Historisk arkiv

Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Helse- og omsorgsdepartementet

Innlegg

Vi skal ha eit trygt og godt fødetilbod for alle som bur i landet. Når folk blir alvorleg sjuke skal dei få hjelp raskt. Dei med kroniske sjukdommar skal få behandling i nærmiljøet. Det er den viktigaste jobben for meg som helse- og omsorgsminister.

Lokalsjukehuset er midtpunktet i lokalmiljøet for mange. Derfor skaper det også stort engasjement blant folk. Det er der dei sjølv vart fødd, det er der blindtarmen blei fjerna, der bestemor fekk nagla lårhalsbrotet og der dei får hjelp når allmennlegen ikkje strekk til.

Regjeringa sin politikk er klar: Ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Det skal vere lokalsjukehus der det er lokalsjukehus i dag. I nokre tilfeller vil det bli bygd nye sjukehus for å erstatte fleire gamle som ligger i nærleiken, for eksempel i Østfold. Vi skal sørge for at det er trygge tenester, og samstundes at det er eit godt samarbeid mellom sjukehusa og helsetenestene som blir gitt i kommunane. Det er dette vi vil styrke gjennom samhandlingsreformen.

Vi skal derfor fortsetje arbeidet for ei betre arbeidsdeling mellom sjukehusa. Det betyr at enkelte sjukehus skal ha andre oppgåver enn i dag. I dag kan vi behandle sjukdommar vi måtte akseptere å leve med, eller som vi døydde av for berre eit par tiår sidan. Slik behandling krever spesialiserte fagfolk, avansert og dyrt utstyr og bygninger som er rusta for denne oppgåva. Samstundes vert fleire av oss ramma av sjukdommar knytta til livsstil, mange lever lenge med funksjonshemming og mange vert ramma av demens og sjukdommar som kjem med høg alder. Alle desse gruppene skal ha eit trygt helsetilbod i nærleiken av der dei bur.

Regjeringa står fast ved at akuttfunksjonar og fødetilbod skal vere nær der folk bur, sjølv om slike tilbod ikkje vert gitt ved alle sjukehus. Dei akuttmedisinske funksjonane må vere tilpassa lokale forhold. Det betyr at det kan variere kva slags tenester det enkelte sjukehus skal ha.

Det skal vere trygt å føde barn i Noreg. For å vere sikker på at tilbodet til gravide og fødande har høg kvalitet, skal dei regionale helseforetaka leggje fram planar for fødselsomsorga slik Stortinget har bedt om. Dei skal samarbeide med kommunane om slike planar. Eg kan forsikre om at det uansett ikkje er aktuelt å endre fødetilbodet nokon stad i landet før vi har fått ein slik heilskapleg oversikt.

Det viktigaste for meg og regjeringa er at pasientane får riktig behandling på riktig stad til riktig tid. Då må vi ha både lokalsjukehus, spesialiserte sjukehus og gode tenester i kommunane. Det er dette vi arbeider for. Eg kan forsikre om at eg føl nøye med på kva som skjer rundt om i landet, og eg vil gripe inn dersom det kjem forslag som er i strid med regjeringa sin politikk.