Kjønnslemlesting: Overgriparar skal ikkje sleppe unna
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Justis- og politidepartementet
Pressemelding | Nr: 62 - 2009 | Dato: 08.05.2009
Regjeringa gjer framlegg om å endre reglane i straffelova om forelding i saker om kjønnslemlesting. – Framlegget skal sikre at ofra for slike alvorlege brotsverk får tilstrekkeleg med tid til å melde frå om handlinga, seier justisminister Knut Storberget.
Framlegget inneber at foreldingsfristen for kjønnslemlesting skal reknast frå den dagen fornærma fyller 18 år. I dag vert fristen rekna frå den dagen det straffbare forholdet stansar. Regjeringa meiner at det er naudsynt å endre foreldingsreglane for å sikre at straffebodet vert handheva.
Kjønnslemlesting rammar gjerne svært unge jenter. Dei vaksne som normalt er nærast til å vareta barnet sine interesser, vil ofte vere involvert i overgrepet. Det kan ta mange år før barnet sjølv innser kva det har blitt utsett for. Da kan handlinga vere straffri på grunn av forelding, spesielt dersom kjønnslemlestinga fann stad da barnet var svært lite.
– Potensielle overgriparar skal ikkje kunne spekulere i at lovbrotet er forelda når barnet blir gammalt nok til å melde frå om det, seier Storberget.
Det straffbare forholdet vil vere forelda fem eller ti år etter at offeret fyller 18, avhengig av kor grovt overgrepet er.
Framlegget følgjer opp regjeringa sin handlingsplan mot kjønnslemlesting 2008–2011.