Utvida åremål for leiar av kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Justis- og politidepartementet
Pressemelding | Nr: 80 - 2008 | Dato: 22.08.2008
Janne Kristiansen (56) fekk i statsråd i dag utvida sitt åremål som leiar av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, med to år.
Janne Kristiansen (56) fekk i statsråd i dag utvida sitt åremål som leiar av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, med to år.
Advokat Janne Kristiansen vart oppnemnd som leiar av kommisjonen ved etableringa av denne. Oppnemninga gjaldt den gongen for ein periode på 5 år utan moglegheit til ny oppnemning, frå 1. september 2003 til og med 31. august 2008.
For å oppretthalde kontinuitet og kompetanse i kommisjonen vedtok Stortinget ved lov av desember 2007 nr. 127, at funksjonstida til leiaren av kommisjonen nå vil vere 7 år utan moglegheit til ny oppnemning. Denne lovendringa inneber at tenestetida til leiar for Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, Janne Kristiansen, er utvida til og med 31. august 2010.
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker er eit uavhengig organ som skal ta stilling til om ein domfelt med ein rettskraftig dom skal få ny behandling av sin sak i retten. Kommisjonen er samansett av fem faste medlem inkludert leiar, og tre varamedlem som tiltrer ved forfall, jf. straffeprosessloven § 395.