Priv. til red
Helse- og omsorgsministeren besøkjer Trøndelag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Pressemelding | Dato: 29.08.2013
Fredag 30. august lanserer helse - og omsorgsminister Jonas Gahr Støre nasjonal kjernejournal, han besøkjer livsglede for eldre-seminar og Sykehuset Levanger.
Fredag 30. august lanserer helse - og omsorgsminister Jonas Gahr Støre nasjonal kjernejournal, han besøkjer livsglede for eldre-seminar og Sykehuset Levanger.
Program:
Kl 10.00-11.00: Statsråden lanserer piloten for nasjonal kjernejournal som skal gjennomførast i kommunane Trondheim, Klæbu og Melhus.
Adresse: Legevakta på St Olavs Hospital, Prinsesse Kristinas gt 3.
Kl 11.15-11.40: Støre held innlegg på seminaret ”Livsglede for eldre”.
Adresse: Erkebispegården, Kongsgårdsgt 1b.
Kl 12.00-12.50: Støre deltek på grillfest i regi av Livsglede for eldre. Innlegg av ordførar Rita Ottervik og fylkesmann Jørn Krogh. Helsing frå Støre.
Adresse: EC Dahls park, EC Dahlsgt 10.
Kl 14:45-16.30: Sykehuset Levanger.
Adresse: Kirkegata 2, Levanger.
Kl 14.50-15.10: Hjarteseksjonen. Støre får demonstrert bruk av eit handhaldt ultralydapparat. Sjukehuset er verdsleiande når det gjeld bruken av dette apparatet. Forsking ved sjukehuset syner at det sparar sjukehuset for både tid og pengar. Sjukehuset har også gode forskingsresultat når det gjeld oppgåvedeling. Sjukepleiarar kan gjere desse undersøkingane istaden for legane, som får tid til andre oppgåver.
Kl 15.10-15.40: Møte med tillitsvalde utan presse og leiing til stades.
Kl 15.40-16:10: Allmøte
Kl 16.10-16.30: Presse
Pressa er velkomen til å delta, og statsråden vil vere tilgjengeleg for kommentarar.