Historisk arkiv

Auka løyving til frivillege i redningstenesta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

– Samfunnet er heilt avhengig av frivillig redningsinnsats. Vi må bevare vilja til slik frivillig innsats. Derfor foreslår regjeringa å doble den samla løyvinga til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta frå 6 til om lag 12 millionar kroner, seier justisminister Knut Storberget.

Redningsaksjon på sjøen. Foto: RSRKM– Samfunnet er heilt avhengig av frivillig redningsinnsats. Vi må bevare vilja til slik frivillig innsats. Derfor foreslår regjeringa å doble den samla løyvinga til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta frå 6 til om lag 12 millionar kroner, seier justisminister Knut Storberget.

Redningstenesta i Noreg er organisert som eit samvirke mellom ei rekke offentlege etatar, private og frivillige organisasjonar. Den frivillige innsatsen er særs viktig for redningstenesta, og i tråd med Soria Moria-erklæringa foreslår Regjeringa å auke løyvinga til dette føremål.