Historisk arkiv

Inga endring i lærartettleiken - ikkje godt nok

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- Når kommunane no vedtek budsjetta sine for neste år, må dei prioritere skulen høgare, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Dei førebelse tala frå Informasjonssystemet for grunnskulen (GSI) viser små endringar i talet på elevar per lærar i grunnskulen, den såkalla lærartettleiken.

- Læraren er den viktigaste vaksenpersonen i skulen fordi ho eller han skal gi barna viktig og nødvendig kunnskap. Derfor er det ikkje godt nok når tala viser så små endringar. Når kommunane har hatt ein reell inntektsvekst på 21 milliardar kroner frå 2005 til 2008, hadde eg forventa færre elevar per lærar. Når kommunane no vedtek budsjetta sine for neste år, må dei prioritere skulen høgare, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Dersom ein ser på gruppestorleik der ressursar til spesialundervisning er inkluderte, går landssnittet i grunnskulen (1.-10. steg) ned frå 14,01 elevar per lærar i siste skuleåret til 13,75 i inneverande skuleår. Dersom ein tek ut spesialundervisninga, har tilsvarande landssnitt auka frå 16,9 til 17,06 elevar per lærar.

Berre for første steget har den gjennomsnittlege gruppestorleiken, inkludert spesialundervisninga, gått ned frå 12,79 til 12,0 elevar per lærar.

Talet på elevar per kontaktlærar har gått ned på landsbasis. I 2005/2006 var gjennomsnittet 15,47, i fjor var det 15,39 og for inneverande skuleår er snittet 15,26 elevar per kontaktlærar. I Soria Moria-erklæringa har regjeringa eit mål om at det ikkje skal vere meir enn 15 elevar per kontaktlærar. Sju av ti kommunar har i snitt færre enn 15 elevar per kontaktlærar i skulane sine.

 

Les meir på nettsidene til Statistisk sentralbyrå

Les meir på nettsidene til Utdanningsdirektoratet