Historisk arkiv

Priv. til red.

Justisministeren patruljerer i Oslo sentrum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Justisminister Knut Storberget skal i morgon, 17. juni, patruljere Oslo sentrum. Det har den seinare tida vorte interesse for kva utfordringar hovudstaden står ovanfor. Justisministaren skal no sjølv ta desse i syne saman med nyutdanna politifolk i Oslo.

Justisminister Knut Storberget skal i morgon, 17. juni, patruljere Oslo sentrum.

Det har den seinare tida vorte interesse for kva utfordringar hovudstaden står ovanfor. Justisministaren skal no sjølv ta desse i syne saman med nyutdanna politifolk i Oslo.

Det vert no utdanna rekordmange politifolk i Noreg, og dei vil få ei viktig rolle i det førebyggjande arbeidet for å sikre ein trygg kvardag.

Besøket startar på Stovner politistasjon, før Storberget saman med politidirektør Ingelin Killengreen, politimeister Anstein Gjengedal og nyutdanna politifolk skal patruljere Karl Johans gate.

Tid og stad:

Kl 1200 - 1245 Stovner politistasjon

  • Velkommen v/politimeister Anstein Gjengedal
  • Orientering om førebyggjande politiarbeid og vald i nære relasjonar

Kl 1245 - 1300

  • Justisministeren helsar på dei nyutdanna som starta ved Stovner politistasjon måndag 16. juni

Kl 1315 - 1400 Oppstart på Egertorget

  • Patruljering på Karl Johan saman med politidirektør Killengren, politimeister Gjengedal og nyutdanna polititenestefolk.

Kontaktperson: Trond Øvstedal, tlf. 22 24 51 18 / 97 52 95 56.