Historisk arkiv

Sikrar kreftpasientar rask behandling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Kreftpasientar skal sikrast rask diagnose og behandling gjennom fleire nye grep. – Det er ei stor påkjenning for desse pasientane å gå og vente. Dette grip me tak i no, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Kreftpasientar skal sikrast rask diagnose og behandling gjennom fleire nye grep. – Det er ei stor påkjenning for desse pasientane å gå og vente. Dette grip me tak i no, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Nye nasjonale retningslinjer som er under arbeid skal sikre rask diagnose og rask behandling ved kreft.  Helse- og omsorgsministeren har også bedt helseføretaka rapportere ventetider for kreftbehandling frå henvisning til start på behandlinga for brystkreft, lungekreft og kreft i tjukktarmen.

– Dette vil gi oss innsikt i om tilbodet er godt nok organisert når ein har mistanke om kreftsjukdom. Sjukehusa må bli flinkare til å samordne behandlinga for pasienten. Det skal ikkje vere slik at pasienten sjølv skal ta ansvaret for dette, seier Strøm-Erichsen.

Dei regionale helseføretaka har fått i oppdrag å organisere tilbodet til kreftpasientar på best mogeleg måte, mellom anna ved å samle den kirurgiske behandlinga på færre sjukehus. 

– Vi vil nå be Helsedirektoratet revidere dei nye nasjonale retningslinjene for kreftbehandling, slik at dei og omfatter maksimale ventetider, seier helse- og omsorgsministeren.

Det lever over 190 000 menneske i Noreg i dag som har eller har hatt kreft.

Omlag 26 000 personar får vite at dei har kreft kvart år.  Talet vil auke til rundt 30 000 i 2020. Den auka førekomsten av kreft skuldast særleg høgare levealder og at risikoen for å utvikle kreft aukar med alderen.

Helse- og omsorgsministeren var onsdag på besøk ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF i Tromsø. Der fekk ho ei orientering om arbeidet sjukehuset gjer på kreftområdet.

– Eg er imponert over arbeidet for kortare ventetider i kreftforløpet, og vil bruke dette i arbeidet vidare med dei nasjonale retningslinjene for kreftområdet, seier Strøm-Erichsen.

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter