Historisk arkiv

Visningsløyve – intensjonar og mål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksens innlegg under sitt besøk på Norsk Havbrukssenter på Toft i Brønnøysund 22. april 2010.

Hei alle saman!

Først av alt vil eg takke for invitasjon hit til Norsk Havbrukssenter og til møte med dykk som innehavarar av akvakulturløyve til visningsføremål. Eg vil gje honnør til Norsk Havbrukssenter som har teke initiativ til møtet, som eg håpar kan bli nyttig både for dykk som driv med visningsløyve og for oss frå myndigheitene.

Eg har trua på samarbeid, ikkje berre mellom dykk som innehavarar av visningsløyve, men òg mellom dykk og offentlege myndigheiter. Ved å dele kunnskap kan vi hauste av kvarandre sine erfaringar til det beste for både næring, forvaltning og miljø. 

Forvaltninga er godt representert med regiondirektør Otto Gregussen som representant for Fiskeridirektoratet og frå embedsverket møter rådgjevar Christopher Grøvdal Rønbeck. Vi er her for at de skal få oss i tale og gi oss innspel og tilbakemeldingar om både regelverk og andre ting som de meiner vi i departementet kan ha nytte av å vite om. Det er de som er nærmast innpå denne forma for havbruk, og i så måte veit kvar skoen trykkjer .


Omdømmet til havbruksnæringa speglar seg av i omgjevnadane si oppfatning av næringa. Omdømmet har mykje å seie for næringa si konkurranseevne både på kort og lang sikt.

Eg meiner at den beste medisinen for å takle både berettiga og uberettiga kritikk, er å leggje fram fakta. Slik kan vi alle medverke til at marknadens reaksjonar blir eit resultat av dei faktiske forholda. Redusert goodwill hos forbrukarane spesielt og i opinionen generelt,  kan medføre omsetnadstap både i  heimemarknaden og i eksportmarknaden. Redusert omdømme kan òg resultere i at det til dømes blir vanskeligare å finne eigna areal til utøving av verksemda.

Eg trur det er viktig at næringa sjølv kjem på banen og viser at den på målretta vis har ei offensiv holdning til å redusere negative verknader av eiga verksemd. Det vil vere positivt for det inntrykket næringa etterlet i opinionen og blant forbrukarane.


Vi i departementet  meiner visningsanlegga har eit potensial til å kunne bidra positivt i arbeidet med omdømmet til havbruksnæringa. Formålet med slike løyve er å styrkje kunnskapen om havbruk hos publikum.

Visningsløyve kan vere eit verktøy til å gje omverda auka innsikt i næringa, og i måten fisken blir oppdretta på. Auka forståing og kunnskap om produksjon og levevilkår for fisken kan bidra til at næringa får større goodwill elles i samfunnet.

Samtidig meiner eg at innehavarar av visningsløyve i si verksemd også har eit godt høve til å informere om kva næringa betyr som global matprodusent og kva næringa har å seie for verdiskaping og økonomi.
 

Dersom visningsløyva skal bidra positivt i   havbruksnæringa sitt omdømearbeid meiner eg det er heilt grunnleggande at den informasjonen som blir formidla er oppdatert og faktabasert. I så måte meiner eg at det er viktig at informasjonen som blir formidla er kunnskapsbasert, objektiv og kan etterprøvast, og ikkje berre står fram som rein reklame.

Det betyr at innehavarane bør ha evner til og føresetnader for å kunne formidle fagleg gyldig kunnskap og oppdatert informasjon om ei nyskapande norsk havbruksnæring. Dette kan til dømes gjerast gjennom emneutstillingar, praktiske demonstrasjonar eller guida omvisningar.  

Eg håpar også at visningsanlegga kan bidra til å auke kunnskapen om og interessa kring dei positive helseverknadene auka konsum av sjømat kan ha.


Fiskeri- og kystdepartementet har revidert forskriftene om visningsløyve. Nye forskrifter tredde i kraft frå nyttår. Som de sikkert har merka dykk har vi mellom anna endra namnet på løyva – frå utstillingsløyve til visningsløyve.

