Historisk arkiv

AqKva-konferansen 2011

Framtidsutsiktane til norsk havbruksnæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Politisk rådgiver Fride Solbakken i Fiskeri- og kystdepartementet innleia under AqKva-konferansen 2011 på Stord om framtidsutsiktane til norsk havbruksnæring.

Fyrst vil eg nytte høvet til å ønskje dykk alle godt nytt år! Og, tusen takk for invitasjonen! 

Eg synest årets tema for konferansen er spanande og engasjerande. Det er ingen ting som er betre enn å starte eit nytt år med å sjå framover og tenkje framtidsretta. Det er noko som heiter nytt år – nye moglegheiter. Mange seier dette på nyttårsaftan og lagar forsett for det nye året.  

Nokre utfordringar står vi midt oppe i no i dag. Eg tenkjer naturlegvis på miljøutfordringane i havbruksnæringa. Desse utfordringane krev handling i dag for at havbruksnæringa skal få moglegheiter i framtida. Andre moglegheiter bør vi utnytte betre enn vi gjer i dag – Regjeringa si visjon, eller langsiktige forsett, er at Noreg skal være verdas fremste sjømatnasjon. Eg skal nytte tida her i dag til å snakke om utfordringane og potensialet i havbruksnæringa. 

Berekraft

Norsk havbruksnæring er i likskap med fiskerinæringa særs eksportorientert. Vi er internasjonalt leiande på fleire felt, og havbruksnæringa  har også bidrege til nye industriar på område som fôrproduksjon, farmasi og produksjonsteknologi. 

Men, eit vilkår for at oppdrettsnæringa skal klare å oppfylle potensialet sitt i framtida, er at den må drivast berekraftig. Difor er dei tre regjeringspartia i Soria-Moria II einige om at det skal leggast til rette for vidare vekst i havbruksnæringa, men at det må skje på ein miljømessig berekraftig måte. Det står også at Strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring skal leggast til grunn. 

Sjølv om oppdrettsnæringa har kome langt på mange viktige område, har næringa framleis miljøutfordringar. Hardangerfjorden er eitt eksempel på det.  Styresmaktene og havbruksnæringa sjølve har difor teke fleire konkrete grep for å få til ei betring av situasjonen. 

Problem med lakselus i Hardangerfjorden, har som kjent ført til at det allereie våren 2008 blei sett i verk særlege restriksjonar på oppdrettsverksemda her. I august 2009 sende Fiskeri- og kystdepartementet på høyring ei forskrift om særskilde tiltak for akvakulturnæringa i Hardangerfjorden. Hovudtiltaket i forskrifta var å fryse biomassen i området på ca. 50 000 tusen tonn, og einskilde andre tiltak knytt til lakselus.

Særleg når det gjeld biomassetaket syner høyringsinnspela at det er sterke og sprikande meiningar og stor interesse knytt til korleis oppdrettsnæringa skal forvaltast i dette området. 

Mange, spesielt miljøvernorganisasjonar og villfiskinteresser, er skeptiske til dette forslaget og meiner biomassetaket burde vere mykje lågare. Oppdrettsnæringa meiner på si side at biomassetaket er for lågt. 

Det som er rimeleg klart etter høyringsrunden er at eit tak på biomassen på 50 000 tonn vil få konsekvensar for oppdrettsnæringa og føre til at planlagt produksjon må reduserast. Men, dersom vi ikkje kan løysa problema på annan måte, må talet på fisk i sjøen reduserast. Kor mykje er vanskeleg å seie på noverande tidspunkt. 

Like før vi sende forskrifta på høyring, starta Mattilsynet arbeidet med å opprette soner for å førebyggje og nedkjempe lakselus i Sunnhordland, Bjørnefjorden og Hardangerfjorden. Arbeidet med Hardangerfjordforskrifta blei på bakgrunn av dette arbeidet sett på vent.

No er Mattilsynets forskrift vedteken, og vi har teke arbeidet opp att. I høyringsrunden fekk vi nye forslag til korleis biomassen kan avgrensast. Vi vil difor utarbeide eit revidert forslag til forskrift, som snart vil vere klart og bli sendt på høyring.

Oppdrettsaktørar i denne regionen har på fleire område vist både vilje og pågangsmot for å få bukt med problema i området. Hardangerfjordlauget, PD-prosjektet i regionen og ”Lusalaus” er eksempel på dette. Dette syner at vi har ei havbruksnæring som ser problema dei er i, og er villig til å arbeida sama mot løysingar. 

