Historisk arkiv

Regjeringa vil forby transfeitt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

WHO og norske helsemyndigheiter tilrår at inntaket av transfeitt vert begrensa mest mogleg. Regjeringa foreslår nå å forby transfeitt etter mønster frå Danmark.

WHO og norske helsemyndigheiter tilrår at inntaket av transfeitt vert begrensa mest mogleg. Regjeringa foreslår nå å forby transfeitt etter mønster frå Danmark.


- Vi veit at transfeitt aukar risikoen for hjarte- og karsjukdommar, høgt kolesterol og hjarteinfarkt. Dette er sjukdommar og risikofaktorar vi i større grad må førebyggje. Difor forbyr vi nå transfeitt, seier helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre.

WHO og norske helsemyndigheiter tilrår at inntaket av transfeitt vert begrensa mest mogleg. Danmark har dei seinare åra hatt eit forbod mot å ha meir enn 2 prosent industriframstilt transfeitt i feitt og olje. Forbodet i Norge vil vere etter mønster frå Danmark.

- Matbransjen har redusert mengda transfeitt i norsk mat betydeleg i løpet av dei 10 siste åra. Men innhaldet er fortsatt høgt i enkelte importerte matvarer. Det tek vi nå tak i, seier Støre.

Da regjeringa presenterte Folkehelsemeldingen. God Helse – felles ansvar i april i år, fekk Mattilsynet og Helsedirektoratet i oppdrag å førebu ei regulering av innhaldet av industriframstilte transfeittsyrer i matvarer. Dei leverte nyleg eit forslag til departementet og Mattilsynet sender nå forslaget på høyring.

Les høyringa her

  

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter