Kortare tid for rettferdsvederlag (billighetserstatning)
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Justis- og politidepartementet
Pressemelding | Nr: 110-2007 | Dato: 07.11.2007
For å korte sakstida for søknad om rettferdsvederlag foreslår Regjeringa å auke løyvinga til Justissekretariata med 10,1 millionar. I tillegg foreslås eit nytt Rettferdsvederlagsutval slik at avgjerdene kan takast raskare. Det er Stortinget som avgjer dette.
– Regjeringa er opptatt av at søkjarane ikkje skal måtte vente urimeleg lenge på ei avgjerd, seier justisminister Knut Storberget. Med denne ekstra løyvinga reknar vi med å nå målet om ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på maksimalt 12-14 månader.
Rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga ordning der enkeltpersonar som har kome særleg uheldig ut, kan søkje om ein skjønsmessig kompensasjon. Som følgje av utviding og tilpassing av ordninga dei seinare åra har både talet på søknader og saksbehandlingstida auka.
Det enkelte departement har i lengre tid arbeidd for at saksbehandlingstida i fagetatane skal bli så kort som mogeleg. Det er her største del av saksbehandlinga skjer. Dei ulike fagetatane som førebur sakene, har det seinare åra fått tilført monalege ressursar frå vedkommande departement. Auken til Justissekretariata kjem i tillegg til dette.
Justissekretariata er sekretariat for Stortingets Rettferdsvederlagsutval. Dei koordinerer saker som er behandla i dei ulike fagetatane og førebur også nokre sakar i førstehand. Deretter gjev dei si innstilling til utvalet, som fattar vedtak. For tida er det to utval. Justisdepartementet meiner det er behov for å opprette enda eit midlertidig rettferdsvederlagsutval, og det er i forslaget lagt inn midlar til dette. Det er opp til Stortinget å opprette eit slikt utval.