Historisk arkiv

Ny avtale med FN sin Høgkommisær for flyktningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har inngått ein ny avtale om samarbeid med FN sin Høgkommisær for flyktningar (UNHCR).

  Direktør Amin Awad, UNHCR, og direktør Jon A. Lea, DSB, signerar ny samarbeidsavtale i Geneve 15. oktober 2009. Foto: UNHCR.

Direktør Amin Awad, UNHCR, og direktør Jon A. Lea, DSB, signerar ny samarbeidsavtale i Geneve 15. oktober 2009. Foto: UNHCR.

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har inngått ei ny avtale om samarbeid med FN sin Høgkommisær for flyktningar (UNHCR).

DSB har sidan 2001 hatt ei avtale om samarbeid med UNHCR for bruk av DSB sine internasjonale operative ressursar ved humanitære katastrofar, med vekt på teltleirkonseptet frå Norwegian Support Team (NST). 

Dei siste åra har det vakse fram eit behov for å gå gjennom samarbeidet med tanke på ei ny og meir dekkjande avtale, som også kan skipe grunnlag for ytterlegare samarbeid mellom dei to organisasjonane. Det var ei slik ny og oppdatert avtale direktør DSB-direktør Jon Lea nyleg signerte med Amin Awad, direktør for Emergency, Security og Supply i UNHCR.

DSB og UNHCR vil i tida framover arbeide med å utvikle nye plattformer for samarbeid, til dømes bruk av nye og mindre einingar som lettare kan setjast inn i humanitært arbeid enn det store leirkonseptet frå Norwegian Support Team.

Les meir på nettsidene til DSB og UNCHR.