Det overordna målet til PD-prosjektet er å gjere oppdrettsnæringa meir robust mot sjukdomar. Eit av tiltaka har blant anna vore lukka transport av smolt. Styresmaktene følgjer opp dette, og vi arbeider med korleis vi kan utforme krav til meir smittesikker transport i heile landet. 

På landsbasis er lakselussituasjonen på om lag same nivå som i fjor. Men, resistensutviklinga er framleis urovekkjande. Regjeringa vedtok difor å avgrense den varsla kapasitetsauken til berre å gjelde for Troms og Finnmark. Regjeringa vil ikkje vurdere om kapasiteten kan aukast vidare før i 2012. Havbruksnæringa bør bruke det neste året godt med omsyn på lusearbeidet. 

Eg vil òg knytte ein kommentar til den risikovurderinga Havforskingsinstituttet la fram sist veke. Eg meiner den viser at regjeringa tok ei rett avgjerd med omsyn til kapasitetsauken. Den viser òg det vi i fiskeri- og kystdepartementet har hevda lenge, at det ikkje er vasskvaliteten som er det store problemet i Hardanger – men lus og rømming. 

I Hardangerfjorden har problem med lakselus i dei seinare åra vore særleg stort. Og i motsetning til mange andre område, er det når det gjeld Hardangerfjorden fagleg semje om at rømd oppdrettsfisk og lakselus er dei viktigaste årsakene til problema for ville laksebestandar og sjøaure i området.

Difor var det bra at mesteparten av villaksen i 2009 og 2010 gjekk ut i Hardangerfjorden utan at den fekk mykje lus. Dessverre har sjøauren fått problem ut over året, både i 2009 og 2010.

Det er viktig å styrkje arbeidet med å hindre røming av oppdrettsfisk. Etter fleire år med nedgong i rømingstala, har vi i dei siste to åra sett ein auke i mengda rømd laks. Vi har difor vedteke å innføre strengare reglar for teknisk standard for oppdrettsanlegg. Forslaget til endring av NYTEK-forskrifta som vart send på høyring denne veka, er eit viktig steig vidare i arbeidet med å redusere risikoen for rømming. 

Utfordringane vi har hatt i Hardangerfjorden kan skuldast at det er relativt stor tettleik av oppdrettsanlegg i fjordsystemet, i tillegg til at straumforholda i fjorden legg til rette for rask spreiing av lus og andre sjukdomar. Men, problemet er nok meir samansett enn som så. 

Lokalitetsstrukturen i oppdrettsnæringa har innverknad på spreiing av sjukdomar og lakselus. Lokalitetar avsette til akvakulturføremål er dessutan eit knappheitsgode.

Regjeringa sette difor ned eit ekspertutval i 2009, som har hatt i oppgåve å greie ut om

  • effektiv utnytting av tilgjengeleg areal
  • smitterisiko mellom anlegg
  • fiskevelferd
  • og verknader på miljøet, medreikna ville bestandar. 

Ein ny og overordna arealstruktur kan føre til at havbruksnæringa utnyttar arealet sitt på ein effektiv måte med færrast moglege miljøkonsekvensar.

Utvalet, som har vore under leiing av Peter Gullestad, legg fram arbeidet sitt den 4. februar i år. Vi gler oss til å lese rapporten! Den vil vere eit sentralt bidrag når vi skal tenke framtidsretta om norsk havbruksnæring.

I det siste har det vore retta stor merksemd mot blant anna landbaserte oppdrettsanlegg, lukka anlegg i sjø og forslag om forlengd landfase for setjefisk. 18. januar sende Fiskeri- og kystdepartementet på høyring eit forslag om å innføre ei prøveordning med forlenga landfase for setjefisk av laks, aure og regnbogeaure.

Risikoen for røming, sjukdomar og dødelegheit er størst for fisken inntil den veg om lag 1 kg. Ein forlenga landfase for settefisk kan difor bidra til å redusere rømmingsrisiko, sjukdomsrisiko og dødelegheit. Dette kan vise seg å vere fornuftig både ut frå miljømessige og økonomiske omsyn. Prøveordninga vil òg kunne føre til ny utvikling av ny miljøteknologi i havbruksnæringa.

Verdas fremste sjømatnasjon

Regjeringa har store visjonar og mål for den norske sjømatnæringa. Visjonen er at Noreg skal bli den fremste sjømatnasjonen i verda!

Visjonen til regjeringa utfordrar både næringa og styresmaktene til å tenkje nøye igjennom kva det inneber å vere den beste sjømatnasjonen i verda. Statsråden og departementet har difor engasjert seg for å konkretisere og omsetje visjonen til handlingar og nye tiltak som skal lyfte sjømatnæringa endå lengre fram.

