Historisk arkiv

Framlegg om kraftig reduksjon i inkassosatsane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Justisdepartementet sender på høyring eit forslag om å redusere skyldnarane sitt ansvar for inkassokostnader. - Dette er eit ledd i regjeringa sin kamp mot fattigdom i Noreg, seier justisminister Knut Storberget.

- Ein reduksjon i inkassosatsane kan lette skyldnarane si stilling og stimulere kredittytarane til å gjennomføre forsvarlege kredittvurderingar, seier justisminister Storberget.

Framlegget går ut på at maksimalsatsane for skyldnarane sitt ansvar for inkassokostnader blir reduserte med mellom 20 og 50 prosent, avhengig av storleiken på det kravet som blir drive inn. Det blir også gjort framlegg om at det skal ta 14 dagar lengre tid før ein kan nytte den høgaste maksimalsatsen som gjeld for kravet. Vidare blir det i høyringsnotatet reist spørsmål om kravshavarane bør dekkje delar av kostnadene ved utanrettsleg inkasso.

Bakgrunnen for framlegga er at dei norske maksimalsatsane ved inkasso ligg på eit høgt nivå samanlikna med nivået i andre land. Dei høge satsane kan vere med på å forsterke gjeldsproblem, samtidig som inkassoforetaka får ei forteneste som ikkje står i eit rimeleg høve til arbeidet med kvar einskild sak.