Historisk arkiv

Gode erfaringar frå tjuvstart med Kunnskapsløftet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Læreplanreforma Kunnskapsløftet blir innført frå og med skuleåret 2006-2007, men grunnskular over heile landet har alt prøvd ut dei nye læreplanane. Ei kartlegging blant 202 skular som starta opp med Kunnskapsløftet hausten 2005, syner at reforma har vorte godt motteke.

Gode erfaringar frå tjuvstart med Kunnskapsløftet

Læreplanreforma Kunnskapsløftet blir innført frå og med skuleåret 2006-2007, men grunnskular over heile landet har alt prøvd ut dei nye læreplanane. Ei kartlegging blant 202 skular som starta opp med Kunnskapsløftet hausten 2005, syner at reforma har vorte godt motteke.

- Eit av måla for Kunnskapsløftet er å medverke til auka læring. Resultata frå denne kartlegginga syner at vi er på rett veg – kommunane og rektorane meiner at dei nye læreplanane har heva dei faglege krava som blir sette til elevane. Vi ser også at kompetanseheving blant lærarane er heilt nødvendig for at reforma skal lykkast, seier kunnskapsminister Øystein Djupedal.

Kompetanseløftet i grunnopplæringa held fram til 2008. I 2006 blir det brukt 375 millionar statlege kroner på kompetanseheving blant lærarar og rektorar. Fleire lærarar opplever at kursopplegga har størst verdi når dei er knytte direkte til skulen deira.

Lærarane meiner reforma gjev større fridom og fleksibilitet i undervisninga, og seier dei meistrar utfordingane i dei nye læreplanane.

- Mange skular ønskte å prøve ut 2. framandspråk. Kartlegginga syner at dette har vorte eit populært fag, men at svake elever slit. Eg er nøgd med at regjeringa valde å gjere det mogleg for elevane å fordjupe seg i norsk, samisk eller engelsk framfor å gå laus på eit nytt språk frå 8. trinn. Alle som ønskjer det, får høve til å velje eit andre framandspråk, understrekar kunnskapsminister Øystein Djupedal.

Kartlegginga syner at foreldra er informerte om at reforma startar i haust, men at dei i liten grad har vore med i førebuinga og planlegginga. Eit sentralt mål i Kunnskapsløftet er å styrkje samarbeidet mellom skule og heim. Foreldra skal ha eit medansvar og må involverast i iverksetjinga av reforma ved den enkelte skulen.

Rapporten "Tidleg oppstart med nye læreplanar. Kartlegging av erfaringar med førebuing og iverksetjing" og liste over skuler med tidleg oppstart finn du på nettstaden til Udanningsdirektoratet.

VEDLEGG