Priv til red
Helse- og omsorgsministeren besøkjer Sogndal og Førde
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Pressemelding | Dato: 08.02.2013
Måndag 11.02 besøkjer helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre Trudvang skule, Høgskulen i Sogndal og sjukehuset i Førde.
Måndag 11.02 besøkjer helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre Trudvang skule, Høgskulen i Sogndal og sjukehuset i Førde.
Tid: 10.20-11.30
Stad: Trudvang skule, Skulevegen 5, Sogndal
Trudvang skule er ein føregangsskule når det gjeld fysisk aktivitet. Skulen har utvikla modellen «Fysisk aktivitet i faga». Alle fag er redusert med fem prosent, for at elevane skal få minimum 30 minutt dagleg fysisk aktivitet. Aktiviteten er lærarstyrt, og med fagleg innhald (mattebingo, adjektivstafettar m.m).
Støre møter rektor Bjarte Ramstad og lærar Tom Wergeland som vil orientera om korleis skulen jobbar med fysisk aktivitet. Statsråden vil også følgje delar av ein skuletime. I tillegg vil førsteamanuensis Geir Kåre Resaland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane presentera forskinga si på fysisk aktivitet i skulen. Resaland har skrive doktorgrad om temaet. Han følgde elevar ved Trudvang skule som hadde 60 minutt fysisk aktivitet kvar dag, og samanlikna dei med elevar ved Førde skule som hadde kroppsøving etter læreplanen. Resultata viste at barna ved Trudvang skule hadde større framgang i fysisk form og mindre risiko for hjarte- og karsjukdom.
Tid: 12.00-12.45
Stad: Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fossvegen 6, Sogndal
Livsstilssjukdommar og ikkje-smittsomme sjukdommar aukar i heile verda. Mange av desse sjukdommane kan førebyggast. Jonas Gahr Støre held foredrag om folkehelse og førebygging for studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Etter foredraget vert det dialog med studentane.
Tid: 14.15-15.45
Stad: Svanehaugvegen 2, Førde
Jonas Gahr Støre besøkjer kreftavdelinga på Førde sjukehus. Etter besøket på avdelinga blir det allmøte på sjukehuset, der Støre held eit innlegg. Etter allmøte møter Støre tillitsvalde (lukka for media).
Media er velkomne til å delta og Støre er tilgjengeleg for kommentar undervegs.