Historisk arkiv

Spørsmål nr. 1073 til skriftleg besvaring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen svarer på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Jon Georg Dale om fødetilbodet på Nordfjordeid og i Volda.

Eg viser til brev datert 16. mars 2011 frå Stortingets president med følgjande spørsmål til skriftleg besvaring frå stortingsrepresentant Jon Georg Dale:

Spørsmål:
Kan statsråden bekrefte at fødetilbodet på Nordfjordeid vert oppretthalde som i dag, og kan statsråden vidare garantere at dette ikkje vil medføre ei svekking av fødetilbodet i Volda?

Grunngjeving:
I spørretimen den 16.02 bekrefta statsråden i debatt med underteikna at det var naturleg å samarbeide om fødetilbodet på tvers av helseforetaksgrensene, og slik sikre eit felles fødetilbod mellom sjukehuset på Nordfjordeid og i Volda. Den 16.03 melder likevel NRK Sogn og Fjordane at Senterpartiet har fått gjennomslag for å oppretthalde fødetilbodet på Nordfjordeid. Eg synes det er flott dersom regjeringa snur og dermed sikrar gode fødetilbod mange stader i landet, men fryktar at det nye signalet samstundes er eit signal om at sjukehuset i Volda får svekka fødetenester, som ein konsekvens av statsråden sine uttaler om felles fødetilbod. Eg bed statsråden snarast avklare kva som er regjeringa sin politikk på dette området.

Svar:
Ved behandlinga av stortingsmeldinga En gledelig begivenhet i 2009, ba eit einstemmig Storting regionale helseføretak om å utarbeide regionale planar for svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorg i samarbeid med aktuelle kommunar. Dei regionale helseføre¬taka har i haust sendt styrebehandla regionale planar til Helse- og omsorgsdepartementet der dei no vert vurderte. De godkjende planane skal vere ein del av grunnlaget for Nasjonal helse- og omsorgsplan.

Når det gjeld spørsmålet om samanslåing av fødeavdelingane ved Nordfjord og Volda sjukehus, har Helse Vest RHF i styremøte 1. desember 2019 vedteke å etablere ein felles fødeavdeling mellom Nordfjordeid og Volda, lokalisert i Volda. Samarbeidet inneber at Helse Vest RHF overfører to stillingsheimlar for gynekologar til Helse Midt-Norge RHF, og at desse vert lokaliserte ved Volda sjukehus. Helse Vest RHF sitt mål med sammenslåinga har vore å imøtekomme Helsedirektoratet sine kvalitetskrav og byggje eit større fagmiljø som vil bidra til auka rekruttering og eit styrkt fødetilbod i regionen.

Desse problemstillingane vil bli vurdert som ein del av gjennomgangen av de regionale fødeplanane.

Helsedepartementet gjør nå en grundig gjennomgang av dei regionale planane. Eg vil forsikre meg om at planane er i tråd med regjeringa si politikk og Stortinget sine føringar, og at dialogen med brukarane, tilsette sine representantar, aktuelle kommunar og lokale politikarar er gjennomført på ein tilfredsstillande måte.

Med vennlig hilsen
Anne-Grete Strøm-Erichsen