Historisk arkiv

Utgreiing om endringar i AS Vinmonopolet sitt salsnett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad har i dag motteke AS Vinmonopolet si utgreiing om mogelege endringar i utbyggingssystemet for AS Vinmonopolet sitt salsnett.

Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad har i dag motteke AS Vinmonopolet si utgreiing om mogelege endringar i utbyggingssystemet for AS Vinmonopolet sitt salsnett.

For å auke oppslutnaden om vinmonopolordninga, er det ønskjeleg at den geografiske tilkomsten til utsala ikkje varierer for mykje. Regjeringa bestemde derfor, i juni 2006, at det skulle setjast i gong eit arbeid med å sjå på kor vidt dei kommunane som ønskjer det, som hovudregel skal kunne få vinmonopolutsal. Helse- og omsorgsdepartementet bad styret i AS Vinmonopolet om å vurdere ulike løysingar, og det er denne utgreiinga som nå er overlevert.

- Monopolordninga er eit viktig alkoholpolitisk verkemiddel i arbeidet med å avgrense tilkomsten til alkohol. Det er ønskjeleg at arbeidet som nå er starta, vil føre til auka oppslutning om monopolordninga, seier helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad.

Alkoholpolitiske, økonomiske og juridiske konsekvensar av ei utbygging er vurderte. Det vert konkludert med at ein, dersom det opnast for etablering av filialar, vil vere mogeleg å etablere utsal i om lag 70 til 90 nye kommunar over ein periode på nokre år. Dette vil innebere at den delen av innbyggjarane som enten bur i ein kommune med utsal eller bur mindre enn 30 km frå eit utsal, vil auka frå 94 til 97 prosent. I tillegg vert det understreka at fjernhandel er eit viktig verkemiddel i å få best mogeleg dekning, samt at det vert foreslått å vurdere særlege tiltak for område med få utsal. 

Helse- og omsorgsdepartementet vil no vurdere AS Vinmonopolet si utgreiing og på den bakgrunn leggje til rette for endringar i utbygginga av salsnettet. Helse- og omsorgsministeren vil leggje endringane fram for Stortinget på eigna måte.

- Eg er glad for at AS Vinmonopolet har utgreidd dette grundig, og at eg kan byrje det politiske arbeidet med å førebu endringar. Det er viktig at vi no har fokus på å få så lik dekning på landsbasis som er mogeleg innanfor dei økonomiske føresetnadene, seier helse- og omsorgsministeren.