Dobla erstatning til valdsoffer
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Justis- og politidepartementet
Pressemelding | Nr: 124 - 2008 | Dato: 14.11.2008
Ved endringane i voldsoffererstatningslova som tok til å gjelde frå 1. januar 2008, fekk fleire rett til valdsoffererstatning. Regjeringa foreslår no ytterlegare endringar i lova slik at valdsutsette kan få meir erstatning. – Med dette blir det gjort eit kraftig løft for dei valdsutsette, seier justisminister Knut Storberget.
Ved endringane i voldsoffererstatningslova som tok til å gjelde frå 1. januar 2008, fekk fleire rett til valdsoffererstatning. Regjeringa foreslår no ytterlegare endringar i lova slik at valdsutsette kan få meir erstatning. – Med dette blir det gjort eit kraftig løft for dei valdsutsette, seier justisminister Knut Storberget.
Justisdepartementet legg i dag fram forslag om å doble den øvre grensa for utbetaling etter voldsoffererstatningslova frå 20 gonger grunnbeløpet i folketrygda til 40 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Endringane vil gjelde for dei tilfelle der det blir søkt om valdsoffererstatning på grunn av straffbare handlingar som skjer etter at lovendringane tar til å gjelde. Forslaget vil betre situasjonen både for dei valdsutsette og for dei etterlatne der erstatningsutbetalinga blir delt mellom fleire.
– Eit liv let seg aldri erstatte med pengar. Tapt helse og generelle tap vil ikkje kunne reparerast fullt ut. Valdsoffererstatninga vil likevel kunne medverke til at dei valdsutsette eller deira pårørande ikkje får økonomiske bekymringar i tillegg, seier Storberget.
Les lovforslaget her.
Kontaktperson: Underdirektør Brita Mellin-Olsen, telefon 22 24 54 54
Eksempler på regjeringa sitt arbeid for valdsoffer:
- Styrking av ofra si stilling i straffesaker
- Utvida rett til valdsoffererstatning
- Barnehus i alle helseregionar i løpet av året
- Skjerpa straff for familievald
- Familievaldskoordinatorer i full stilling i alle politidistrikt
- Egne team for etterforsking av vald og seksuelle overgrep
- Landsdekkande behandlingstilbod til valdsutøvare
- Pilotprosjekt med omvendt valdsalarm/elektronisk merking
- Betre mobile valdsalarmer
- Gratis støttetelefon
- Økt bruk av DNA-register for å oppklare fleire saker
- Ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar
- Eiga straffebod om vald i nære relasjonar
- Valds- og valdtektsmottak i kvart fylke
- Neste år etablerast fire stillingar ved Kripos for å starte oppfølginga av valdtektsutvalget sitt forslag om ein ny landsdekkande spesialeining (SEPOL)
- Betre vern av barn på internett
- Politistasjon på nett
- Styrking av Interpols biletdatabase for misbrukte barn.
- Forsterka innsats mot hatkriminalitet
- Handlingsplan mot menneskehandel
- Handlingsplan mot kjønnslemlesting
- Vidareutvikle Rådgjevingskontora for kriminalitetsofre
- Styrking og vidare utvikling av konfliktrådsordninga
Les meir om regjeringa sitt arbeid mot vold i nære relasjonar.