Historisk arkiv

Vidare satsing på torskeoppdrett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen sitt foredrag på Sats på torsk sin nettverkskonferanse i Bodø, torsdag 11. februar 2010.

Foredrag på Sats på torsk sin nettverkskonferanse i Bodø, torsdag 11. februar 2010

Kjære torskeoppdrettarar med venner

Det er første gongen eg har gleda av å vere til stades (i alle fall som statssekretær) på denne konferansen. Eg skulle og helse så mykje frå vår statsråd og beklage at ho ikkje kunne kome.

For litt over eitt år sidan, på Sats på torsk i Bergen i fjor, presenterte dåverande  fiskeri- og kystminister regjeringa sin strategi for berekraftig framtidsretta torskeoppdrett.  Eg vil seinare i mitt innlegg kome tilbake til kva vi har gjort for å følgje opp strategien.

Tittelen på mitt innlegg er vidare satsing på torskeoppdrett. Det er viktig for meg med ein gong å understreke at regjeringa framleis ønskjer å satse på torsk. Det har vi blant anna slått fast i regjeringas nord-områdestrategi, og no sist i regjeringas strategi for marin sektor som vart lagt fram i mai 2009.

Det er vanskelege tider for torskeoppdrett. Mange slit. Sjukdom og finanskrise har kome på toppen av at det tek tid å utvikle lønnsam næring.

Torsk i oppdrett er den nye arten som er prioritert av myndigheitene. Både Innovasjon Norge og Forskingsrådet bruker kvart år midlar til å støtte opp under torsk i oppdrett.  Summerer vi innsatsen til Innovasjon Norge og Forskingsrådet frå 2000 og fram til i dag, så har dei til saman brukt godt over 1 milliard kroner på torskeoppdrett.

I tillegg finansierer Fiskeri- og kystdepartementet eit avlsprogram for torsk ved Nofima i Tromsø. Vi har stor tru på at vidare satsing på avl er avgjerande for å kunne løyse nokre av dei utfordringane næringa slit med knytt til sjukdom, tidleg kjønnsmodning og manglande vekst med vidare, og dei kan allereie vise til konkrete resultat på desse områda. Myndigheitene vil vidareføre avlsprogrammet.

Når det gjeld finanskrisa har myndigheitene sett i verk ei rekkje ekstraordinære tiltak for å hindre at effektane skal slå hardt ut.

Det er iverksett tiltak for å stimulere finansmarknaden slik at den snarast muleg skulle fungere meir normalt  og det er og lagt fram fleire tiltak for å støtte næringslivet innanfor dei rammene for støtte som det internasjonalt regelverk på området tillet. Å kunne oppretthalde sysselsetjinga på eit høgast muleg nivå var også eit viktig argument bak utforminga av desse pakkane.

Eg skal ikkje gå inn på alle dei tiltaka som er gjort for å redusere verknadene; berre nemne spesielt at   for å styrkje eksporten har regjeringa løyvd 25,5 millionar kroner til ein omfattande ekstraordinær innsats til marknadsføring av torsk gjennom Eksportutvalet for fisk. Spleiselaget mellom staten, eksportutvalet og enkelte salslag, gav i 2009 heile 43 millionar kroner til denne ekstra marknadsføringsinnsatsen.

Innovasjon Norge sine rammer vart også vesentleg styrkte, blant anna ved meir enn dobling av ramma for lågrisikolån til totalt 3,5 milliardar kroner, og meir enn ei firedobling av ramma for innovasjonslån til totalt 1,4 milliardar kroner.

Regjeringa har heile tida vore tydeleg på at det ikkje er muleg for myndigheitene å reversere konsekvensane av finanskrisa, ei heller kompensere bedrifter for tap dei er blitt påførte. 

Berekraftig vekst nødvendig

For litt over eitt år sidan, på Sats på torsk i Bergen i fjor, presenterte som nemnt dåverande  fiskeri- og kystminister regjeringa sin strategi for berekraftig framtidsretta torskeoppdrett

Dei kortsiktige tiltaka i denne strategien er no følgt opp. Før jul fastsette vi ei rekkje nye reglar for torskeoppdrett for å sikre ei miljømessig berekraftig utvikling framover.

Torsken har som de veit godt, vist seg å vere meir tilbøyeleg til å rømme enn laksen. Blant dei nye reglane er fleire rømmingsførebyggande tiltak som auka kontroll av nøtene, krav om godkjente driftsplanar og kontinuerleg overvakingsfiske for raskare å kunne oppdage påbyrja tilfelle av rømming.

Per desember 2009 var det innmeldt 135 000 rømte torsk til Fiskeridirektoratet. Visstnok er det ei halvering samanlikna med året før, men talet er enno altfor høgt.
Eg håpar tiltaka, saman med næringa sin eigen innsats , fører til at tala går ytterligare ned.

Utslepp av egg og yngel frå merdane kjem ikkje med i statistikken, men dersom desse overlever til kjønnsmoden alder kan også dei forårsake genetisk påverknad på villfisken. Regjeringa held fast ved ambisjonen om nullutslepp av egg og yngel innan 2015.

Dei langsiktige tiltaka i strategien går ut på å skaffe meir kunnskap om mulege miljømessige risikofaktorar knytte til torskeoppdrett. Vi treng meir kunnskap om korleis torskeoppdrett påverkar økosystemet og dei ville bestandane for å kunne vurdere gode forvaltningstiltak - baserte på kunnskap og ei avveging mellom tilsikta miljøpåverknad og næringsmessige konsekvensar. Arbeidet med fleire store utgreiingar er sett i gong, men dette er arbeid som vil ta nokre år.
 
Vi veit at det finst store genetiske variasjonar mellom kysttorsk, og vi held no på med å skaffe ei oversikt over ulike bestandar og område der bestandane er spesielt sårbare. Dette kan blant anna gi oss eit betre grunnlag til å vurdere torskefjordar eller torskevernområde som eit muleg forvaltningsgrep.

Forsvarleg forvaltning krev også at vi får betre oversikt over kvar kysttorsken gyter. Havforskingsinstituttet er i gong med ei systematisk kartlegging av gytefelta langs kysten. For å verne gyteområda til torsken, blei også gjeldande praksis om ikkje å gi løyve til torskeoppdrett i gyteområda til villtorsken forskriftsfesta ved nyttår.

Parallelt med at det blir utvikla teknologi og kunnskap som sikrar miljømessig berekraftig drift og forvaltning, legg regjeringa opp til ein kontrollert vekst i næringa. Som eit ledd i dette har vi derfor også endra regelverket, slik at det er muleg å stanse tildeling av nye løyve til oppdrett av torsk og andre marine artar. I første omgang vil dette tiltaket bli nytta i Hardangerfjorden der miljøsituasjonen krev særskilde grep.

Marknadsutvikling

Som eg var inne på i starten har det siste året vore vanskeleg for heile torskenæringa. Fiskarane  har opplevd kraftig prisnedgang, fiskeindustrien har måtte selje fjorårsproduksjonen med til dels store tap og torskeoppdrettarar har opplevd at salsprisen langt i frå dekkjer produksjonskostnadene. Fjoråret var spesielt, men eg spør meg likevel:

  • Kvifor  gir ikkje våre naturlege fortrinn nok lønnsemd for produsentane våre?
    Slik som evna til å produsere kvalitetsprodukt som marknaden etterspør.
  • Kvifor klarer vi ikkje å differensiere oss frå billege substitutt i marknaden?
  • Kvifor har vi ikkje ein meir robust posisjon som tilseier at sjølv om det kjem substitutt, så betyr ikkje det automatisk at vi må ned i pris?

Den norske torsken kan ikkje konkurrere berre på pris, og godt og langsiktig arbeid på produktutviklingssida og på marknadssida er heilt avgjerande for at ein i framtida skal hevde seg. Samstundes er det slik at det er heilt naudsynt å redusere kostnadene i torskeoppdrett dersom næringa skal ha ei framtid.

Gjennom Marint verdiskapingsprogram, som blir forvalta av Innovasjon Norge, sett vi fokus på informasjonstilgangen produsentane har frå aktørane i marknadene. Kva for informasjon blir henta inn frå marknadene? Kva for fortløpande tilpassing gir denne informasjonen for produksjonen? Og korleis utnytter ein nisjar i marknaden  til å tene pengar?

