Strengare kontroll med bombekjemikaliar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 137 – 2012 | Dato: 07.12.2012
Regjeringa vil ha strengare kontroll med privatpersonars tilgang til kjemikaliar. Justis- og beredskapsministaren vil derfor arbeide for å forby privatpersonars tilgang til fleire kjemikaliar som kan misbrukast til å lage bomber.
Regjeringa vil ha strengare kontroll med privatpersonars tilgang til kjemikaliar. Justis- og beredskapsministaren vil derfor arbeide for å forby privatpersonars tilgang til fleire kjemikaliar som kan misbrukast til å lage bomber.
– Samfunnets oppmerksemd og oversikt over bombekjemikaliar må styrkast. Det er nødvendig å sikre at kun personar som har eit legitimt behov for kjemikaliar, får tilgang til slike midlar, seier justis- og beredskapsminister Grete Faremo.
Etter oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet overleverte DSB rapportane «Vurdering av regulering og kontroll med tilgang til ammoniumnitrat» og «Forslag til regulering av bombekjemikalier» til departementet i juni og oktober 2012. Rapportane foreslår fleire tiltak som vil skjerpe kontrollen med import, produksjon, omsetning og sluttbruk - og gjera det vanskelegare å planlegge og gjennomføre terroranslag.
I rapportene presiserast det at forslaga til tiltak ikkje må vurderast enkeltvis, men under eitt. Det er summen av tiltak som vil gi auka samfunnsstryggleik.
Regjeringa er i utgangspunktet einige i dette, og har bestemt å arbeide vidare med alle forslaga i rapportane. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap vil få i oppdrag å lage ein oppfølgingsplan for organisering og framdrift i arbeidet med regulering og kontroll med bombekjemikaliar, i samarbeid med relevante myndigheiter.
Les rapportane her:
- Vurdering av regulering og kontroll med tilgang til ammoniumnitrat
- Forslag til regulering av bombekjemikalier