Historisk arkiv

Rapport om prosessuelle reglar for fengsling etter utlendingslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Kva er forholdet mellom straffeprosesslova og utlendingslova sine reglar om fengsling og andre tvangsmidlar? Dette er tema for ei ny utgreiing frå forskarar ved Universitetet i Bergen.

På oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet har professor Erling Johannes Husabø og postdoktor Annika Elisabet Suominen ved Universitetet i Bergen, skrive ei utreiing om forholdet mellom straffeprosesslova og utlendingslova sine reglar om fengsling og andre tvangsmidlar.

Last ned rapporten (pdf) 

Fengsling etter straffeprosesslova og utlendingslova har visse likskapstrekk. Det dreier seg i begge tilfelle om at politiet overfor enkeltindivid nyttar tvangsmidlar som prøvast av domstolen. Det er også viktige skilnader mellom de to regelsetta. Føremålet med bruk av varetekt etter straffeprosesslova er etterforsking og avklaring av straffbare forhold, medan bruk av fengsling etter utlendingslova skjer som ledd i utlendingskontrollen. Reglane i straffeprosesslova er ikkje nødvendigvis brukande eller treffande i utlendingssaker, då dei er utforma med tanke på ei straffesak mot ein sikta person.

Det utlendingsrettslige regelverket om fengsling synest i dag som ei blanding av forvaltningsprosess og straffeprosess, og den breie tilvisinga frå utlendingslova § 106 til straffeprosesslova sine reglar er ikkje lovteknisk heldig. Hovudmålet med FoU-oppdraget som no er fullført, var å avklare forholdet mellom utlendingslova og straffeprosesslova sine regler om fengsling, og å kome med forslag til forbetringstiltak.

Rapporten er no til handsaming i Justis- og beredskapsdepartementet.