Vi har bedt om at torsk får spesiell prioritet i Marint verdiskapingsprogram. Innovasjon Norge har difor etablert ei eiga satsing: Fersk torsk, som vil bli presentert seinare i dag. Det er også etablert ei styringsgruppe for Fersk torsk-satsinga der sentrale næringsaktørar er med. Ei hovudutfordring dei peiker på, er om samarbeidet mellom aktørane innan fiskeri, oppdrett, levandelagring, industri og eksportørar er godt nok?

Dei fleste kundar prøver å presse prisen. Samtidig gir mange kundar tilbakemelding om at andre tenester knytt til leveransane er vel så viktige. Gitt at desse blir oppfylte, blir pris mindre viktig som pressfaktor. Spørsmålet er då korleis norske produsentar og eksportørar saman kan identifisere og posisjonere sine produkt inn mot slike meir robuste leveransar?

Vi må finne fram til dei kundane som er villige til å betale litt ekstra for eit godt stykke norsk torsk av førsteklasses kvalitet. Gjennom Marint verdiskapingsprogram ønskjer regjeringa å stimulere til nytenking og nyskaping, slik at ein kan nå desse segmenta av marknaden på ein best muleg måte. I 2010 er programmet vidareført med 75 millionar  kroner, og her er torsk i oppdrett og fangstbasert oppdrett prioriterte.

Eg trur også det er viktig at villfisknæringa og torskeoppdrettsnæringa står saman i konkurransen frå annan sjømat og andre proteinkjelder ved at oppdrettsnæringa tilbyr produkta sine når tilgangen på villfisk er redusert. Volumet av oppdrettstorsk vil i overskodeleg framtid vere lite, men på lengre sikt er ambisjonen at torsk i oppdrett vil vere eit viktig supplement til villtorsken både til fiskeindustrien og i marknaden, og gjer det muleg for norske leverandørar å tilby europeiske konsumentar fersk torsk gjennom heile året.

Vi ønskjer også å styrkje det felles marknadsarbeidet, og i januar blei det derfor bestemt at marknadsavgifta på alle artar blir sett til 0,75 prosent av eksportverdien frå og med neste år. Auken skal skje gradvis, og avgifta blir sett opp til 0,5 prosent frå første april. For kvitfisksektoren inneber dette over 20 millionar kroner ekstra i året til fellesmarknadsføring. Norsk torsk, Norwegian cod eller bacalhau om du vil, er allereie eit kjent merkenamn ute i verda. Eg har stor tru på det arbeidt Eksportutvalet for fisk gjer for å styrkje og vidareutvikle denne merkevara, og at dette vil gi seg utslag i auka etterspørsel både på kort og på lang sikt. 

Regjeringa har store visjonar for norsk sjømatnæring. Vi ønskjer at Norge skal bli verdas fremste sjømatnasjon.

I den politiske plattforma til regjeringa – ”Soria Moria 2” – er det sett høge ambisjonar for fiskeri- og havbruksnæringa. Regjeringas visjon er at Norge skal vere verdas fremste sjømatnasjon. Ikkje noko mindre.

Visjonar er noko vi skal strekkje oss etter, både næring og myndigheiter. De skal inspirere og motivere. Sjømatnæringa lever av å tilfredsstille krav frå kresne kundar over heile verda. Det er viktig at vi alle er oss bevisst at vi lever av å tilby sjømatprodukt som nokon der ute ønskjer å ete – i konkurranse med ei rekkje andre kvalitetsprodukt.

At vi skal vere verdas fremste sjømatnasjon, krev at vi har kunnskap som ligg i front på område som berekraftig ressursforvaltning og havbruk, havmiljø, klima, produktutvikling og marknad. Og vi må evne å ta i bruk kunnskap og fornye oss.

Regjeringa vil derfor styrkje den marine forskinga, og stimulere til omstilling og nyskaping. Samarbeidet mellom forskingsmiljø, forvaltninga og næringa vil på mange område vere avgjerande for at vi skal lukkast. Vi er avhengig av kvarandre sin kunnskap. Torsk i oppdrett er eit godt eksempel på at vi evnar å fornye oss og at vi samarbeider tett mellom næring, forsking og myndigheiter. Denne konferansen, der alle aktørane kan møtast  og dele kunnskap er difor ein viktig arena for vidare utvikling av torskeoppdrett og fangstbasert oppdrett.

Lukke til vidare med arbeidet