Historisk arkiv

Helse- og omsorgsministeren besøkjer Sunnaas sjukehus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Helse- og omsorgsdepartementet

Priv til red

Måndag 15.04. besøkjer Jonas Gahr Støre Sunnaas sjukehus HF. Samhandling, brukarmedverknad og forsking er tema for besøket.

Måndag 15.04. besøkjer Jonas Gahr Støre Sunnaas sjukehus HF. Samhandling, brukarmedverknad og forsking er tema for besøket.

Stad: Sunnaas sjukehus, Bjørnemyrveien 11, 1450 Nesoddtangen
Tid: 09.00-10.30

Pressa er velkomen til å delta.

Program
09.00-09.50: Statsråden får vere med på eit dialogmøte mellom pasient, pårørande og eit tverrfagleg team. Slike dialogmøte er eit døme på korleis pasienten sjølv tek del i eigen rehabiliteringsprosess. Teamet skal bidra til ei god overføring til pasienten sin heimkommune.

Støre deltek på eit pasient-allmøte – som er eit etablert forum på Sunnaas sjukehus. Sidan dei fleste pasientane bur på sjukehuset over ein lengre periode, har dei jamlege allmøte.

09.50-10.10: Forskingsavdelinga presenterer aktuell forsking ved klinikken ved Sunnaas. Sunnaas er landets fremste miljø for rehabiliteringsforsking.

10.10-10.30: Statsråden får høyre om Sunnaas si rolle innan heile rehabiliteringsfeltet, som regional koordinerande eining. Støre får demonstrert korleis fagfolk ved Sunnaas samhandlar med fagfolk i kommunen over internett, før og etter at pasienten blir overført til heimkommunen.

Statsråden vil vere tilgjengeleg for pressa undervegs.

10.30: Avreise

Kontaktperson: Kommunikasjonsdirektør Liv Merete Wiker, tlf: 99 20 77 08

 

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter