Historisk arkiv

Fiskerinæringa i framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt innlegg på konferanse Vest-Finnmark regionråd, Tromsø 26.mai 2010

Konferanse Vest-Finnmark regionråd, Tromsø 26.mai 2010

Takk for invitasjonen.

Presentasjon (pdf-format)

Eg er glad for at de har invitert meg til å delta i debatt om framtida til fiskerinæringa.

Fiskeri- og havbruksnæringa er viktig for livet langs kysten – for verdiskaping, sysselsetting og busetting. Dette gjeld også for dei sju kommunane i Vest-Finnmark regionråd. Utviklinga av næringa er derfor viktig for langt fleire enn næringsutøvarar, organisasjonane deira og forvaltninga.

Engasjement og interesse frå andre miljø er svært positivt. Engasjerte lokalpolitikarar kan tilføre politikken, og næringa,  nye impulsar og korrektiv.

Til å begynne med vil eg streke under at det er mykje positivt i forvaltninga og utviklinga av fiskeri- og havbruksnæringa i Norge. Samtidig finst det område som kan vere utfordrande i forvaltninga framover. Vi har dei to siste åra sett korleis ytre faktorar i den globale økonomien verkar inn på kvardagen vår. I tillegg får klimautfordringane mykje å seie for framtida til næringa. 

Eg har lese innstillinga til Landsdelsutvalget om fiskeri- og havbrukspolitikk. Rapporten gir ei god oversikt over enkelte deler av norsk fiskeri- og havbrukspolitikk, og det er lagt fram fleire ulike forslag til tiltak. Samtidig er bildet noko større og meir nyansert enn det som blir sagt enkelte stader i innstillinga. Eg vil i mitt innlegg komme litt inn på status i fiskeri- og havbruksnæringa og omtale nokre av områda som er presenterte i innstillinga.  Det som er viktig no er likevel å løfte blikket å sjå på framtidas utfordringar og leggje til rette for den utviklinga vi ønskjer for næringa.

Eg vil konsentrere meg om følgjande saker som er - og vil vere - viktige, og då ikkje berre for fiskeri- og havbruksnæringa, men for mange kystsamfunn, og når alt kjem til alt – for heile nasjonen. Det dreier seg omfølgjande:

  • Forvaltning av viltlevande marine ressursar
  • Rammevilkår for fiskeflåten
  • Mottaksleddet
  • Miljømessig berekraftig havbruk 

Regjeringa har høge ambisjonar for fiskeri- og havbruksnæringa. I Soria Moria 2 blir det vist til at Norge skal bli ”verdas fremste sjømatnasjon”. Eg erkjenner at vi har ein jobb å gjere for å komme dit, men den oppgåva er vi godt i gang med.

Dei fire hovudprinsippa i regjeringas fiskeripolitikk for å bidra til dette er, og vil framleis vere:

  • Vi skal ha berekraftige fiskebestandar.
  • Vi skal ha ei fiskerinæring som er lønnsam og gir langsiktig verdiskaping.
  • Vi skal ha ei rettferdig fordeling av ressursane som gir grunnlag for ein variert flåte.
  • Vi skal ha ei næring som er del av ei heilskapleg ressursforvaltning og ein heilskapleg miljøpolitikk.

Forvaltning av viltlevende marine ressursar

Norge er ein av verdas største fiskerinasjonar. Vi har derfor eit ansvar for å forvalte fiskeria og økosystema berekraftig og å sikre det biologiske mangfaldet.
I tillegg må vi passe på at sjølve haustingsaktiviteten i fiskeria skjer på ein mest muleg skånsam måte. Vi må også ha ein politikk som legg til rette for ny teknologi og smarte reguleringar som kan bidra til å redusere utsleppa av klimagassar frå fiskeflåten. 
Dei siste ti åra har vi forvalta fiskebestandane etter føre-var-prinsippet – der vi legg inn sikkerheitsmarginar i forvaltningsstrategiane. På den måten vil ei uvisse i dei vitskaplege berekningane komme bestandane til gode – og bidra til å halde oppe rekrutteringa .
Denne forma for måtehald og langsiktig tenking har vore svært vellukka. Dei fleste av dei store og kommersielt viktige bestandane våre er i dag i god forfatning.

