Historisk arkiv

Innlegg i Dag og Tid 19. mars 2010

Vi tilset og utdannar fleire politifolk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Dag og Tid skriv på leiarplass 5. mars at "Justisdepartementet må syta for at intensjonane i statsbudsjettet vert fylgde opp". Naturlegvis gjer departementet det, skriv justisministeren.

Dag og Tid skriv på leiarplass 5. mars at "Justisdepartementet må syta for at intensjonane i statsbudsjettet vert fylgde opp". Naturlegvis gjer departementet det.

Det er ikkje riktig at politidistrikta er bedt om å redusere bemanninga. I år har politiet fått 1,3 milliardar kroner meir enn i fjor, 1,2 milliardar utan pris- og lønnsauke. Politidistrikta får tildelt ei rammeløyving som skal dekke alle kostnadane ved drifta av politidistriktet. I år er denne løyvinga større enn nokon gong, det er snakk om ei prosentvis auke på 9,3 prosent. Politidistrikta må tilpasse bemanninga til budsjettet. Dette inneber at politidistrikt som eit år får auka utgifter, til dømes til husleige, må finne dekning for ei slik auke ved å redusere utgiftene på andre områder. Det er opp til den enkelte politimeister å bestemme korleis pengane skal nyttast, og kva som skal prioriterast frå år til år.

Dag og Tid meiner at vi treng fleire politifolk. Det meiner regjeringa òg. Difor vert det no utdanna rekordmange nye politifolk ved Politihøgskolen, i tråd med behova som vert identifisert i rapporten "Politiet mot 2020" frå Politidirektoratet. I tillegg fekk regjeringa i 2009 på plass 460 nye sivile stillingar i politiet, noko som frigjorde politiutdanna personell til å ta seg av politioppgåver. Nye arbeidstidsbestemmingar i politiet frigjorde om lag 230 politiårsverk. Med andre ord er det ikkje tvil om at regjeringa satsar kraftig på fleire stillingar i politiet.

Diskusjonen om politiet kan ikkje berre handle om ressursar, den må òg handle om korleis ressursane vert nytta. Difor vil regjeringa i den komande fireårsperioden gjennomføre eit arbeid for å få meir politikraft ut av dei tilgjengelege ressursane. Arbeidet vil byggje på ein analyse av drifta av politi- og lensmannsetaten. Eg vil leggje fram ramma for dette arbeidet for Stortinget før sommaren.

Dag og Tid skriv at det ikkje er noko i samfunnsutviklinga som tilseier at talet på politi skal ned. "Tvert imot," legg avisa til. Difor vil eg gjerne minne om at kriminalstatistikken viser at talet på melde lovbrot har sunke frå om lag 425 000 i 2000 til om lag 398 000 i 2009.