Historisk arkiv

Forlenga driftskonsesjon for avfallslageret i Himdalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Institutt for energiteknikk (IFE) har i statsråd i dag fått forlenga konsesjonen for drift av kombinert lager og deponi for lav- og middelaktivt avfall (KLDRA) i Himdalen i Aurskog-Høland kommune.

Institutt for energiteknikk (IFE) har i statsråd i dag fått forlenga konsesjonen for drift av kombinert lager og deponi for lav- og middelaktivt avfall (KLDRA) i Himdalen i Aurskog-Høland kommune.

Stortinget vedtok 28. april 1994 at det skulle etablerast eit kombinert lager og deponi for lav- og middelaktivt avfall (KLDRA) og at anlegget skulle leggjast til Himdalen i Aurskog-Høland kommune. Avfallet stammar frå IFEs forskningsreaktorar i Halden og på Kjeller, og dessutan frå anna forsking, sjukehus og industri. IFE vart ved kongeleg resolusjon av 24. april 2008 tildelt konsesjon for drift av KLDRA for ein periode på 4 år, med høve for forlenging.

Statens strålevern tilrår forlenging, og har vurdert at dei tryggleiksmessige forholda ved vidare drift av KLDRA, er uforandra sidan førre konsesjonstildeling. Som nytt vilkår for konsesjonen er lagt inn at det skal gjennomførast revisjonar av sikkerhetsrapporten for anlegget kvart femte år. Konsesjonen er gjeve for ein minimumsperiode på 4 år, i påvente av at arbeidet med skiping av eit eige statleg selskap, eller konkurranseutsetjing av drifta, gjeras ferdig. Etter minimumsperioda vil konsesjonen framleis gjelde løpande, fram til ein ny konsesjonær er på plass. Konsesjonen utløper uansett seinast 30. april 2028.

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter