Historisk arkiv

Tale i anledning Frigjøringsdagen og Veterandagen, 8. mai 2013.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Sjekkes mot fremføring.

 

Veteraner. Soldatar. Kjære alle saman.

Når krigen kom til Norge kom den hit til Narvik.  Nazistane trengte jernmalmen for å lage våpen. Våpen som skulle brukast for å ta fridomen frå land og folk, og tvinge dei under nazismens tyranni. Med angrepet på Narvik og senkinga av slagskipa Eidsvoll og Norge blei landet vårt påført dei første store norske tap.

Vi markerer dagen i dag med takksemd til dei som gav sine liv, og til alle dei som kjempa her I byen, i hamna, i fjella.  Ikkje berre for vår fridom. Kampane som blei kjempa i Narvik handla nettopp på grunn av jernmalmen om så mange andre sin fridom og sine liv. Vi takkar dei for alt dei gav.

Med dei mange som fall her, i hamna og i fjella fekk mange familiar ei grav i Narvik. Mange, både i vårt og andre land har derfor eit forhold til byen, og Narvik har forvalta sin historie godt. Vi skal derfor også takke byen, med sine veteranar og så mange andre, som minner oss på det offer som blei gitt for at vi i dag kan feire vår fridom. Slik at vi kan oppleve våren, slik kjensla av vår skal vere.

Familien min har ei hytte på fjellet i Sogn. Ei ganske lita og enkel fjellhytte reist av min oldefar og hans brødre i 1934. I hytteboka finner en på dagen 8. Mai 1945 ei heil side, sparsam med ord. Eit av dei er. Fridom.

På hytta lå oldefaren min, som var lensmann og motstandsmann i skjul. Ein av hans brødre blei torturert av nazistane. Ein kan berre forsøke å forstå kjenslene når desse orda vart skrivne ned. For desse, krigsseglarane, motstandsfolk, norske soldatar var trua på fridomen og kjærleiken til landet, sterkare enn frykta for å døy.

Når menn og kvinner på oppdrag frå Noreg stiller i internasjonale operasjoner blir det frå ulikt hald ofte framstilt som det er av eventyrlyst. Det kan nok hende at det er litt eventyrlyst. Mange drar ut med likevel ut med et sterkt ynskje om å kunne gjere ein forskjell til det betre

- for folk og land

- heime og ute

- ved å vere til stade.

Ansvaret som kviler på dei er tungt. Oppdraga dei står i krevjande. Heimafrå blir dei følgt med argusauge. Men det er vi som har sendt dei, og vi skal ta ansvaret for å gje dei den trening dei treng før dei dreg ut, den støtte dei treng når dei er ute, og den støtte og oppfølging dei treng når dei kjem heim.

Dei har stilt opp i internasjonale operasjonar for fridom og verdiar vi trur på. Dei har stilt opp når vi har bedt dei om det. Mange har gitt store offer, nokre det største av alle og vi minnast alle dei særleg. Norske soldatar har bidrege tryggleik, til beskyttelse mot overgrep og til utvikling av demokrati, som alternativ til tyranni og til vanstyre.

8. mai er ein gledes dag. Det er dagen vi markerar vår fridom. Samstundes er det ein dag for ettertanke og for takksemd. Slike kjensler føl ofte kvarandre. Takksemd og glede for den fridomen vi fekk og som vi har i Norge. Sakn og medkjensle over dei tap det kosta å forsvare den.  Vi har lært oss at fridom stundom må kjempast for, og at det er verdt å kjempe for.

Helst ynskjer vi fridom og fråvær frå våpen. Men historia fortel oss at menneskje ikkje berre er godt. At vi finn dei som vil ta frå andre. Som vil ta liv for eiga vinning. Vi har måtta reist oss mot slik makt. Vi ser dette i einskilde land i dag. Mange stader har og vil norske soldatar bidra for å skape fred og fridom.

Søren Kirkegaard har skreve: ”Skulle jeg ønske meg noe, ønsker jeg meg ikke rikdom, ære eller makt, men mulighetenes lidenskap. Det øye der evig ungt og evig brennende ser mulighetene”.

Også i år har det vore debatt om veterandagen og om det er riktig å delta i internasjonale. Operasjonar som i Afghanistan. Den debatten må vi tåle. Når vi snart skal markere grunnlovsdagen – 17. Mai – er det ein dag der vi markerer ein av dei fridomane vi har. Retten til å gje utrykk for vår meining, vere den vi er. Ytringsfridomen.

Når vi deltek i operasjonar for å sikre menneske i andre land fridom, er det også for at vi ynskjer at folk der skal kunne sei si meining utan å frykte for vold. Det er noko av det mest grunnleggande i eit demokrati. For meg som politikar startar det der. Fridom til å meine.

Vårt land har vist at sjølv når det vonde råkar, og sinnet kjem, så har vi ikkje latt hatet, vondskapen og sinnet overvinne. Historiene våre veteranar fortel vitnar om dette. Det er ein arv vi skal ta med oss og som vi takkar våre veteranar for. Slik gir vi ungdom moglegheiter, det startar der. Tru på endring til det betre. Tru på ei framtid. Det er også ein del av den fridomen vi markerer i dag – og ein del av takken vi rettar til våre veteranar.

Vi takkar dykk for framtidstru.