Med den nye havressurslova er fiskeriforvaltninga pålagt eit særleg ansvar for kontinuerleg å vurdere kva tiltak som er nødvendige for å sikre ei berekraftig forvaltning.

Vi må derfor til ei kvar tid ta omsyn til alt press

på fiskebestandane. Og i den samanhengen har regjeringa lagt særleg vekt på ulovleg, urapportert og uregulert fiske, på overfiske og på problema knytt til utkast av fisk. Dette vil vi fortsette å arbeide med nasjonalt og internasjonalt.

Ein del av fiskebestandane som tidlegare var sterkt overutnytta, slit framleis, men også for desse ser vi at det er muleg å byggje dei oppatt, dersom forvaltninga er god. Vi ser positive signal for artar som kveite, uer og tobis.

Norge arbeider målretta for at vi saman med nabolanda våre skal få på plass avtalar om langsiktige strategiar for dei bestandane som enno ikkje har slike avtalar. Vi er i ferd med å få på plass ein gjenoppbyggingsplan  for kysttorsk som skal bidra til at vi har godt med torsk langs kysten og i fjordane.

Rammevilkår for fiskeflåten

Diverre kan ikkje mengda fisk vekse inn i himmelen, sjølv med ei berekraftig forvaltning. For å kunne halde tritt med velstandsauken i andre sektorar i økonomien, må fiskerinæringa syte for at dei enkelte aktørane blir meir effektive.
  
I figuren ser vi at talet på fiskarar har gått ned, og at kvantum per fiskar har auka i åra etter andre verdskrigen. Dette er ei utvikling som vil halde fram.

Det som vil sikre at norsk fiskerinæring i framtida er levedyktig – og spesielt dei lokalsamfunna som er avhengig av ho – er at fisket gir ei god økonomisk avkastning.

Strukturordningane i fiskeflåten har vore utforma med tanke på å kunne oppretthalde ei god lønnsemd i næringa. Her er logikken enkel. Til fleire personar som kjempar om å fange den same fisken, til mindre pengar blir det på  kvar enkelt.

Målet med struktureringa er ikkje å utradere norsk fiskerinæring – målet er å sikre lønnsemd i næringa og å bidra til å skape attraktive arbeidsplassar til ungdom. 


I rapporten frå Landsdelsutvalget er det særleg referert til at fartøy i nord i perioden 1977-2006 har fått redusert sin del av den totale fangstverdien, og at nord har mist  kvoterettar og fartøy i til fordel for sør, og at det har vore ei større grad av strukturering i den konvensjonelle flåten i nord.

Det er rett at delen av fangstverdien har gått noko ned i nord. Dette heng i hovudsak saman med nedgang i torskebestanden og ein auke i fleire pelagiske bestandar på slutten av 1980-talet. Realverdien av fangst i sør har auka i perioden, medan den har vore stabil i nord. Dette ser vi i denne figuren. 
 

Fordelinga av kvantum har vore stabil i heile perioden. Etter 1990 har også delen av fangstverdi vore relativt stabil. 

Busettingsmønster

og næringsstrukturar har endra seg og utvikla seg sidan 1980. Dette er tilhøve vi ikkje rår over, men kan dempe gjennom ulike tiltak, til dømes fylkesbindingar på sal av fartøy. Eit anna viktig prinsipp for regjeringa er at kvotefordelinga ligg fast mellom flåtegruppene.

I 1980 var kunnskapsgrunnlaget svakare enn i dag, og vi hadde enno ikkje etablert gode system for bestandsvurderingar og reglar for hausting. Dessutan var næringa sterkt subsidiert. I dag har vi i hovudsak bestandar som er i ei god forfatning, vi har ein lønnsam fiskeflåte og vi har folk som bur i aktive fiskerimiljø langs kysten. Dette er ei utvikling som vi ønskjer skal halde fram.

Regjeringa sin strukturpolitikk i St.meld. nr. 21 (2006-2007) Strukturpolitikk for fiskeflåten, ligg derfor fast. Dette er ikkje til hinder for at vi kan vurdere mindre justeringar der det kan gjere ordningane betre. Dette vart også gjort i forrige periode.

Eit av grepa i stortingsmeldinga var ei varsam innføring av strukturering for fartøy mellom 11og 15 meter. Ei evaluering av denne ordninga viste at struktureringa for denne fartøygruppa har  vore varsam og har hatt få omfordelingsmessige konsekvensar mellom ulike distrikt, slik intensjonen var. I figuren her ser vi at den fylkesvise fordelinga av deltakaradgangar dei siste åra er relativt stabil.  

Det same gjeld for den fylkesvise fordelinga av konvensjonelle fartøy etter 1977 som vi ser i denne figuren.

Det er vidare viktig for framtida at både næringsaktørane og fiskerisamfunna er med på å uvikle næringa og å tenkje nyskapande. Støtte frå myndigheitene må komme gjennom tilrettelegging for forsking og utvikling, og ikkje gjennom tilskot til drift. Mange fartøy har i dag funne system for automatisert egning.  I NOFIMA pågår det eit prosjekt for å studere og optimalisere drift av små autolinefartøy. I tillegg har NOFIMA andre og spennande prosjekt som ser nærare på fangstbasert havbruk og levandelangring.

Det kan også vere meir å hente ved å utnytte fleire artar og i å utnytte verdien av produkta frå fiskeri- og havbruksnæringa. Fiskeflåten må òg tenkje meir kvalitet enn kvantitet.  Samtidig er det viktig å tenkje kvalitet i alle ledd, og då har mottaksleddet eit ansvar for å belønne kvalitet. 

Mottakstleddet

Det er mange som har fiskerinæringa som arbeidsplass langs kysten, somme i flåten, andre på land.
Fjoråret var spesielt krevjande for mottaksleddet, sjølv om kvitfisk-industrien har slite med låg lønnsemd over lang tid. Tall frå NOFIMA viser at kvitfiskindustrien i løpet av dei siste 15 åra i snitt har hatt eit årsresultat (før skatt) på under ein prosent av omsetninga. Det er urovekkande lågt, og gir grunnlag for bekymring for industriens framtidige utvikling.
For å kompensere for lengre avstand mellom fiskemottaka gir vi årleg tilskot til ulike former for frakt og føring av fisk og skaldyr. Vi har styrka føringstilskotet dei siste åra og gav i 2009 6,5 mill. kr i tilskot til mottaksstasjonar. Så langt i år er det løyvd 33 mill. kr til føring. 

Føringstilkotet er, og kjem til å vere, eit viktig verkemiddel for å sikre mottaksstrukturen, men det er viktig at vi prioriterer dei ordningane som treff best og er mest formålstenlege.

Vi er avhengig av ein konkurransedyktig fiskeindustri. Berre slik kan vi sikre høg verdiskaping langs kysten.

Fiskeri- og kystdepartementet har sett i gang ein analyse for å finne svar på kor innovativ eller nyskapande norsk fiskeindustri er. Analysen skal foreslå tiltak som myndigheitene kan sette i verk for å få opp innovasjonstakten – og lønnsemda i fiskeindustrien.

Som i fiskeflåten har også talet på einingar og sysselsette gått ned i fiskeindustrien. Ei oversikt frå NOFIMA viser at talet på kvitfiskbedrifter har gått ned frå 364 i 1995 til 230 bedrifter i 2008. Også talet på sysselsette har gått ned.
 
I denne figuren ser vi ein svak reduksjon av sysselsette i fiskeindustrien dei siste seks år. Dette er også ein konsekvens av strukturelle endringar i samfunnet. Dette er ei utvikling eg trur vil fortsette i framtida.
 
I nord er i snitt 6 prosent av dei sysselsette i fiskeindustrien utanlandske og 15 prosent førstegenerasjons innvandrarar.  Truleg er det også betydeleg fleire utanlandske som er sysselsette i fiskeindustrien enn dei vi har oversikt over. Stadig fleire bedrifter leiger inn utanlandsk arbeidskraft gjennom bemanningsbyrå, og desse blir ikkje registerte. Vi er ikkje sikre på om lønn og arbeidsvilkår alltid er tilfredsstillande for desse arbeidstakarane. Samtidig er det viktig å erkjenne at industriarbeidsplassar ofte ikkje er dei mest attraktive for ei befolkning som stadig tar høgare utdanning.  Dette er nok ei utvikling som vil halde fram.

Same tendens er observert i fiskeflåten. I ei undersøkning frå Bygdeforskning/Norges fiskerihøgskule i 2008 har om lag 22  prosent av dei spurde frå alle grupper i fiskeflåten svart at dei har brukt utanlandsk arbeidskraft. Vidare har 30 prosent av dei spurde svart at dette også blir svært viktig i framtida.
 

Miljømessig berekraftig havbruk

Havbruksnæringa er blitt viktig for Norge. Det er ei av våre største eksportnæringar. I fjor eksporterte vi fisk frå havbruksnæringa til ein verdi av nesten 26 milliardar kroner.

Havbruksnæringa gir fleire tusen arbeidsplassar langs kysten, og bidreg dermed til å skape eit livsgrunnlag for mange kystsamfunn. Dette er viktig. Det må vi både verne om og vidareutvikle.

Det er få typar matproduksjon der Norge har så naturgitte føresetnader som for fiskeoppdrett, og kanskje spesielt lakseoppdrett. Vi har ein svært lang kyst, og vi har reint og kaldt vatn.

Samtidig må havbruksnæringa kunne dokumentere ein miljømessig berekraftig produksjon. Fiskeri- og havbruksnæringa må ha eit langsiktig perspektiv.

Regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring er eit viktig dokument som omhandlar problemstillingar, set mål og klargjer kva som må til for å nå måla. Fiskeri- og kystdepartementet arbeider med å følgje opp tiltaka. Utgangspunktet er at havbruksnæringa skal påverke miljøet så lite som muleg.

Mattilsynet melde hausten 2009 om høge lakselustal i oppdrettsanlegg. Mengda lakselus var då så høg at det ikkje var i samsvar med miljømessig berekraftig drift.
Denne utviklinga var svært bekymringsfull. Som eit strakstiltak valde vi å utsetje den varsla auken i produksjonskapasiteten for havbruksnæringa i 2010. Dette for å gi oss tid til å følgje opp utviklinga i lakselussituasjonen. I tillegg til dette må vi framleis leggje stor vekt på å førebygge og hindre at oppdrettsfisk rømmer.

Avslutning

Det er mange tema eg ikkje har rekt å kommentere i innlegget mitt, men det blir kanskje høve til å komme tilbake til nokre av dei i debatten.

Det er vanskeleg å spå korleis dei ytre faktorane som klima og global økonomi vil påverke fiskeri- og havbruksnæringa i framtida.  Korleis vi skal møte utfordringane må vi finne ut i saman med næringa og lokalsamfunna, og vi er derfor avhengige av at næringa og lokalpolitikarar deltek konstruktivt i diskusjonar som denne.

Eg har god tru på at vi i framtida saman vil klare å forvalte fiskeriressursane på ein berekraftig måte som gir grunnlag for ei miljøvennleg og lønnsam næring.

Takk for meg.