Lærer å meistre eigen sjukdom
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 10.09.2010
Ikkje alle sjukdommar lar seg behandle bort. Ved Kysthospitalet i Stavern legg ein stor vekt på at pasientane skal lære å meistre sine eigne lidingar.
Ikkje alle sjukdommar lar seg behandle bort. Ved Kysthospitalet i Stavern legg ein stor vekt på at pasientane skal lære å meistre sine eigne lidingar.
Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen hilser på pasient under besøket ved Kysthospitalet. Foto: Erik Berge, Østlands-Posten.
Denne veka besøkte helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen Kysthospitalet. Der fekk ho ei innføring i rehabilitering av muskel- og skjelettplager, som saman med psykiske lidingar er dei hyppigaste årsakene til langvarig sjukmelding. Det er ofte snakk om mange og sammensette plager. I over 80 prosent av tilfella er årsaka til lidinga ukjent.
Professor Aage Indahl ved Kysthospitalet fortalde om korleis Kysthospitalet arbeider med pasientar med uspesifikke muskel- og skjelettplager. Til grunn for dette arbeidet ligg ein filosofi om at kunnskap og forståing gir meir meistring, og med det lågare fråvær.
- Regjeringa er oppteken av å få folk attende i jobb og unngå lange sjukmeldingar. Vi må jobbe for at folk meistrar sjukdommen sin. Det kan vi best gjere ved å forske på kva slags behandlingsmetodar som gir best resultat. Det arbeidet som dei gjer ved Kysthospitalet er veldig viktig i den sammenhengen, seier Strøm-Erichsen.
Helse- og omsorgsministeren sitt besøk i Vestfold var eit ledd i regjeringa sitt prosjekt Samarbeid for arbeid.