Historisk arkiv

Ein skule for framtida

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell er ikkje nøgd med resultata for norsk skule i dei nasjonale prøvene og i undersøkingane frå PIRLS og PISA. No inviterer han alle til å vere med i debatten om korleis norsk skule skal bli betre.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell er ikkje nøgd med resultata for norsk skule i dei nasjonale prøvene og i undersøkingane frå PIRLS og PISA.

No inviterer han alle til å vere med i debatten om korleis norsk skule skal bli betre.

Statsminister Jens Stoltenberg varslet også i sin nyttårstale at regjeringen i løpet av 2008 vil møte foreldre og skolefolk til samtaler om kvaliteten i skolen.

Kunnskapsministeren trekkjer fram tre område som er viktige for at alle skal lære seg å lese og  rekne:

- For det første må vi satse på lærarane. Vi må ha gode lærarar som har ansvar for læringa til elevane. ”Ansvar for eiga læring” held ikkje som motto for dei yngste elevane eller for dei svakaste. Det må ikkje vere tvil om at det er læraren som har ansvar for opplæringa. Det inneber at vi må ha betre lærarutdanning, og at lærarane må få meir påfyll i form av etter- og vidareutdanning.

- For det andre må elevane dei første åra få fleire timar enn no med god undervisning i grunnleggjande dugleikar som lesing og rekning. Vi må satse på leseopplæring i skulen og på språkstimulering før skulealder.

- For det tredje må vi hugse at foreldra har ei viktig rolle. Skulen og læraren har ansvar for at elevane lærer. Skulen må hjelpe foreldra til korleis dei kan følgje opp barna sine.

- Samstundes veit vi at ei rekke andre spørsmål er viktige, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Regjeringa skal våren 2008 leggje fram ei stortingsmelding om kvalitet i opplæringa.

Korleis meiner du norsk skule kan bli betre? 

(Debattsida er ikkje lenger aktiv. Du kan kontakte Kunnskapsdepartementet på vanleg måte. Kontaktinformasjon finn du her.