Historisk arkiv

Priv til red:

Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre lanserer Kreftstrategien og besøkjer Trondheim tysdag 4. juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Støre vil mellom anna lansere nasjonal kreftstrategi saman med Kreftforeinga, besøkje nye Vardesenteret og Pusterommet ved St. Olavs Hospital, Charlottenlund vgs og Brøset.

Støre har følgjande program for dagen:

10.00-12.00: Statsråden lanserer nasjonal kreftsstrategi saman med Kreftforeininga
Støre besøkjer det nye Vardesenteret og Pusterommet ved St. Olavs Hospital. Senteret er etablert i eit samarbeid mellom St. Olavs Hospital, Kreftforeininga og Aktiv mot kreft for å gi kreftramma og pårørande eit heilskapleg omsorgstilbod.

  • 10.00-10.15: Statsråden får sjå nokre av aktivitetane på senteret og treffe pasientar.
  • 10.15-11.00: Statsråden legg fram den nasjonale kreftstrategien for 2013-2017.
  • 11.00-11.15: Støre helsar på Partnerskap mot Kreft
  • 11.15-12.00: Støre møter tillitsvalde utan leiing og presse til stades.

Støre er tilgjengeleg for pressa etter lanseringa av Kreftstrategien.

Stad: Vardesenteret i Revmatismehuset, St. Olavs Hospital, Trondheim.

12.15-13.00: Støre besøkjer Charlottenlund vgs. Gjennom eit samarbeid mellom skulen, fylkeskommunen og Entreprenørforeningen - Bygg og Anlegg (EBA) får elevane i byggfag fleire ekstra gymtimar i veka. Målet er mindre fråfall i skulen og at elevane i framtida kan stå lengre i jobb. Helse- og omsorgsministeren held innlegg.

Støre er tilgjengeleg for pressa.

Stad: Charlottenlund vgs, Yrkesskoleveien 16, Trondheim

15.15-16.00: Støre besøkjer avdeling Brøset ved St. Olavs Hospital. Brøset har ei rekkje spesialiserte tenester til mellom anna psykisk helsevern, rettsvesen, fengsel, kriminalomsorg og habilitering til menneske med psykiske lidingar og/eller funksjonshemmingar.

Stad: Brøsetveien 100, Trondheim

Pressa er velkomen til å delta.

Statsråden har også fleire arrangement i regi av Arbeiderpartiet i løpet av dagen. Pressekontakt: Politisk rådgjevar Astrid Scharning Huitfeldt: 975 83 277

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter