Styrka forbrukarvern i byggjesaker
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Justis- og politidepartementet
Pressemelding | Nr: 115 - 2008 | Dato: 27.10.2008
Regjeringa sender på høyring eit framlegg om å skjerpe garantireglane i bustadoppføringslova. Framlegget skal betre stillinga til forbrukarar som får oppført ny bustad. Samstundes gjer Regjeringa framlegg om å avklare kva slags lovreglar som gjeld for avtalar om vidaresal av bustader i bustadprosjekt.
Det nye framlegget til Regjeringa skal betre stillinga til forbrukarar som får oppført ny bustad. |
Regjeringa sender på høyring eit framlegg om å skjerpe garantireglane i bustadoppføringslova. Framlegget skal betre stillinga til forbrukarar som får oppført ny bustad. Samstundes gjer Regjeringa framlegg om å avklare kva slags lovreglar som gjeld for avtalar om vidaresal av bustader i bustadprosjekt.
– Begge framlegga er viktige for å gi bustadkjøparane eit godt vern i fall entreprenøren ikkje oppfyller kontrakten. Kjøp av ny bustad er ei stor investering for folk flest, difor må lovreglane tryggje stillinga til forbrukarane i slike situasjonar, seier justisminister Knut Storberget.
Etter bustadoppføringslova § 12 skal entreprenøren stille garanti for oppfyllinga av avtalen. Regjeringa gjer framlegg om å utvide storleiken på garantiane og å forlengje garantitida.
Når det gjeld avtalar om oppføring av ny bustad utan overføring av grunnen, gjer Regjeringa framlegg om at storleiken på garantien skal auke frå fem til ti prosent av vederlaget for krav som blir gjorde gjeldande i samband med overtakinga av bygget. Når det gjeld avtalar som også omfattar grunnen til bygget, blir det gjort framlegg om å auke garantisummen frå to til tre prosent av vederlaget for krav som blir gjorde gjeldande før overtakinga av bygget. For krav som blir gjorde gjeldande etter overtakinga, går framlegget ut på å endre garantisummane frå tre til fem prosent anten avtalen omfattar grunnen eller ikkje.
Regjeringa gjer framlegg om å utvide garantitida frå to til fem år etter overtakinga av bustaden. Dermed vil garantiperioden falle saman med den absolutte reklamasjonsfristen i lova.
I tillegg gjer Regjeringa framlegg om å avklare kva lovreglar som gjeld for avtalar om vidaresal av bustader i bustadprosjekt før ferdigstilling. Etter gjeldande rett er det noko uvisst kva lover som regulerer desse avtalane. Regjeringa gjer framlegg om å endre avhendingslova og bustadoppføringslova slik at det klart går fram at vidaresalskontraktar fell innanfor verkeområdet til desse lovene.
Kontaktperson: Lovrådgivar Tore Fjørtoft, tlf. 22 24 53 88