Etterforskingsplikt ved plutseleg barnedød gjeld frå 1. juli
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Justis- og politidepartementet
Pressemelding | Nr: 60 - 2011 | Dato: 30.06.2011
Regjeringa sitt framlegg om å innføre etterforskingsplikt for politiet og påtalemakta i tilfella der barn under 18 år døyr plutseleg og uventa tek til å gjelde frå i morgon. Etterforskingsplikta skal skje utan omsyn til om det ligg føre mistanke om straffbart forhold.
Regjeringa sitt framlegg om å innføre etterforskingsplikt for politiet og påtalemakta i tilfella der barn under 18 år døyr plutseleg og uventa tek til å gjelde frå i morgon – 1. juli. Etterforskingsplikta skal skje utan omsyn til om det ligg føre mistanke om straffbart forhold.
– Når dette no tek til å gjelde frå 1. juli vil det styrkje rettstryggleiken til barn og er eit ledd i regjeringa sitt arbeid for å avdekkje vald og overgrep mot barn, seier justisminister Knut Storberget.
Regjeringa vil ta inn ei føresegn i straffeprosesslova som gir politiet rett til å etterforske alle saker der barn under 18 år døyr plutseleg og uventa. Føresegna skal supplerast av ein regel i påtaleinstruksen som legg ei plikt på politiet til å etterforske slike tilfelle.
Dersom det openbert ikkje ligg føre straffbare forhold, gjeld ikkje plikta. Det kan til dømes vere tilfelle der barn døyr på sjukehus eller i institusjon etter lang tids sjukdom utan tilknyting til straffbart forhold.
I dag er det slik at politiet berre innleier etterforsking i saker der det er rimeleg grunn til å undersøkje om det ligg føre straffbare forhold. Når barn døyr plutseleg og uventa, skal politiet etter framlegget etterforske utan omsyn til om det ligg føre slik mistanke.
– Dette framlegget er eit viktig bidrag til å oppfylle forpliktinga i Soria Moria-erklæringa om å styrkje innsatsen mot vald i nære relasjonar, seier Storberget.