Denne endringa er ikkje tilfeldig. Endringa er gjort for å presisere at løyva ikkje berre skal brukast til å stille ut akvakulturproduksjon, men også for å markere at innehavarane av slike løyve skal ha ein meir aktiv rolle. Innehavarane av visningsløyve skal vise fram produksjonen.

Eg meiner at denne namneendringa støttar opp om det pedagogiske formidlaransvaret som kviler på innehavarane av visningsløyve, samtidig som formålet om styrka havbrukskunnskap hos publikum kjem betre fram.

Det er kanskje sjølvsagt, men eg vil likevel understreke kor viktig det er at anleggane er veldrivne, og at drifta er i samsvar med gjeldande regelverk og vilkår for løyva. Det kan giast løyve med inntil 780 tonn MTB. Inntil betyr at søkjar kan få det han treng for visningsformål. Eg vil presisere at løyva ikkje er meint som gratis tilleggs-MTB for oppdrettarar.

Fiskeridirektoratet sin rolle er å følgje regelverket, og sikre einskapleg og konsekvent praksis. Direktoratet har gitt ei rekkje avslag, og vi må vel kunne seie at nålauge er trongt for å få løyve. Eg trur at havbruksnæringa generelt, og visningsanlegga spesielt, er tent med at direktoratet gjennomfører grundige vurderingar slik at det berre er dei mest eigna prosjekta som får løyve. 


Når det gjeld lokalisering av visningsanlegga er det viktig at dei blir lokalisert og drifta slik at dei er allment tilgjengelige. Drift av visningsløyve må ha både eit lokalt og regionalt aspekt så vel som eit internasjonalt aspekt.
 
Utanlandske turistar er primært på besøk i Noreg om sommaren. Andre delar av året vil det truleg vere viktig for visningsanlegga å leggje særleg vekt på den lokale og regionale marknaden, gjennom til dømes å driv aktiv informasjon overfor barnehagar, skular, foreinings- og organisasjonsliv og lokalt og regionalt næringsliv.

Å skape seg ein brei marknad trur eg er fornuftig for å sikre forvarleg økonomisk drift. Det betyr at anlegga bør leggjast til rette for eit bredt spekter av besøkande, og at informasjon og formidling må tilpassast behova til brukarane.

Dersom anlegga skal kunne spele ein rolle i internasjonal omdømmebygging er det særleg viktig at informasjonen er fleirspråkleg og tilpassa utanlandske gjestar sine behov og utgangspunkt.

Visningsanlegga vil normalt spegle av det miljøet dei er lokaliserte i og blir drivne i. Eg trur turistar som besøkjer kysten vår ønskjer å ta del i lokalsamfunna og få kunnskap  gjennom tilrettelagde, ekte opplevingar. Eg ser heilt klart ein plass for visningsanlegg i den samanhengen. 

Havbruksnæringa har gitt mange bygder og småsamfunn håp og optimisme for framtida. Regjeringa har som mål at Noreg skal bli verdas fremste sjømatnasjon. Det set krav til at vi har kunnskap som ligg i front på område som berekraftig ressursforvaltning og havmiljø. Men det krev også at vi har god kunnskap om forbrukartrendar, kjøpskriterium, marknadsføring og omdømmebygging – og at næringa er i stand til å utvikle produkt ut frå dette.

Ei utfordring ligg i å rekruttere kvalifiserte personar med god nok kunnskap til å gi kundane dei produkta dei vil ha. Stadig fleire ungdomar vel andre utdanningsvegar enn dei marine. Dette finn eg illevarslande i eit samfunn der forbrukarane set stadig større krav til maten dei et og til miljøet rundt.

Ungdom har liten mulegheit til å bli kjent med havbruksnæringa før dei skal velje utdanning. Visningsanlegga kan bidra til at ungdom blir betre kjent med havbruksnæringa på eit tidlegare tidspunkt, og kan dermed spele ein rolle i rekrutteringa av kloke hovud til havbruksnæringa.


Avslutningsvis vil eg ønskje dykk lykke til med møtet her i dag. Som innehavarar av visningsløyve har de høve til å komme i kontakt med publikum, og i så måte yte eit førstehands bidrag til oppbygging av eit godt omdømme for havbruksnæringa.

Lykke til med det viktige arbeidet!