Ny høyring: Kommunane skal få ilegga gebyr mot forsøpling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Justis- og politidepartementet
Pressemelding | Nr: 130-2009 | Dato: 31.08.2009
Justisdepartementet sender på høyring forslag til endring i politilova. Føremålet med endringa er å kunne gi kommunane heimel for å arbeide aktivt mot forsøpling av offentlege uterom.
Oslo, Bergen og Trondheim kommune har dei siste åra gjennomført ei forsøksordning med kommunal handheving av dei lokale politivedtektene, knytt til reinhald og vintervedlikehald av fortau. Ordninga inneber at kommunane kan ilegga gebyr for forsøpling. Kommunane har evaluert ordninga og ønskjer å gjere ho permanent.
Det vert føreslått å leggje til eit nytt tredje ledd i politilova § 14 som lyder: ”Kommunale vedtekter som nevnt i første ledd nr. 1 og nr. 2 kan i tillegg håndheves av kommunen, eller personer utpekt av kommunen. Dette gjelder likevel ikke opprettholdelse av ro og orden. Ved overtredelse av de kommunale vedtektene som nevnt overfor kan kommunen, eller dets utpekte, ilegge gebyrer. Nærmere retningslinjer om ordningen fastsettes av kommunen og godkjennes av departementet eller den instans departementet fastsetter.”
Det vert understreka at den føreslåtte endringa ikkje inneber at dei kommunalt utpeika får utferda politimynde. Det er berre føreslått at dei kommunalt utpeika personane kan handheve visse føresegner i politivedtektene om reinhald på offentleg stad og vintervedlikehald av fortau. Dette inneber ikkje at politiet vert fråteke sin kompetanse til sjølv å handheve denne delen av politivedtektene.
Departementet tek sikte å kunne sette ordninga i kraft 1. januar 2010 eller så raskt som mogleg etter Stortingsbehandlinga dersom denne ikkje førelegg til nyttår.