Historisk arkiv

Overgrep mot barn på internett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Seks tusen barn i alderen ni til seksten år har opplevd noko ubehageleg i møte med personar dei fyrste gong trefte på internett. I juni i fjor sette justisminister Knut Storberget ned ei arbeidsgruppe for å vurdere korleis ein kan hindre internettrelaterte overgrep. Arbeidsgruppa gir sine forslag til Justisministeren tysdag klokka 12.

Pressemelding

Nr.: 8 - 2007
Dato: 29.1.2007

Priv. til red.:

Overgrep mot barn på internett

Seks tusen barn i alderen ni til seksten år har opplevd noko ubehageleg i møte med personar dei fyrste gong trefte på internett. Det viser tal frå SAFT-prosjektet. I juni i fjor sette justisminister Knut Storberget ned ei arbeidsgruppe for å vurdere korleis ein kan hindre internettrelaterte overgrep. Arbeidsgruppa gir sine forslag til Justisministeren tysdag.

- Vi ønsker å stå for ei kulturendring der vi fokuserer på den skjulte kriminaliteten. Mange unge får grove SMS og e-poster på nett. Dette er ofte forstadiet til overgrep. Barn har krav på vern uansett korleis overgriparen kjem i kontakt med dei, seier justisminister Knut Storberget.

Arbeidsgruppa, som er leda av Grete Faremo, har samla og innhenta kunnskap om barns bruk av internett. Gruppa kjem også med tiltak som skal hindre internettrelaterte overgrep mot barn, blant anna etter erfaringar frå utlandet.

Sted: Bestum skole, Holgerslystvei 18, Oslo
Tid: Tysdag 30. januar klokka 12 – 13

Kontaktpersoner:
Justisdepartementet, informasjonsrådgjevar Tonje Torsgard 95 96 10 67
Faremo-utvalget, samfunnskontakt Henriette Grønn 930 84 989
Bestum skole, rektor Turid Mehlum, 24 12 49 00