Som vi alle veit, har det jo ikkje alltid vore så bra som i dag. Før havbruksnæringa verkeleg skaut fart på 2000-talet, har næringa gått gjennom både ” gode og vonde dagar”. Vegen fram til dit vi er i dag har vore kronglete, men kurva er stigande. Frå den spede starten, har norsk oppdrettsnæring hatt ein eventyrleg framgong.

Takka vere ei innovativ næring som har arbeidd tett med både forvaltninga og forskarar, har havbruksnæringa sakte men sikkert vekse til ei vital og kapitalsterk næring, slik vi kjenner ho i dag.

Eksporttala for 2010 er nyleg lagt fram. Verdien viser ein auke på 20 prosent – til 53,8 milliardar kroner. Laksen står for det den største eksportauken, men det er også positiv utvikling for kvitfisk og pelagiske produkt. Dette er storarta!

Vi har altså fått til mykje, men vi ønskjer å bli endå betre! For å nå målet om å bli verdas fremste sjømatnasjon, er vi avhengige av at både næringa, forvaltninga og forskarar jobbar målretta.

I fjor haust etablerte statsråden prosjektet Samarbeid for arbeid i Sjømatnæringa. Formålet er å få fram nye idear til korleis sjømatnæringa kan utviklast vidare. Gruppa hadde sitt tredje møte i Stavanger for et par dagar sidan (måndag den 17.1.), og emna produktutvikling, vidareforedling og kapital blei diskuterte.

Store delar av eksporten av norsk sjømat består av råvarer og halvfabrikata. Framleis blir til dømes berre 20 % av den norske laksen bearbeidd før den blir eksportert.

Det er bra at det knyt seg lønsemd til råvareeksporten vår. Men på denne måten går vi samstundes glipp av viktig verdiskaping. Dersom vi skal være den beste sjømatnasjonen i verda, krev det at både næringa og styresmaktene tenkjer langt fram i tid – lengre enn til 2015 – slik at vi kan utvikle nye produkt av god kvalitet basert på berekraftig havbruk og fiskerier.

Fiskeri- og kystdepartementet har engasjert Sintef Fiskeri og Havbruk, i samarbeid med Kontali Analyse, til å gjennomføre ei analyse av potensialet for verdiskaping i havbruksnæringa. Formålet er å få innspel til tiltak for å auke verdiskapinga. Når resultata frå arbeidet er klare, vil næringa bli invitert til å vere med på å drøfte kva moglegheiter som finst for verdiskaping og kva som blir kravd for å realisere alternativa. Forskarane kan hjelpe oss med å få nye idear opp på bordet, men det er viktig med eit tett samspel mellom styresmaktene og næringa når eventuelle tiltak skal setjast ut i livet.

Dette distriktet er likevel eit godt eksempel på at det kan løne seg å vidareforedle i Noreg. Dei fleste veit at SALMA kjem frå Bremnes på Bømlo og mange har òg kjøpt produkt frå til dømes Lerøy, der laksen både blir produsert òg foredla her heime.

Det er utvikla produkt som er tilpassa forbrukaranes behov, som gjer det enkelt og raskt å lage i stand eit sunt og godt fiskemåltid. Dette er ei positiv utvikling, men fleire næringsaktørar må følgje etter i same retning, både når det gjeld produktutvikling og vidareforedling.

Eg trur at forskingsbasert kunnskap, kobla med store dosar gründerinnsats og pågangsmot, er ein av grunnane til at vi har kome så langt som vi er i dag. Ein annan er at sterk, framtidsretta og miljøorientert forvaltning av oppdrettsnæringa har vore viktige faktorar som i nyare tid har styrt oss unna dei djupaste krisene, slik ein til dømes har sett i Chile. Det blir spanande å høre på Frank Asche og resultata frå ”En kunnskapsbasert sjømatnæring” i neste innlegg.

Avslutning

Sjølv om havbruksnæringa står sterkt og er veldig gode på mange område, må næringa bli flinkare på miljøsida. Havbruksnæringa er avhengig av eit friskt og reint hav. Drifta må difor alltid vere tilpassa havmiljøet og det biologiske mangfaldet.

Miljømessig berekraftig havbruk er og en føresetnad for vidare kapasitetsvekst i næringa. Men, eg vil minne om at vekst betyr meir enn auka volum – det betyr også vekst i form av verdiskaping. Eg er overtydd om at eit godt samarbeid med mellom næringa, forskare og forvaltninga er ei viktig del av oppskrifta for suksess også i framtida. Og på dette punktet er vi allereie godt i gong!

Takk for merksamda.