av gjennomgangen av lostenesta no er sendt ut på høyring. I høyringa blir det foreslått å gjere bruk av farleibevis meir attraktivt samanlikna med bruk av los, ved at ein større del av den samla betalinga blir lagt på faktisk bruk av los. Det blir foreslått endringar som gjer det lettare å få farleibevis – krav til fartstid vil bli redusert til fordel for faktisk prøving av den kompetansen navigatørane har. Det blir også foreslått å endre den generelle grensa for losplikt frå fartøystørrelse 500 bruttotonn til fartøyslengde 70 meter. Vi vil då få ei grense for losplikt som er samanfallande med våre naboland som det er naturleg å samanlikne oss med. Samtidig vil vi ivareta krava til sikker sjøtransport på samenivå som i dag. Vi vil ta endeleg stilling til forslaga på bakgrunn av det som kjem fram i høyringa. 

Overgang mellom transportformene

Det er viktig at vi som er opptekne av sjøtransport ikkje ser isolert på denne transportforma. For å bringe varene frå dør til dør er ein også avhengig av vegtransport. Det kan derfor vere nyttig å ikkje berre å sjå på lastebilen som ein konkurrent, men også som ein viktig samarbeidspart. I inneverande nasjonal transportplan vart 31 hamner definerte som stamnetthamner. Dersom vareeigarane skal bruke sjøtransport, er det viktig at tilknytingsvegane er gode for effektivt å bringe varene vidare ut frå hamna. 

Hamne- og farvasslova gir heimel til å utpeike hamner som er særleg viktige for å utvikle effektiv og sikker sjøtransport av personar og gods. I desember vart Tromsø, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Oslo peikte ut. I vedtaka går det fram at hamnene ikkje kan gjere endringar i eksisterande organisasjonsform utan å innhente samtykke frå departementet på førehand. Det er vidare sett krav til at det skal utarbeidast ein plan som ivaretek krav til arealtilgang. Kystverket har også fått rett til å møte som observatør i styret med talerett. Med dette har nasjonale myndigheiter høve til å følgje dei utpeikte hamnene tettare, men det er sjølvsagt hamnene sjølve som vil ha ansvaret for hamnedrifta. Det reknar eg med at ingen lurte på. 

Investeringar og vedlikehald av sjøvegen

Det er mykje snakk om vedlikehaldsetterslepet på både veg og bane. Også maritim infrastruktur har eit vedlikehaldsetterslep, men sjøvegen ligg klar til å brukast, og han er i seg sjølv vedlikehaldsfri. 

Nokon investeringar er likevel nødvendige for at skipstrafikken skal kunne komme seg fram på ein både sikker og effektiv måte. I Nasjonal transportplan for den neste tiårsperioden er planramma til sjøtransport auka med om lag 77 prosent samanlikna med førre planperiode. Dette er mellom anna planlagt oppgradering av trafikksentralar, fornying og auka vedlikehald av navigasjonsinstallasjonar og fleire farleitiltak. Til saman er det planlagt investeringar for nesten 3 milliardar kroner i farleiutbetringar i den kommande perioden. Samla vil dette gi ein sikrare og meir konkurransedyktig sjøtransport. 

I Kystverkets budsjettet for 2010 ligg det mellom anna inne ei startsløyving til farleia inn til Borg hamn, og tiltak i Måløysundet og Karmsund. 

Nasjonal transportplan 2014-2023

Det er berre litt meir enn eit år sidan vi la fram Nasjonal transportplan for den neste tiårsperioden. Likevel er departementa og etatane i gang med arbeidet med neste plan, for perioden 2014-2023. I februar i år ga departementa etatane retningslinene til den såkalla utgreiingsfasen som skal vere ferdig neste år. Arbeidet i denne fasen skal kaste lys over viktige problemstillingar som krev særleg merksemd i utforminga av framtidas transportsystem. Resultata frå desse analysane vil vere eit viktig grunnlag for etatane sitt arbeid med planforslaget og for departementa sitt vidare arbeid med stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan, som etter planen skal leggast fram i januar 2013. 

Det er opplagt at fleire av oppdraga som er gitt etatane vil ha interesse for dykk. Her vil eg særleg trekkje fram utgreiinga om effektive knutepunkt for godstransport og utgreiinga om transportutvikling og konkurranseflater i korridorane. Den første vil mellom anna gjere greie for dei viktigaste flaskehalsane og utfordringane som eventuelt hindrar ei effektiv utvikling av dei intermodale knutepunkta Oslo, Kristiansand, Stavanger, Bergen og Tromsø. Etatane er spesielt bedne om gjere greie for mangelfull veg- og banetilknyting. 

I utreiinga om transportutvikling og konkurranseflater er etatane også bedne om å sjå nærmare på konkurranseflatene mellom sjø og andre transportformer. Dei skal vurdere kvar sjøtransporten har sine fortrinn og sitt potensial for å styrke konkurranseevna. Her skal dei sjå både på varegrupper og på transportstrekningar. Utgreiinga skal gje oss svaret på kva som skal til for å auke sjøtransporten sin del av godstransporten. 

Som de forstår er arbeidet med neste Nasjonal transportplan alt godt i gang, og vi ser fram til å få resultata presentert om mindre enn eit år. 

Organiseringa av Hamne-Norge

Eg er kjend med Norske Havner og Norsk Havneforening ser på mulegheitene for å danne ein hamneorganisasjon i Norge. Som gamal organisasjonsmann vil eg si at hamne-Norge er betre tent med ein organisasjon, og vil ønskje dykk lykke til med dette. 

Avslutningsvis vil eg ønskje dykk lykke til med resten av programmet her i Svolvær. Eg ser også fram til å vidareføre den dialogen vi har hatt og eg håpar Norske Havner vil fortsetje å vere ein aktiv pådrivar i utforminga av hamne- og sjøtransportpolitikken. 

Takk for meg.